|
Studiehandbok 2004/2005
2721 IKT som fagleg verktøy
Omfang
10 studiepoeng.
Forkunnskapar
Som for studiet.
Undervisning
3 - 6 timar pr. veke forelesingar og øvingar i datalaboratorium.
Målsetting
Studentane skal få innblikk i korleis informasjonsteknologi kan brukast konkret
i humanistiske fag, inkludert formidling, og ei viss øving i å finne fram til
og nytte fagleg relevant informasjon.
Innhald
Kurset er delt i ein generell del og to spesialiseringsdelar. Alle studentane
må ta den generelle delen, men vel fritt den eine av dei to
spesialiseringsdelane (enten A+B eller A+C).
- Generell del
Kva finst, og kva finst ikkje tilgjengeleg i digital form? Korleis veit vi
om det vi finn på nettet er fullstendig og dekkande - korleis finne fram
til påliteleg informasjon? Litteratursøking og bibliografiprogram.
Elektroniske oppslagsverk. Skanning av tekst og bilde. Fagdidaktikk: bruk av ny
informasjonsteknologi i undervisning og i anna formidling (museum m.v.).
Produksjon av trykksaker, bildebehandling, lyd- og musikkbehandling. Korleis
bruke internettbasert lærestoff i undervisning?
- Spesialiseringsdel i språk- og litteraturfag
Orientering om heimesider for fagtidsskrift, bibliografiar, institusjonar
osb. Kvantitative og kvalitative metodar i språkforsking. IKT som reiskap i
skriving og omsetting. Elektroniske tekstar og bruken av dei. IKT-basert
stilanalyse, utvikling og bruk av konkordansar, hypertekst.
- Spesialiseringsdel i historiske fag og kulturfag
Orientering om heimesider for fagtidsskrift, bibliografiar, institusjonar
osb.. Digitale kjelder og arkivkunnskap. Registrering og organisering av
historiske data. Korleis bruke digitale kjelder? Import av data til eigne
program. Kvantitativ metode. Gotisk skrift på nettet.. Korleis bruke
internettbasert lærestoff i undervisning?
Vurdering
Obligatoriske og frivillige innleveringsoppgåver og munnleg eksaminasjon.
Både midtsemesterprøve og sluttprøve må vere bestått for å få bestått iemnet.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|