|
Studiehandbok 2004/2005
3353 Menneske, samfunn og stat
- politiske idear si historie
Omfang
10 studiepoeng
Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Målsetting
Kurset gir ei oversikt over sentrale idear i den politiske tenkinga i Vesten,
slik desse er utvikla frå oldtida til vår tid. Dei politiske ideane og deira
historie blir drøfta i lys av den historiske utviklinga generelt og i lys av
dei hovudstraumane og -brytningane som pregar Vesten si tenking (jfr.
oversiktskurset i idéhistorie). Ein del av kurset er via dei ideane som
spesielt har gjort seg gjeldande i norsk politisk tenking og praksis.
Innhald
Dei ideane og temaa som det spesielt blir kasta lys over er: individ og stat;
fridom og autoritet; statens opphav; idealstaten; naturlege lover og positive
lover; rett og makt; religion, fornuft og tradisjon som grunnlag for politisk
legitimitet; menneskerettar og likskap; demokrati; liberalisme og konservatisme;
sosialisme; kommunisme; fascisme; velferdsstaten og den minimale stat.
Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med
obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.
Vurdering
Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller
innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande
skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter
i emnet. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|