|
Studiehandbok 2004/2005
3352 Norsk idéhistorie
Omfang
10 studiepoeng
Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Målsetning
Kurset har som mål å gi studentane ei brei oversikt over sentrale tendensar og
utviklingsliner i norsk tankeliv frå middelalderen fram til vår eiga tid. Som
ein lekk i denne målsettinga vil ein gjennomgåande ta sikte på å vise
korleis norsk tru og tanke alltid har utvikla seg i spennet mellom det
allmenneuropeiske, nordiske og særnorske. Den kunnskapen som studentane
tileignar seg på kurset skal bidra til ei større forståing av norsk kultur
slik den framstår i dag.
Innhald
Det samla kurspensum på ca. 800 sider er delt i to like store deler: Studentane
skal som oversiktslitteratur lese utdrag frå Norsk idéhistorie, samtidig som
dei skal lese eit utval originaltekstar som i hovudsak er henta frå antologien
Norsk tro og tanke. Originaltekstane er gruppert i 8 tematiske bolkar: (1) Tru
og tvil; (2) det nasjonale; (3) politikk og ideologi; (4) kvinnesyn og
kvinnesak; (5) tankar om diktinga ; (6) vitskaplege klassikarar; (7) danning og
utdanning; (8) målsak og målstrid.
Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar bryt mot
kvarandre innafor dei ymse områda, samtidig som ein vil søkje å vise
forbindingsliner mellom dei einskilte områda.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med
obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.
Vurdering
Undervegsevaluering som midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande
skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter
i emnet. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|