Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Oppgåveregisteret - eit middel mot offentleg skjemavelde

Bokmål

Enklare for bedrifter og styresmakter

Oppgåveregisteret skal halde løpande oversikt over oppgåvepliktene til næringslivet og finne alternativer for forenkling. Målet er å fjerne overflødig innsamling og registrering av opplysningar, særleg av omsyn til små og mellomstore bedrifter.

Oppgåveregisteret skal vise kva slag opplysningar som finst i dei ulike registra og etatane. Sjølve svara blir sende til dei enkelte etatane som før.

Ei rekkje lover og forskrifter krev at offentlege styresmakter har detaljerte opplysningar om ulike kategoriar næringsdrivande. Mange rapporteringsplikter er ganske like for små og store bedrifter, sjølv om dei store har større ressursar til papirarbeid og administrasjon. Derfor blir dei små og mellomstore bedriftene ramma urimeleg sterkt. Også for etatane krev det mykje å samle inn og behandle informasjonen som kjem frå bedriftene.

I mange tilfelle stiller forskjellige etatar dei same eller svært like spørsmål til bedriftene. Det er desse spørsmåla som i første rekkje skaper unødvendig meirarbeid både for bedrifter og styresmakter. Mangelen på samordning skyldast at ingen har hatt noko samla oversikt over kva opplysningar som finst i offentlege register og datasamlingar. Oppgåveregisteret gir akkurat denne oversikta og dermed eit grunnlag for betre samordning av offentlege skjema til næringslivet.

Oppgåveregisteret samanliknar dei skjemaene som ulike etatar sender til næringsdrivande. Viser det seg at to eller fleire etatar stiller same spørsmål til same type bedrifter, skal etatane heretter samarbeide om å spørje berre ein gong.
Oppgåveregisteret blei formelt opna 18. november 1997, og starta med ei oversikt over nesten 600 statlege skjema. Den første store utfordringa for registeret var å avdekkje overlapping mellom alle dei oppgåvepliktene som finst allereie.

Dersom denne kartlegginga viser at to etatar krev same opplysning frå dei same bedriftene, skal Oppgåveregisteret peike på dette overfor dei aktuelle etatane. Den nye oppgåveregisterlova gir etatane ei samordningsplikt i slike tilfelle. Eit samordningsråd på departementsnivå skal hjelpe til dersom partane ikkje blir einige om korleis samarbeidet skal løysast.

I første omgang er registeret avgrensa til statlege oppgåveplikter. Etter planen skal skjema frå fylkeskommunale og kommunale styresmakter komme med etter kvart.

Bedriftene er viktige brukarar og bidragsytarar

Det er forvaltninga som skal stå til rekneskap for Oppgåveregisteret. Bedriftene får inga ny oppgåveplikt, men det er viktig at dei gir tips om eigne skjemaproblem. Påtrykk frå næringslivet for å få gjort noko med skjemaveldet, har hatt mykje å seie for å få registeret etablert og er framleis med på å halde forenklingsarbeidet i gang. Gjennom Oppgåveregisteret kan bedriftene få oversikt over eigne oppgåveplikter.

Det er næringslivet som "best kan gi råd og vink til Oppgaveregisteret om kor det vil vere størst samordningseffekt" skreiv Nærings- og handelsdepartementet da det la fram oppgåveregisterlova for Stortinget. Også i stortingsdebatten blei det sagt mye om at næringslivet må med i dette arbeidet.

Næringsdepartementet har valt ei eiga brukargruppe med næringslivsrepresentantar som både departementet og Oppgåveregisteret kan spørje til råds i forenklingsarbeidet. Dessutan kan brukargruppa komme med eigne forslag og synspunkt når som helst. Den enkelte bedrifta kan også kontakte Oppgåveregisteret og melde frå om offentlege skjemakrav som verkar urimelege. Da pliktar Brønnøysundregistra å ta saka opp til behandling.

