|
Studiehandbok 2004/2005
3300 Kreativitet og kommunikasjon
Omfang
10 studiepoeng
Arbeids- og undervisningsformer
Praktiske øvingar og forelesingar, obligatoriske skriftlege oppgåver og
munnlege presentasjonar. Det meste av arbeidet vil finne stad i mindre grupper.
Obligatorisk frammøte, minst 80% deltaking i undervisninga.
Mål
Studenten skal auke kunnskapen om ulike former for kommunikasjon og utvikle si
sosiale kompetanse, kreativitet og personlege uttrykksevne. Gjennom praktiske
øvingar skal studenten få betre innsikt i allmenne gruppeprosessar og auke
evnene sine til kommunikasjon og samarbeid. Studenten skal opparbeide eit aktivt
forhold til eigne uttrykksformer for å kunne kommunisere nyansert og kompetent
i ein framtidig yrkessamanheng.
Innhald
Kurset er delt inn i to modular:
- Modul A. Skriftleg og munnleg uttrykk
Tekstarbeid. Gjennom arbeid med ulike typar tekstar skal studenten tileigne
seg kunnskap om språkets makt og få ei forståing for korleis ulike genre
kan brukast i formelle og uformelle samanhengar (t.d. saksbehandling,
teoretiske tekstar, referat, essay). Studenten skal bli klar over kva han/ho
treng å arbeide med for å betre evna si til å uttrykke seg skriftleg.
Framstilling og tale. Studenten skal øve opp munnleg og skriftleg
uttrykksevne gjennom presentasjon av eigne arbeid. Studenten skal øve opp
dugleik knytt til ulike uttrykksformer (f. eks. skrive saksførebuande
dokumenter eller referat, møteleiing, lage brosjyre, halde tale).
- Modul B. Kommunikasjonsprosessar og gruppedynamikk
Gruppedynamikk og samarbeid. Gjennom gruppeøvingar og analyse av
gruppedynamikk skal studenten betre kunne forstå kommunikasjon og si eiga
rolle i gruppeprosessane.
Kreativ kommunikasjon. Gjennom tilbakemelding på og analyse av konkrete
kommunikasjonssituasjonar, vil studenten øve opp innsyn i høve til
kroppsspråk, verbal og ikkje-verbal kommunikasjon.
Generell kommunikasjonsteori vil inngå i begge bolkane. Faget blir knytt opp
til teoriar og arbeidsoppgåver i dei andre faga på studiet.
Evaluering
Modul A vil bli evaluert prosessuelt med karakter stått /ikkje stått på
grunnlag av to innleverte skriftlege tekstar og to munnlege framleggingar. Modul
B vil bli evaluert i høve til stått/ ikkje stått (frammøte og deltaking).
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|