|
Studiehandbok
2004/2005
3301 Kulturanalyse 1
Omfang
15 studiepoeng
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, skriftlege (obligatoriske) oppgåver, gruppearbeid, diskusjonar,
presentasjon av skriftlege øvingar.
Mål
Studenten skal tileigne seg ein grunnleggjande, kulturanalytisk kompetanse
innafor felta samhandlingsanalyse, språk og symbolbruk og sosiale skiljeliner.
Denne kompetansen skal fyrst og fremst vere av handverksmessig art. Studenten
skal bygge opp ei fortolkande evne og bli i stand til å bruke analytiske omgrep
på sosiale prosessar og symbolbruk som er tilgjengelege for direkte erfaring
(observasjon).
Innhald
Kurset fokuserar på sosial samhandling. Gjennom ulike døme frå kvardagsliv og
frå kulturfeltet vil det bli vist korleis kultur er eit aspekt ved all
menneskeleg verksemd.
Sentrale tema er:
- Kulturomgrepet
- Samhandlingsanalyse og prosessforståing
- Samanlikning og metodisk relativisme
- Frå observasjon via data til analyse
- Symbol og omgrep som kommunikasjonsreiskap
- Kjønn, alder, klasse, region, etnisitet
- Makt
Evaluering
Skriftleg individuell heimeeksamen som tel 40% av samla karakter og individuell
sluttprøve som tel 60%. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|