Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Registrering i EMAS-registeret

Bokmål

Logo: EMAS

EMAS-ordninga

EMAS står for Eco Management and Audit Scheme og er EU si frivillige "fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon". Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og statlege, fylkeskommunale og kommunale forvaltningsetatar som ønskjer å marknadsføre at dei har sett seg programfesta mål for å vareta miljøet i produksjonen og tenesteytinga si. Gjennom EØS-avtala kan også norske verksemder delta. Målet med ordninga er å fremje ei forbetring av miljøinnsatsen i dei bedriftene som deltek.

Lovheimel

Bakgrunn for EMAS-ordninga er ein Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 761/2001 av 19. mars 2001 om frivillig medverknad for organisasjonar i ei fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS). (Denne avløyser den tidlegare Rådsforordning nr. 1836/93 av 29. juni 1993).
I Noreg er ordninga gjord gjeldande gjennom EØS-avtala og heimla i forureiningslova av 13. mars 1981 § 52 a. og c. og § 81 som forskrift fastsett av Miljøverndepartementet 21. mars 2003, med endringar i forskrift av 26.6.2003. Den endra EMAS-ordninga tok til å gjelde 1.8.2003 i Noreg.

Formål

EMAS er ei frivillig ordning for alle typar føretak (organisasjonar), også for kommunale og statlege forvaltningseiningar som dokumenterer miljøprestasjonen sin gjennom krav om forpliktande miljøforbetringstiltak for heile organisasjonen sin, eller for nærmare oppgitte område. I tillegg til at alle europeiske land som er knytte til EU og EØS deltek i EMAS, har også andre land utanfor EU hange seg på ordninga. EU-kommisjonen kunngjer registrerte område på bakgrunn av lister frå dei deltakande landa.

Kva ordninga inneber

Bedrifter som innfører EMAS lover å:

· kartlegge bedrifta sine miljøpåverknader
· innføre eit miljøsystem
· sikre at lovar og reglar på miljøsida blir overhaldne
· setje seg mål i form av miljøprogram
· gjennomføre miljørevisjonar for å sikre at miljøstyringssystemet verkar
· setje i verk tiltak for å oppnå kontinuerlege forbetringar på miljøsida
· vise meir open framferd og gi meir informasjon til publikum ved å gi ut ei miljøutgreiing

Framgangsmåte

EMAS-ordninga krev at ein organisasjon etter ein miljøgjennomgang kartlegg dagens miljøsituasjon på verkeområdet sitt. Ut frå resultata blir det laga eit miljøprogram som fastslår dei måla føretaket set seg og beskriv dei styringssystema som må til for å oppnå desse måla.
Miljøplanen må godkjennast av ein akkreditert miljøkontrollør, og det heile blir dokumentert og offentleggjort i ei miljøutgreiing. Når miljøutgreiinga er godkjend, kan området registrerast i EMAS-registeret. Miljøutgreiinga må lagast og godkjennast på nytt med jamne mellomrom og sendast til EMAS-registeret for å fornye EMAS-registreringa. Revisjonsperioden kan maksimalt vere tre år, men då med årlege, lettare gjennomgangar.

Kostnader

Kostnadene for verksemdene er i hovudsak knytte til utvikling av styringsverkty for miljøprestasjonen i verksemdene, utgifter til gjennomgangen av miljøkontrolløren og til utarbeiding av miljøutgreiinga, som skal skje maksimum kvart tredje år. Registreringa i EMAS-registeret er pr. i dag gebyrfesta med NOK 5 000 for dei tre-årlege hovudrevisjonane og med NOK 3 000 for dei årlege gjennomgangane. Med talet på registrerte verksemder i dag er gebyra ikkje tilstrekkelege til å dekkje styresmaktene sine utgifter, men på sikt er det meininga at EMAS-registeret skal vere sjølvfinansierande.

Aktørar med ansvar for å følgje opp EMAS-ordninga

Miljøverndepartementet er hovudansvarleg for EMAS-ordninga i Noreg. Statens forureiningstilsyn (SFT) har frå departementet fått i oppdrag å leggje forholda til rette for at norske bedrifter skal kunne delta i EMAS-ordninga. Norsk Akkreditering akkrediterer og fører tilsyn med miljøkontrollørane. Dei akkrediterte miljøkontrollørane held miljøkontroll hos bedriftene og godkjenner miljøplanane og miljøutgreiingane deira. Brønnøysundregistra er ansvarleg for å registrere dei godkjende bedriftene i EMAS-registeret, og på førespurnad gi ut lister over EMAS-registrerte område i Noreg. Alle registrerte bedrifter i Europa er å finne i det Europeiske Fellesskapets Tidende.


