|
Studiehandbok 2004/2005
3351 Idéhistorie oversikt
Omfang
20 studiepoeng
Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 6 t/v
Målsetting
Kurset har som mål å gi studentane ei brei oversikt over sentrale
tankestraumar i Vestens kultur og korleis desse har utvikla seg frå antikken
fram til vår eiga tid. Det vil bli fokusert på både samanhengar og brot i den
idéhistoriske utviklinga, slik at studentane skal kunne identifisere både dei
lange tradisjonslinene og dei radikale tradisjonsbrota som kjenneteiknar den
idémessige utviklinga. Studentane skal bli kjent med korleis dette vekselspelet
mellom tradisjon og fornying utspelar seg innan ulike kulturelle område.
Studentane skal også tileigne seg grunnleggande kunnskapar innan faghistorie og
-teori.
Innhald
Pensum vil vere samansett av faghistoriske og -teoretiske emne, som vil vise
hovudlinene i den idéhistoriske utviklinga sidan antikken. Originaltekster som
er knyt til kulturelle hovudområde som filosofi, religion, kunst, politikk og
vitskap vil utgjere ein del av pensum. Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike
tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innafor dei ymse områda.
Samtidig vil ein freiste å vise forbindingsliner mellom dei einskilde områda.
Presentasjonen av stoffet i forelesingane vil derfor søkje å vise korleis
tenkinga innan eit gitt område kan bli forstått i lys av tenkinga innan andre
område. Vi vil også freiste å vise korleis tenkinga generelt kan bli
forstått i lys av den historiske og kulturelle konteksten ho er ein del av.
Derfor vil presentasjonen av tankestoffet vere prega av ein gjennomgåande
kontekstualisering.
Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med
obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.
Vurdering
Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller
innleveringar som til saman tel 60% av den endelege karakteren. Avsluttande
skriftleg eksamen tel 40%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter
i emnet. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|