Studiehandbok 2004/2005

3304 Medieanalyse/kommunikasjon

Omfang
15 studiepoeng

Arbeids- og undervisningsformer
Medieanalyse/kommunikasjon kombinerer teoretisk undervisning og praktisk gruppearbeid. Forelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og fagturar.

Mål
Studenten skal kunne bruke medier som formidlingskanal for kulturprodukt og sjå samanhengen mellom mediene sine produksjonsmåtar og medieinnhald. Studenten skal kunne planleggje og gjennomføre ein informasjonsplan og utvikle ei kritisk og analytisk haldning til medietekstar.

Innhald
Studiet i medieanalyse/kommunikasjon kvalifiserar studentane for arbeid innan kultursektoren, både som produsentar av mediebodskap og kritiske brukarar av kulturprodukt som er produserte og formidla av media.
Medietekstar som representasjon av røyndom.
Korleis og kvifor mediebodskap blir produsert
Bodskapsinnramming
Medieeffekter og påvirkningsprosessar
Medieprodukt som kunstverk
Underliggande verdiar i eit medieformidla kulturprodukt
Effektiv kommunikasjon
Intern/ekstern informasjon
Praktisk journalistikk

Evaluering
Obligatorisk deltaking i praktiske kurs. 
Obligatorisk innleveringsoppgåve/prosjektoppgåve som tel 30 % av samla karakter. 
Individuell skriftleg 5-timars eksamen som tel 70 %.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no