Studiehandbok 2004/2005

3356 Opplysningstida

Omfang
10 studiepoeng

Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v

Målsetning
Kurset har som mål å gi studentane ei fordjuping i sentrale idémessige brot innanfor det 18. hundreåret sitt intellektuelle og kulturelle liv. 1700-talet blir ofte kalla "opplysningstida", samtidig som det gjerne blir framheva at det i løpet av dette hundreåret voks fram ei rekke tenkemåtar som går inn i det kulturelle komplekset som blir kalla "moderniteten". Derfor vil det i kurset bli lagt stor vekt på å vise korleis opplysningstida sine idémessige brot har nedfelt seg i det moderne menneske sitt røyndoms- og sjølvforståing.

Innhald
Av det samla kurspensum på ca. 800 sider, er vel 500 sider av originaltekstar frå perioden. Dette er tekster som inngår i ulike debattkontekstar, og ein har i kurset vald å fokusere på 6 tematisk avgrensa hovudkontekstar: (1) Opplysning, toleranse og tru på framskrittet ; (2) kva er mennesket?; (3) mennesket i samfunnet; (4) religionskritikk og gudsforsvar; (5) estetiske idear i brytning; (6) kunnskapsteori.
Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innanfor dei ymse debattkontekstane, samtidig som ein vil synliggjere samanhengar mellom dei ulike kontekstane. Originallitteraturen består i hovudsak av filosofiske og skjønnlitterære tekster.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.

Vurdering
Undervegsevaluering som midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no