Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Retinglysing av pant i driftstilhør

Bokmål

Retningsliner

 Jfr. lov om endringar i lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant og i enkelte andre lover lovnr. 28 av 1. juni 2001, pkt. VI, avgjerder om når loven skal setjast i kraft og overgangsavgjerder, pkt. 2.


Praktisk måte å gå fram på

Retinglysing skjer som hovudregel ved at oppdragsgivaren sender opphavleg tinglyst pantobligasjon eller utleggsprotokoll til Lausøyreregisteret for retinglysing. Oppdragsgivaren kan anten gi dokumentet påteikning om krav om retinglysing, eller det kan opplysast om dette i eit følgjebrev.

I særlege tilfelle kan det istadenfor den opphavlege tinglyste pantobligasjonen sendast inn ein ny blankett for pant i driftstilhør. I slike tilfelle må feltet "tidlegare tinglyst" vere utfylt med dagboknummer, dagbokdato og embete. Det må vedleggjast dokumentasjon om når dokumentet første gong blei tinglyst.

Ved innsending av ein opphavleg tinglyst pantobligasjon vil det ikkje bli gjennomført kontroll av næringsdrift eller signatur. Derimot vil det bli gjennomført kontroll av næringsdrift og signatur på vanleg måte dersom det er nytta ny blankett.


Registrering av tekst i Lausøyreregisterets database

Lausøyreregisteret vil mikrofilme pantobligasjonane/ utleggsprotokollane på vanleg måte.

Følgjande opplysningar vil i tillegg bli lagt inn i Lausøyreregisterets database:

Innsendar
Pantsetjar (saksøkte)
Panthavar (saksøkjer)
Beløp
Pant
Merknad om retinglysing og første tinglysingsdato (dagbokdato, dagboknummer og embete).

Påteikningar som er gjorde i dokumentet, vil bli registrert så langt det er mogeleg, eventuelt i forkorta form. Påteikningar om vik av prioritet vil alltid bli lagt inn.

Merk følgjande

I.
Ved retinglysing av pantobligasjon vil panta bli registrert i Lausøyreregisterets database som følgjer: "Pantet omfattar heile driftstilbehøret."
Ved retinglysing av utleggsprotokollar vil pantet bli registrert i Lausøyreregisterets database som følgjer: "Utlegg tatt i driftstilhør."
Opplysningane om pantet i Lausøyreregisterets database er såleis i tråd med tinglysing av andre dokument.

Der den retinglyste panteretten ikkje omfattar driftstilbehøret i sin heilskap og blir ønskt avgrensa til ei enkelt avdeling, jfr. panteloven § 3-4 femte ledd anna punktum, må oppdragsgivaren opplyse om dette i eit følgjebrev. Det må klart framgå av følgjebrevet kva avdeling driftstilhøret omfattar.

II
Opplysningar om at dokumentet gjeld ei retinglysing vil visast som følgjer på pantattesten:

"Retinglysing av dagboknummer: Dato: Embete:
1985000123 01.03.1985 Brønnøy"

Det vil berre vere opplysningar om første tinglysingsdato som blir registrert i Lausøyreregisterets database. Teksten som blir brukt er identisk på både pantobligasjonar og utleggsprotokollar, og er lik den som blei nytta ved retinglysing av factoringavtalar.

Manglande opplysningar

Som identifikasjon må ein skrive fødselsnummer (11 siffer) dersom pantsetjar er eit enkeltmannsføretak, eller organisasjonsnummer (9 siffer) dersom pantsetjaren er eit selskap. Der pantobligasjonen/utleggsprotokollen manglar identifikasjon som fødsels- eller organisasjonsnummer, må dette påførast i dokumentet eventuelt i eit følgjebrev.

Dersom det som følgje av namneskifte eller fusjon er usemje mellom opplysningar i dokumentet og dei registrerte forholda i Føretaksregisteret/Einingsregisteret, må dette klargjerast i dokumentet eller i eit følgjebrev. Dette gjeld både pantsetjar og panthavar. Ved fusjon gjerast det merknad om retinglysing på det overtakande selskap aleine.

Blankettgodkjenning

Der det blir nytta ny blankett må blanketten vere godkjend for bruk ved tinglysing i Løsøreregisteret, vi viser til tinglysingsforskrifta § 2.

Praktiske forhold - produksjon

Det blir anbefalt frå registeret si side at dokument for retinglysing blir sendt separat til registeret.

Av omsyn til produksjonen blir det anbefalt at dokument som skal retinglysast blir jamt førdelt utover heile tinglysingsperioden.

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673