 |
For deg som brukar, er det mange fordelar ved å nytte
elektronisk registrering:
- Du kan automatisk få fylt ut opplysningar som tidlegare
er registrerte i Einings- og Føretaksregisteret,
og som er offentlege.
- Utfyllinga er enklare, du fyller berre ut dei felta som
er nødvendige. Vala du gjer er avgjerande for det
neste feltet du skal fylle ut.
- Eigne informasjonsknappar fører deg direkte til
hjelpetekstar for kvart felt.
- Skjemaet har ein kontrollfunksjon som du kan aktivere
når du vil. Dermed blir det lettare å oppdage
feil eller manglar ved utfyllinga.
- Det er mindre risiko for å få meldinga i retur.
- Saksbehandlingstida for registermeldinga blir kortare.
- Elektronisk registrering til Brønnøysundregistra
er åpen heile døgnet. Du kan levere registermeldinga
akkurat når det passar deg.
|
 |