|
Studiehandbok 2004/2005
3357 Det moderne gjennombrot i nordisk litteratur
Omfang
10 studiepoeng
Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Målsetting
Studentane skal få innsyn i nokre av dei teoriane omkring litteratur og samfunn
som ligg til grunn for den realistiske og naturalistiske litteraturen, og dei
skal studere korleis desse teoriane kjem til uttrykk i eit utval litterære verk
og tekstar. I desse tekstene blir det sett fokus på typiske realistiske og
naturalistiske emne som skole, kyrkje, familie, ekteskap og forretningsliv.
Innhald
Kurset gir ei innføring i sentrale idear og uttrykksformer i 1870- og
1880-talslitteraturen. Det er til desse tiåra, som er prega av realisme og
naturalisme, at det moderne gjennombrotet i Norden er tidfest. Dette er også
ein første "gullalder", med Ibsen og Munch som dei fremste av ei lang
rekke forfattarar og andre kunstnarar . Kunstnarane i denne perioden ønskte å
bryte med fortida og avsløre løgn og dobbeltmoral. Kunsten skulle vere
kritisk, poenget var å framstille samfunnet "slik det verkeleg var".
Realismen og naturalismen sitt dikteriske program gikk tilsynelatande først og
fremst på samfunnet, men det handlar også om ein psykologisk, indre realisme,
bl.a. i framstillinga av litterære karakterar. Pensumstoffet består av eit
utval sentrale litterære verk og tekster frå perioden, og av nokre
litteraturteoretiske og litteraturhistoriske tekstar.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med
obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skalavtalas med rettleiar.
Vurdering
Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller
innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande
skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter
i emnet. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|