Studiehandbok 2004/2005

213 Innføring i kulturpolitikk

Omfang
15 studiepoeng

Innføringskurs
Studenten skal orientere seg i kulturstudiet som heilskap, arbeidsmetodar og studieteknikk.
Obligatorisk innføringsveke med fagtur i regionen.

Praksis 
Ei vekes praksis på kulturkontor, kommunalt eller fylkeskommunalt, med rapport.

Undervisning
Forelesingar, fagturar, skriftlege og munnlege øvingar knytt til forelesingane.

Mål
Studenten skal tileigne seg eit oversyn over det kulturpolitiske feltet og framveksten av den moderne kulturpolitikken, samt oversyn over dei fremste internasjonale aktørane på kulturfeltet. Studenten skal vise eigen evne til refleksjon og kunne analysere korleis samfunnspolitikken påverkar ressursfordeling i kulturlivet.

Innhald
Kurset skal gje ein oversikt over det kulturpolitiske feltet, med vekt på aktuell kulturpolitikk. Gjennom brei presentasjon av kunstfeltet, friviljuge organisasjonar og kulturindustrien, skal ein drøfte aktuelle kulturpolitiske problemstillingar, visjonar og ideologiane bak. Sentrale tema er:
Kulturomgrep, kulturpolitiske ideologiar og målsettingar
Framveksten av ein offentleg kulturpolitikk
Fritid, kulturforbruk, delkulturar
Offentlege kulturorgan, interesseorganisasjonar og kulturpolitiske verkemiddel
Kunsten i samfunnet : institusjonar, profesjonar, publikum og formidling
Dei friviljuge organisasjonane i kulturlivet
Kulturøkonomiske emne
Norsk kulturdebatt
Internasjonal kulturpolitikk (UNESCO, Europarådet)

Evaluering
Ei obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no