Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Organisasjonsnummeret

Bokmål

Alle som blir registrerte i Einingsregisteret og Føretaksregisteret får eit organisasjonsnummer. Organisasjonsnummeret identifiserer juridiske personar m.m. og er nøkkelen til opplysningane som er lagra om dei i Brønnøysundregistra. Alle som er registrerte i Einingsregisteret skal sørgje for at organisasjonsnummeret er med på forretningsdokumenta.

Teknisk oppbygging av organisasjonsnummeret

Organisasjonsnummeret består av 9 siffer kor det siste sifferet er eit kontrollsiffer utrekna med standard vekter, modulus 11. Etter dette blir vektene 3, 2, 7, 6, 5, 4, 3 og 2 rekna frå første sifferet.

Modulus 11

Eksempel:

Felt utan kontrollsiffer:  

1

2

3

4

5

6

7

8

Vekttal:

3

2

7

6

5

4

3

2

Produkt:

3

+

4

+

21

+

24

+

25

+

24

+

21

+

16

=

138

Divisjon:

138

:

11

=

  12 og ein rest på 6

Kontrollsiffer:

11

-

6

=

5

 

Felt med kontrollsiffer:

1

2

3

4

5

6

7

8

5

Sifra i feltet blir multipliserte med vekttala 2, 3, 4, 5, 6, 7, 2, 3 osv. rekna frå høgre mot venstre. Produktsummen (i dette tilfellet 138) blir dividert med 11. Resten etter divisjonen (i dette tilfellet 6) blir trekt frå 11 og resultatet blir kontrollsifferet (i dette tilfellet 5).

Dersom divisjonen går opp (rest = 0) blir kontrollsifferet 0. Dersom kontrollsifferet blir 10 (rest = 1) må kontrollsifferet erstattast med minus-teikn (-).

Minus-teikn (-) er ikkje lovleg kontrollsiffer for organisasjonsnummer.

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673