NOR/398L0015.00T
OJ L 67/98, p. 29-30

Commission Directive 98/15/EC of 27 February 1998 amending Council Directive 91/271/EEC with respect to certain requirements established in Annex I thereof


KOMMISJONSDIREKTIV 98/15/EF

av 27. februar 1998

om endring av rådsdirektiv 91/271/EØF med omsyn til visse krav som er fastsette i vedlegg I

(Tekst som er relevant for EØS)


KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet,

med tilvising til direktiv 91/271/EØF av 21. mai 1991 om rensing av avløpsvann fra byområder(1), særleg artikkel 5 nr. 3, og

ut frå desse synsmåtane:

Krava til utslepp frå reinseanlegg for avløpsvatn frå byområde til følsame område som er utsette for eutrofiering, slik krava er oppførde i tabell 2 i vedlegg I til direktiv 91/271//EØF, har ført til tolkingsproblem som det er viktig å klargjere. Tabell 2 i vedlegg I til direktivet bør difor endrast.

Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er nemnt i artikkel 18 i direktiv 91/271/EØF -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:


Artikkel 1

Vedlegg I til direktiv 91/271/EØF vert endra i samsvar med vedlegget til dette direktivet.


Artikkel 2

Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 30. september 1998. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.


Artikkel 3


Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.


Artikkel 4

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.


Utferda i Brussel, 27. februar 1998.

For Kommisjonen

Ritt BJERREGAARD

Medlem av Kommisjonen

VEDLEGG



Tabell 2 i vedlegg I til direktiv 91/271/EØF skal lyde:


"Tabell 2: Krav til utslipp fra renseanlegg for avløpsvann fra byområder foretatt i følsomme områder som er utsatt for eutrofiering, registrert i vedlegg II avsnitt A bokstav a). Alt etter de lokale forhold skal det benyttes én parameter eller begge. Konsentrasjonsverdien eller den prosentvise reduksjonen skal benyttes.


Parametre
Konsentrasjon
Minste prosentvise reduksjon(1)
Referansemetode for
måling
Totalfosfor
2 mg/l
(10 000-100 000 pe)

1 mg/l
(over 100 000 pe)
80
Molekylær absorpsjonsspektrofotometri
Totalnitrogen(2)
15 mg/l
(10 000-100 000 pe)(3)

10 mg/l
(over 100 000 pe)(3)
70-80
Molekylær absorpsjonsspektrofotometri
(1) Reduksjon i forhold til verdiene ved innløpet.
(2) Totalnitrogen betyr summen av nitrogen målt med Kjeldahl-metoden (organisk nitrogen og ammoniumnitrogen), nitrogen i nitrater og nitrogen i nitritter.
(3) Disse konsentrasjonsverdiene er årlige middeltall i henhold til vedlegg I avsnitt D nr. 4 bokstav c). Kravene til nitrogen kan imidlertid kontrolleres ved å bruke daglige middeltall når det i samsvar med vedlegg I avsnitt D nr. 1 kan dokumenteres at det oppnås et tilsvarende vernenivå. I så fall skal det daglige middeltall ikke overstige 20 mg/l totalnitrogen for alle prøvene når temperaturen i spillvannet i den biologiske reaktoren er 12 ?C eller høyere. Temperaturvilkåret kan erstattes med en begrensning av driftstiden for å ta hensyn til regionale klimaforhold."
(1) TEF L 135 av 30.5.1991, s. 40.

28.4.1999 398L0015.GGR






28.4.1999 398L0015.GGR