Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Tvangsoppløysing

Bokmål

Aksjeselskap og allmennaksjeselskap som ikkje har sendt inn komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan seks månader etter at fristen gjekk ut, vil få eit brev kor vi etterlyser den manglande årsrekneskapen. Selskapa får samtidig frist til 1. april med å levere dette.

Dersom vi ikkje har motteke og godkjend årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding før 1. april, kunngjer vi det i midten av april på Internett (www.brreg.no) og i lokale aviser. I kunngjeringa blir det gitt ein frist på to veker før selskapet blir sendt til tingretten.

I midten av mai vil Rekneskapsregisteret orientere den lokale tingretten om at vilkåra for tvangsavvikling er oppfylte. Tingretten skal tvangsoppløyse selskapet utan ytterlegare varsel. Tvangsavviklinga skjer då etter reglane i konkurs- og dekningslova.

Forseinkingsgebyret må betalast i alle høve.

Meir om dette:  

Aksjelova §16-15 til 16-18

 

Allmennaksjelova § 16-15 til 16-18

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673