|
Studiehandbok 2004/2005
2720 Digital kultur, digitalt samfunn
Omfang
10 studiepoeng.
Forkunnskapar
Som for studiet.
Undervisning
2-4 timar forelesingar pr. veke i vårsemesteret.
Målsetting
Kurset skal gi innblikk i samfunnsmessige og faglege konsekvensar av
'informasjonsrevolusjonen', både med omsyn til kva som er mogleg å gjere og
kva som set grensene, og kurset skal utvikle ei kritisk haldning til bruken av
informasjonsteknologi.
Innhald
- Generell del (5 studiepoeng)
Politiske konsekvensar. Verkar internett demokratiserande? Korleis endrar
samfunnsdebatten seg? Konsekvensar for kultur, kjønnsroller, kreativitet,
kommunikasjon og språkutvikling m.v. Smeltar media saman, og kva betyr i
så fall det? Konsekvensar for forsking og utdanning. Blir måtane å
oppfatte og skrive tekstar på endra? Vil tradisjonelle lærestader bli
borte? Er internett eit hinder for fagleg fordjuping?
- Etiske problemstillingar (5 studiepoeng)
Moralfilosofi og informatikk. Opphavsrett, sitat- og kildebruk. Kva skjer
med personvernet? Teknologi og verdisyn. Kor sårbart er sammfunnet? Kven -
om nokon - styrer/eig/kontrollerer nettet?
Vurdering
Obligatoriske innlevereing av oppgåver og skriftleg eksaminasjon.
Begge delane av kurset blir avslutta med ei totimars skriftleg prøve. Levering
av obligatoriske oppgåver innan fastsett frist er vilkår for å gå opp til desse
prøvene. Begge dei skriftlege prøvene må vere bestått før ein kan få samla
karakter for emnet.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|