Ved Brønnøysundregistra kan bedrifta få svar på ei rekkje spørsmål om eigne oppgåveplikter: - Kva slags oppgåveplikter gjeld for meg? - Kven kan eg vende meg til for å få eit bestemt skjema og rettleiing? - Kva etatar har fått tilgang til opplysningane eg har sendt inn? Slike spørsmål blir besvara gratis, mens du må rekne med å betale for informasjon om forhold som ikkje direkte handlar om di eiga bedrift. Tenestetilbodet ved Oppgåveregisteret vil bli utvikla gradvis, avhengig av kva slag tenester bedriftene spør etter.

Det er sjølvsagt ikkje meininga at Oppgåveregisteret skal føre til meirarbeid for bedriftene. Men det kan tenkjast at nokre fleire vil oppleve å bli spurt om kor mye tid som går med til forarbeid og utfylling av skjema. Dette blir gjort for å setje etatane i stand til å vurdere kostnadene for bedriftene og ta betre omsyn til dei i framtida. Tidsbruken for den enkelte oppgåveplikta skal med i etatane sine meldingar til Oppgåveregisteret.

Ei viktig rolle for Oppgåveregisteret blir å vere høyringsinstans i arbeidet med nye lovar og forskrifter som gjeld næringslivet. Kjennskap til kostnadene ved dei ordningningane vi har i dag, skal blant anna hjelpe registerstaben til å gi gode råd i regelarbeidet. Ved å konsultere Oppgåveregisteret, kan også næringslivet sine organisasjonar halde seg orientert om utviklinga i skjemakostnader og konsekvensar av nye reglar.

Det strengaste samarbeidskravet i verda, men det blir ikkje slutt på skjemaene

Forvaltninga treng ganske detaljerte opplysningar om bedriftene til planlegging og saksbehandling som den enkelte etaten er pålagd i lover og forskrifter. Dermed blir skjemaforenkling mye eit spørsmål om forenkling av lovverket.

Dei fleste, ikkje minst innan næringslivet, har forståing for at forvaltninga treng bedriftsopplysningar. Mange viktige avgjerder om kvar enkelt bedrift og om næringslivet sine rammevilkår blir fatta på grunnlag av desse opplysningane.

Oppgåveregisteret vil arbeide for å fjerne unødvendige oppgåveplikter. Det betyr ikkje nødvendigvis færre skjema. Aller helst bør vi ha så mange ulike typar skjema at den enkelte får spørsmål som passar heilt nøyaktig til si eige verksemd. Truleg bør vi ha fleire skjema til saman, men færre spørsmål til den enkelte.

Alt tyder på at mengda av skjema snarare vil auke enn minke i åra som kjem. Mengda av lover og forskrifter har i dei seinare åra vore klart aukande, samtidig som det har vore ein tendens til at reglane har blitt meir komplekse og detaljerte. Denne utviklinga blir forsterka ytterlegare ved at EØS-samarbeidet i mange samanhengar stiller krav om meir detaljert informasjon.

Det er ikkje uvanleg at reglar blir meir kompliserte, og krev meir detaljerte bedriftsopplysningar, for å ta omsyn til nyansar næringslivet sjølv har bede om. Oppgåveregisteret skal auke medvettet om kva konsekvensar regel- og definisjonsendringar kan få for skjema og oppgåvepliktar. Så kan både forvaltning og næringsliv betre vurdere kor tungt det skal vege i forhold til andre omsyn.

Av omsyn til personvernet skal det aldri bli ei sjølvfølgje at etatar kan utveksle alle opplysningar. Da Stortinget vedtok oppgåveregisterlova i 1997, blei det samtidig rydda opp i ein del reglar om teieplikta mellom etatane. Men nokre viktige avgrensingar gjeld framleis. Berre etatar som sjølv har lov til å krevje tilsvarande opplysning direkte frå bedrifta, vil få tilgjenge til ein annan etat sine data. Oppgåveregisteret skal også halde nøye oversikt over korleis innsamla data blir brukt vidare av andre etatar. Blant andre har næringslivsorganisasjonane lagt vekt på desse grensene når dei har anbefalt at datasamarbeidet kan utvidast.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673