Studiehandbok 2004/2005

2021 Britisk romantikk

Omfang
10 studiepoeng

Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v

Målsetting
Kurset har som mål å gi studentane ei brei innføring i den romantiske perioden i Storbritannia, dvs. tiåra rett før og etter 1800. Perioden var dramatisk og hadde avgjerande verknad på både politiske og kulturelle tilhøve, og kurset vil fokusere på korleis dagens tenking innan både kunst og samfunn også kan førast attende til romantiske førestillingar.

Innhald
For å fange opp dei mange aspekta ved perioden, vil kurset bli undervist i tematiske bolkar. Ein vil gjere seg nytte av eit bredt spekter av tekster: romanar, poesi, brev, reiseskildringar og politiske, filosofiske og religiøse tekster. Blant temaa ein vil kome inn på er: natursynet, kunstens og kunstnaren si rolle, geniar og heltar, politikk, religion og kvinnene si stilling. Biletkunst frå perioden vil bli nytta som supplement til tekstene.
All undervisning og studentaktivitet går føre seg på engelsk.
Det stillast krav om obligatoriske innleveringar og obligatoriske munnlege oppgåver.

Evaluering
3 timars skriftleg midtsemesterprøve som tel 40% av samla karakter.
4 timars skriftleg sluttprøve tel 60%.
Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no