Fordelar ved registrering

Internt:
  • Betre interne produksjonsprosessar
  • Betre oversikt og kontroll over ressursbruk og avfall/utslepp frå bedrifta
  • Redusert risiko for kostbare oppryddingsaksjonar
  • Styrkte finansielle vilkår gjennom klargjering av miljørisikoen og dermed redusert risiko for finansielle samarbeidspartnerar, lån- og forsikringsgivarar
Eksternt:
  • Auka truverde frå medarbeidarar, naboar, politikarar og miljøorganisasjonar
  • Bedrifta blir registrert i Brønnøysundregistra og i eit EU-register. Her kan innkjøparar sjekke leverandørar
  • Fyller dokumentasjonskrav om kompetanse innan miljøstyring for leverandørar i samband med regelverket for offentlege innkjøp i så vel Noreg som innan EU
  • Bedrifta får rett til å bruke ein EMAS-logo saman med erklæring om medverknad. Logoen kan brukast på brevark, konvoluttar, fakturaer, emballasje og generelt informasjonsmateriell, men ikkje på produkt. Logoen er felles for heile Europa og blir kjend att i alle land.

EMAS vil bli ein kvalitetsstempel som mange vil sjå på som eit vilkår for samarbeid.


Korleis registrere seg

I grove trekk krev EMAS-ordninga at bedrifta kartlegg miljøsituasjonen ved å gjennomføre ein gjennomgang av miljøprestasjonen under kontroll av ein akkreditert miljøkontrollør, og å utarbeide ein miljørapport. Rapporten skal godkjennast av ein akkreditert miljøkontrollør. Ut frå resultata i gjennomgangen skal det lagast eit miljøprogram med målsetjingar og beskriving av dei styringssystema bedrifta skal bruke for å nå måla. Når miljøutgreiinga er godkjend, kan bedrifta registrere seg i EMAS-registeret. Bedrifta forpliktar seg også til å gjennomføre miljørevisjonar med ikkje meir enn tre år mellom kvar for å sikre at miljøstyringssystemet verkar. Ved kvar revisjon skal det utarbeidast ny godkjend miljøutgreiing. I tillegg skal bedrifta gjennomføre årlege, lettare miljørevisjonar.

Krav ved registrering
  • Utfylt blankett, underskriven av dagleg leiar, styre eller den som har signaturrett
  • Miljøutgreiing som er godkjend av ein akkreditert miljøkontrollør
Opplysningar som blir registrerte
  • Organisasjonen sitt hovudkontor, plasseringa til det eventuelle området
  • Organisasjonen
  • Kontaktperson
  • Verksemda på området
  • Miljøkontrollør
  • Dato for godkjenning av miljøutgreiinga
  • Dato for neste miljøutgreiing

EMAS-registeret kontrollerer den innkomne meldinga for å sjå om organisasjonen eller området oppfyller kravet i forordninga. Det blir vidare kontrollert om miljøkontrolløren er akkreditert for verksemda som blir drive av organisasjonen eller på området, om 3-års fristane er fornya, og om godkjend miljøutgreiing eller årleg oppdatering er overhalden.

Når meldinga til EMAS-registeret er godkjend, blir Statens Forureiningstilsyn (SFT) varsla, som så har 14 dagar på seg til å kome med eventuelle innvendingar mot registrering grunngitt med manglande etterleving av gjeldande lovfesta miljøkrav. Blir meldinga funne i orden, blir ho godkjend.
Etter at fristen for å uttale seg er gått ut, blir området endeleg EMAS-registrert og registreringsbevis og -stadfesting blir sende ut. Deretter blir lista over EMAS-registrerte område i Noreg oppdatert og send til EU-kommisjonen i Brüssel for kunngjering.


Kontaktar

Miljøverndepartementet
Postboks 8013 Dep
0030 Oslo
Telefon: 22 24 90 90
Telefaks: 22 24 95 63

Statens Forurensningstilsyn
Postboks 8100 Dep
0032 Oslo
Telefon: 22 57 34 00
Telefaks: 22 67 67 06

Norsk Akkreditering
Fetv. 99
2007 Kjeller
Telefon: 64 84 84 84
Telefaks: 64 84 84 86


Meir om EMAS

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673