Studiehandbok 2004/2005

3354 Natur, kultur og menneske
- Natur- og menneskesyn gjennom tidene

Omfang
10 studiepoeng

Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v

Målsetting
Kurset gir eit oversyn over synet på natur og menneske slik det har endra og utvikl seg i vestleg tenking frå oldtid og bibelsk tid fram til i dag. Idear om natur og menneske og deira historie blir drøfta i lys av dei hovudstraumane og -brytningane som pregar vestleg tenking generelt (jfr. oversiktskurset). Ikkje-vestlege natur- og menneskesyn blir også drøfta. Ein del av kurset er via dei tankane om natur og menneske som har vore sentrale i norsk folkeleg tradisjon og i danninga av ein norsk identitet. I tillegg til at kurset kan telje i ein humanistisk bachelor-grad, vil kurset eigne seg for høgskolen sine studentar i natur- og miljøvernfag og idretts- og friluftslivfag.

Innhald
Sentrale idear og tema er: monisme og dualisme i syn på menneske og natur; naturlovmessighet og rettferd; det naturgitte og det menneskeskapte; naturen som skaparverk, det mekanistiske verdsbilete; natur i folketradisjon; natur og nasjonal identitet; natur i kunst (og kunst i natur), naturalisme og menneskesyn.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Vurdering
Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no