Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Unngå å få årsrekneskapen i retur

Bokmål

Kvart år må Rekneskapsregisteret sende fleire tusen årsrekneskap i retur. Det inneber meirarbeid både for den rekneskapspliktige og Rekneskapsregisteret. Dersom vi må returnere årsrekneskapen, er innsendingsplikta ikkje oppfylt. Eit eventuelt forseinkingsgebyr som har begynt å løpe, vil ikkje stoppe før vi får inn ein komplett årsrekneskap. Sjekk derfor punkta nedanfor:

  • Pass på at alle dei nødvendige dokumenta er med, og at følgjeskrivet "Vedlegg til årsrekneskap" er korrekt utfylt og underskriven.

  • Dokumenta som blir sende inn må eigne seg for kopiering. Helst svart skrift på kvite A4-ark som ikkje er bundne saman / stifta.

  • Notar til rekneskapen: Kontroller at det er samsvar mellom talet på notetilvisingar og talet på notar, og at nummereringa stemmer overeins. Rekneskapsregisteret må returnere årsrekneskapen, og etterlyse den noten/dei notane som manglar, dersom det er vist til fleire notar enn dei som ligg ved. Innsendingsplikten vil dermed ikkje vere oppfylt.

  • Balanse: Kontroller at balansen inneheld både eigedelar, eigenkapital og gjeld.


For einingar som er stifta siste halvår 2005 er det to moglegheiter å leggja fram årsrekneskap for heile perioden:

  1. Det kan sendast inn to komplette årsrekneskap.
    a. Eitt frå dato for stifting til 31.12.05
    og
    b. Eitt frå 01.01.06 til 31.12.06

    Dersom denne løysinga veljast, bør årsrekneskapane sendast inn samtidig. Det vil ikkje påleggast nokre sanksjonar ved denne innsendingsmåten, DERSOM FRISTEN FOR INNSENDING BLIR OVERHALDEN.

  2. Det kan sendast inn eitt komplett årsrekneskap for heile perioden, dvs. frå dato for stifting til 31.12.06.
    Då skal resultatrekneskapen og balansen presenterast i ein kolonne, pr. 31.12.06. Opningsbalansen kan vere med som samanlikningstal, men då må det av rekneskapen gå klart fram at det er opningsbalansen.
       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673