 |
- Følgeskrivet "Vedlegg
til årsrekneskap" - ferdig utfylt.
- Resultatrekneskap
- Balanse
- Notar til rekneskapen (noteopplysningar er ein del av årsrekneskapen og må utarbeidast, jf. rekneskapslova kapittel 7)
- Kontantstraumsoppstilling (ikkje nødvendig for små
føretak, jf. rekneskapslova § 1-6)
- Kontrollkomiteen sine fråsegner (gjeld berre for bankar, forsikringsselskap og holdingselskap)
- Årsmelding
- Revisjonsmelding (dersom eininga er revisjonspliktig).
Vi gjer merksam på at næringsoppgåva til skatteetaten ikkje gir dei nødvendige oppstillingane. Ho vil derfor ikkje bli godkjend som resultatrekneskap og balanse.
Morselskap i konsern skal
i tillegg til selskapsrekneskap også sende inn:
- Resultatrekneskap for konsernet
- Balanse for konsernet
- Notar til rekneskapen for konsernet
- Kontantstraumsoppstilling for konsernet
- Revisjonsmelding for konsernet
Kravet om å sende inn konsernrekneskap gjeld ikkje
dersom konsernet som i heilskap fell inn under reglane for
"små
føretak", sjå rekneskapslova
§ 1-6. Det finst nokre fleire unnatak frå plikta
til å utarbeide konsernrekneskap. Kontakt revisor dersom
du er i tvil.
|
 |