Semesterkatalogen 2004Dette bør du få gjort så snart som mulig
TimeplanerOppdaterte
rom- og timeplaner for Bø 1,2,3... Viktige datoar
Ymse opplysningarLokale Ekspedisjon og informasjon ligg ved hovudinngangen. Fagpersonalet og avdelingsadministrasjonen har kontora sine i fløy 1 og 2. I underetasjen er det bokskap (rom 3-002) som studentane fritt kan bruke, skapa må tømast før sommarferien. I det same rommet er det nokre større oppbevaringsskap, desse har myntlås. I underetasjen finn ein også eit trimrom med tilhøyrande garderobar. I semesteret er bygget ope til desse tidene:
Studentsamskipnaden (SiTel) held til i Liabygget. Gullbring kulturanlegg Kro- og velferdslokale Idrettsanlegg Ut i verda?Høgskolen i Telemark (HiT) har eit omfattande samarbeid med lærestader i utlandet. Gjennom Erasmus-, Leonardo- og Nordplus-programma og bilaterale avtaler sender vi kvart år ut studentar til samarbeidspartnarar i Europa, USA, Canada, New Zealand og Australia. Studiekonsulentane i internasjonalisering ved høgskolen har som oppgåve å rettleie studentar som ønskjer å ta delar av studiet sitt i utlandet. Hos oss kan du
Søknadsfristen er som regel 15. september for utveksling i haustsemesteret, og 1. februar for utveksling i vårsemesteret. Ta gjerne kontakt med: Avgifter StudentlegitimasjonKopi- og semesteravgifta er samansett av desse avgiftene:
Kopiavgifta er fastsett på grunnlag av registreringar av kor mykje kopiert materiale som vert delt ut av fagpersonalet ved dei einskilde studia. Studentlegitimasjon Ved studiestart får studentane ein faktura med oppsett over dei avgifter den enkelte student skal betale. Etter at fakturaen er betalt, fjernar ein semesterkortet frå fakturablanketten og oppbevarer det saman med studiekortet. Plastlomme til dette bruk får ein i ekspedisjonen. Fakturaen kan betalast over skranke i bank/post eller ved BrevGiro/Nettbank, nærare opplysningar om dette finn ein trykt på fakturablanketten. KopieringStudentane kan ta kopiar ved bruk av kopikort. Kopikort må studentane kjøpe i kopisenteret i underetasjen på høgskolen. Høgskolen har kopimaskinar i biblioteket, IT-fløya, teorifløya i 3. høgda. Desse kopimaskinene skal ikkje brukast til transparentar, slik kopiering får ein utført ved å vende seg til kopisenteret. Kopiprisane er:
Opningstid
Lesesalar GrupperomGrupperom Lesesalar Opningstid:
I november/desember og april/mai er det også ope nokre søndagar. Bibliotek
Biblioteket registrerer alle bøker m.m. i BIBSYS. BIBSYS er ein felles database for universitets- og høgskolebiblioteka, Nasjonalbiblioteket og mange spesialbibliotek (slik som Statistisk sentralbyrå). Samlinga er på 125 000 bind. Biblioteket abonnerer på mange norske og utanlandske databasar og elektroniske tidsskrift i fulltekst, alt med tilgang via internett. Ved bruk utanfor høgskolen må ein som oftast ha passord til databasane. Passord ligg i Classfronter, rom BIB-WEB. Studiekortet fungerer som lånekort. Bøker som blir leverte utanom opningstida kan leggast i bokkassa utanfor biblioteket. Alle nye studentar får opplæring i BIBSYS m.m. ved studiestart. Biblioteket har to grupperom med mikrofilmskanner og video/dvd. Romma kan reserverast. Biblioteket har sju publikums-PC'ar. Kopimaskin er plassert i biblioteket. Kopikort må kjøpast i kopisenteret. LånereglarBesøk vår heimeside: http://www.hit.no/bib/ IT-teneste og bruk av høgskolens datautstyrHøgskolen har godt utbygd datanett med Windows/Novell/Linux-system for tilsette og studentar. Datanettet er knytt til Internett via UNINETT's høgkapasitet linjenett som gir svært gode høve til informasjonsutveksling med andre høgskolar, universitet, forskingsinstitusjonar og andre rundt om i verda. Studiestad Bø har over 160 IT-arbeidsplassar tilgjengeleg for studentane. Til tross for store investeringar i moderne IT-utstyr, har høgskolen ikkje nok pc-ar til å dekkje alle studentanes behov innanfor IT. Studentar som reknar med å bruke mykje tid ved datamaskina, vil vere best tent med å ha tilgang til ein slik også utanfor høgskolen. For dei som bur på studentsamskipnadens (SiTel) hyblar, er det mogeleg å kobla eigen pc til Internett via SiTel's lokalnettet som er knytt opp mot høgskolens nett. Det gjev tilgang til vanlege Internettenester som E-post og Web. For dei som har berbare pc'ar er det mogeleg å nå tilsvarande Internett-tenester via det trådlause nettet i høgskolebygget. Faglærar og andre tilsette kan gjennom IT-tenesta reservere plass på IT-lab for undervisning o.l. Slike reserveringar skal gjerast i god tid, og IT-tenesta har ansvaret for koordinering av reservasjonane, og å henge opp ei oversikt over dei reservasjonar som til ein kvar tid gjeld, slik at studentane kan planleggje sitt arbeid ut frå dette. Høgskolen kan i bestemte tidsrom gi studentgrupper med særskilt behov for IT-utstyr fyrsteprioritet på IT-lab. Studentar med fyrsteprioritet har førerett til å bruke aktuell IT-lab, og andre studentar må da vike plass. Informasjon om førerett er slått opp utanfor kvar einskild IT-lab. Dei mest bruka systema for tekstbehandling, rekneark osv. vil ein til vanleg finne på datanettet. Alle studentar må søkje på eige skjema om brukarkonto for å få tilgang til høgskolens datasystem med tilhøyrande tenester. Ved tildeling av brukarkonto må studenten skrive under på at han/ho vil følgje dei retningsliner som gjeld for bruk av datanettet. Det er sett opp eigne laserskrivarar for studentane. For å hindre misbruk er det klare reglar for bruk av desse, og det er ein eigen kopimaskin ved skrivarane for kopieringsføremål. IT-tenesta har ei rettleiarteneste utanom ordinær arbeidstid. Det vil såleis alltid vere ein IT-ansvarleg til stades når IT-avdelinga er open, denne kan studentane vende seg til dersom dei har problem med bruk av dataverktøy o.l. Det er ofte 2.- og 3. års studentar som blir engasjera til å dele på denne oppgåva. Reglar for bruk av høgskolens datautstyr er lagt ut på høgskolens Web-sider og er og slått opp på IT-avdelinga. Studentar som brukar høgskolens datautstyr forpliktar seg til å kjenne til, og fylgje desse reglane. Høgskolen tek atterhald om at det kan bli innført avgift på bruk av enkelte IT-tenester. NøkkelkortStudentkortet kan nyttast som nøkkelkort. For utlevering av PIN kode, ta kontakt med kopisenteret. Nøkkelkortet er gyldig frå 15.9. til 25.6 og gjeld for tilgang til IT-lab'ar i fløy II. Hovudfagstudentar kan få nøkkelkort som gir tilgang til heile bygget året rundt. PostgangStudentane må syte for at posten deira blir adressert til bustaden. Brevpost som kjem til høgskolen, blir lagt i posthylla i undervisningsfløya i 1. høgda. Høgskolen har ikkje ansvar for privat studentpost som måtte bli borte frå hyllene. StudierettleiingStudentane kan søkje råd hos studierettleiarane når det gjeld m.a. studium her ved høgskolen, ved andre høgskolar og universitet, fagkombinasjonar og yrkeskompetanse, cand.mag. graden, studielån, andre praktiske og sosiale spørsmål. Sjå elles oppslag om treffetid på avdelingane. Studierettleiarar på Avdeling for allmenne fag:
Arena - passordArena høgskole er ein nettbasert teneste som gir deg innsyn i alle data som høgskolen har registrert om deg - mellom anna adresse, karakterar, eksamensoppmelding. Lenke til Arena høgskole finn du på høgskolen sin heimeside: http://www.hit.no. Passord til Arena får du i eige brev. Du kan melde deg av eksamen via Arena. I Arena skal du også melde deg på alle emne som er valfag eller tilleggsfag. Alle obligatoriske emne blir du meld opp til automatisk. Ta kontakt med din studierettleiar om du er usikker på kva som er kva. ClassfronterClassfronter er eit elektronisk klasserom som blir bruka for kommunikasjon og utveksling av informasjon via internett i undervisning. Du vil oppleve at dei faglærarane du møter, brukar Classfronter i større eller mindre grad. Der dette er tatt i bruk, vil du oppleve at du har god oversikt over emnet du studerer og at opplysningane frå faglærar er oppdaterte og etterrettelege. I tillegg er dette eit glimrande verktøy for å følgje eit emne sjølv om ein er på reiser, ikkje kan følgje eit emne heilt eller delvis, eller av ein eller annan