|
Studiehandbok 2004/2005
3302 Kunst- og kulturhistorie
Omfang
20 studiepoeng
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, gruppearbeid og fagturar fordelte over to semester.
Mål
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om og forståing for norsk
og europeisk kunst- og kulturhistorie dei siste 250 åra. Dei skal kunne gjere
greie for og syne innsikt i kulturelle tema, og kunne relatere desse til andre
samfunnstilhøve i samtida. Vidare skal dei kunne gjere greie for sentrale
epokar og retningar innanfor ulike kunstartar, og for kunsten sin plass i
samfunnet. Dei skal òg kunne syne korleis idéar og førestellingar kan komme
til uttrykk i kunsten.
Innhald
Kurset gir ei fyrste innføring i europeisk og norsk kunst- og kulturhistorie i
tidsromet 1750-2000, og omfattar følgjande hovudtema/-delar:
Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
Idéar og førestellingar
Framveksten av sentrale kunst- og kulturinstitusjonar
Rolla til kunsten og kunstnaren i samfunnet
Sentrale epokar og retningar i kunstartane: Biletkunst, arkitektur, musikk,
litteratur
Evaluering
Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg
individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|