(10.11.2004) No kan du sjølv søkje etter registrerte alternative behandlarar i Brønnøysundregistra. Her finn du ei oversikt over ulike behandlingsformer, kvar i landet dei registrerte utøvarane finst og kva utøvarorganisasjonar dei einskilde er tilknytte.
Dette frivillige registeret skal vere med på å vareta pasientvern og forbrukarrettar for den som oppsøkjer ein registrert alternativ behandlar.
Eiga søkjeliste
Har du behov for akupunktur, fotsoneterapi eller aromamassasje, kan du undersøkje i registeret for utøvarar av alternativ behandling om behandlaren er registrert eller ikkje. Det kan vere ein tryggleiksfaktor.
– Formålet med registreringa er å skilje mellom dei seriøse og useriøse alternative behandlarane. Samtidig håper eg at det ikkje blir eit stort skilje mellom dei som vel å registrere seg eller ikkje. Det kan vere mange årsaker til at utøvarar vel å ikkje registrere seg, og dei kan vere fullt ut like seriøse, seier avdelingsdirektør i Helsedepartementet, Elisabeth Salvesen.
Frivillig register
Registeret er frivillig og det finst dermed ingen krav om at den einskilde utøvaren må registrere seg for å praktisere alternativ behandling.
–
Å vere registrert som alternativ behandlar inneber ikkje ei offentleg godkjenning av slike verksemder, påpeiker avdelingsdirektør Eirik Kristiansen ved Brønnøysundregistra.
–
Registreringa inneber at forbrukarane kan vere tryggje på at utøvaren er medlem av ein godkjend utøvarorganisasjon, at dei er forsikra og at dei har ei verksemd registrert i Einingsregisteret.
Kva utøvarar kan registrere seg?
Den einskilde utøvar må ha ein fagleg bakgrunn som er i samsvar med dei krava som den einskilde utøvarorganisasjonen stiller. Etter søknad kan Sosial- og helsedirektoratet godkjenne utøvarorganisasjonar for registrering. Utøvaren forpliktar seg dermed til å drive forsvarleg verksemd. Elisabeth Salvesen i Helsedepartementet trur at denne ordninga skal gi auka seriøsitet og forretningsmessig ordna forhold.
Sjå søkjeliste
|