grunn har behov for større fleksibilitet enn det ein har når emnet er organisert på ordinær måte. Viktig: I dei faga som det er classfronter-undervisning, må du melde deg på emne via Arena høgskole for å få tilgang til sidene. Dette bør du gjere så raskt som mogeleg, og helst innan 1. september. Obligatoriske fag er du automatisk meld opp til, slik at dette gjeld berre valfag, tilleggsfag o.a. NB! EksamenVed studiestart er du automatisk meldt opp til alle obligatoriske fag ved det studiet du er tatt opp ved, jf. studieplanen din i Studiehandboka. Alle som har valfag på studie-/fagplanen sin, eller som ønskjer å ta tilleggsfag må melde seg opp i desse. Oppmeldinga må vera gjort innan 20. februar respektive 20. september via Arena høgskole. Du melder deg da på emne, ikkje på eksamen. Vi overfører emnepåmeldinga til eksamenspåmelding. Dersom det er ønskje om å trekke seg frå eksamen, må dette skje innan 7 dagar før eksamen, via Arena høgskole. Informasjon om eksamen i haustsemesteret blir slått opp på tavla
utanfor aud. Eksamensresultat blir lagt ut på Arena og hengt opp på tavla utanfor aud. 5-115. Resultata blir ikkje opplyste over telefon. Det same gjeld kandidatnummer. Tabell med eksamensplan VitnemålVitnemål blir utskrive til dei som har fullført studium. Dersom det står att fag eller oppgåver, må studenten be om å få vitnemål så snart dette er fullført. Kopiering av studentoppgåverOriginalen til dei oppgåver som skal førast på vitnemålet t.d. hovud-, kandidat-, prosjekt- eller seminaroppgåver, skal leverast til avdelingskontoret (3'e etg.). Oppgåva skal leverast i 3 eksemplar, eitt av dei i lause ark. Høgskolen kostar eitt eksemplar til kvar student som er med på arbeidet, dette eksemplaret ettersendast. Høgskolen kostar ikkje ekstra eksemplar til evt. kontaktpersonar/ institusjonar, og kostar berre kopiering i vanleg A4-format svart/kvitt. Studentar som skal levere andre former for oppgåver, må koste kopiering av desse sjølve. Kostnadene er avgrensa til kr. 0,50 for kvar kopi.
Studentsamskipnaden i Telemark - SiTelStudentsamskipnaden i Telemark, Bø har sine kontor i Liabygget øvst i Bøgata og er studentane sin velferdsorganisasjon. Dei har ansvaret for velferdsarbeidet ved høgskolen, så som bygging og drift av studentheimar, hybelformidling, studentbarnehagedrift, helseteneste, drift av serveringsautomatar o.l. Samskipnaden blir leia av eit styre på 11 personar, med representantar frå høgskolens avdelingar i Porsgrunn, Bø og Notodden, dei tilsette og studentane. Samskipnaden er brukarstyrt, dvs. at studentane har fleirtalet i styret. Samskipnaden har sosialkonsulent i heil stilling med kontor i Samskipnadens lokale i Bø og på Notodden. Nærare opplysningar om sosialkonsulentens kontortid i Bø får du ved å ringe tlf. 35 95 26 60. Sjå også heimesidene til SiTel. Det er eigen studentprest i halv stilling for studentane ved Høgskolen. Prestetenesta er i samarbeid med Den norske Kyrkja. I eit hektisk studiemiljø er det ikkje alltid så lett å finne nokon som har tid. Presten har tid til å lytte til deg, og det som du vil fortelje, uansett kva det måtte vere. Han har sjølvsagt teieplikt, slik at det du fortel ikkje kjem vidare. Han held og eigne studentgudstenester og Tomasmesser både i kyrkja i Bø og på Høgskolen. Presten kan du treffe ved å ringe 35952518, eller sende e-mail til Gunnar.Fagerli@hit.no . Du kan også stikke innom kontoret i Høgskolebygget i gangen bak ekspedisjonen. Sjå elles plakatar og oppslag. VernepliktutvalHøgskolen har vernepliktutval som skal gi påteikning på alle søknader frå studentane om utsetjing av militærtenesta. Ferdig skrivne søknader kan leverast i ekspedisjonen og vil bli ekspederte vidare med påteikning til adressaten. Søknader om utsetjing av repetisjonsøving må innehalde oversikt over avsluttande kurs i vedkomande semester. Oversikta må innehalde opplysningar om vekttal og tidspunkt for eksamen. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sist oppdatert: 16. juni 2004 Ralph.Stalberg@hit.no |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||