Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Reservasjonsregisteret

Bokmål 

Reservasjonsregisteret vart oppretta1. januar 2001. I Reservasjonsregisteret kan privatpersonar reservere seg mot at deira adresse blir brukt til direkte adressert reklame i posten eller til telefonsal. Ein reservasjon blir registrert i eit sentralt register. Alle som sender ut reklame retta mot privatpersonar som kundar, pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret seinast tre månader før bruk.

Ei rekkje selskap og organisasjonar driv i dag med marknadsføring direkte retta mot private kundar, mellom anna ved bruk av adresselister. Mykje av den adresserte reklamen er send ut på grunnlag av slike lister, og mange kan kome med på slike lister utan at dei sjølve ønskjer det. Dei som ber om det, kan bli sletta frå slike lister, men ein må ta kontakt med kvart enkelt selskap for å få namn og adresse strokne.

Reservasjonsregisteret gjer dette enklare ved at publikum i staden for å vende seg til kvart enkelt selskap, kan vende seg til ein stad.

Likevel vil mange framleis kunne få reklame for produkt frå forretningskontaktane sine. Reservasjonen omfattar berre adressert reklame. Dei som vil reservere seg mot uadressert reklame, må vende seg til Posten.

Ordninga omfattar berre privatpersonar. Næringsdrivande verksemder og andre juridiske personar kan ikkje reservere seg gjennom Reservasjonsregisteret.

Du kan reservere deg på Internett, telefon 75 00 75 00 eller automatisk telefonsvarar 75 00 75 03.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673