|
Studiehandbok 2004/2005
3358 Modernitet og kulturkritikk
(1890-2000)
Omfang
10 studiepoeng
Undervisning
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Målsetting
Kurset har som mål å gi studentane ei fordjuping i dei omveltingane og
brytningane som medvirka sterkast til å forme det 20. hundreåret sitt
intellektuelle og kulturelle liv. Særlig vil det bli lagt vekt på dei mange
oppgjera med tradisjonelle verdiar og førestillingar. Ein vil nytte tekstar og
eksempel frå og om filosofi, politikk, kunst, litteratur og populærkultur for
å gi studentane ei breiast mogleg forståing av rørsler og utviklingsliner.
Innhald
Av pensum vil ca. ein fjerdedel (dvs. ca. 200 sider) være generelle og
oversynsprega framstillingar av perioden. Den resterande del av pensum vil
bestå av tekstutdrag frå verk som kastar lys over og problematiserer aktuelle
emne. Kurset vil til dels følgje ein kronologisk utvikling ramma inn av
følgjande hovudtema: 1) storbyen, 2) sivilisasjonskritikk, dvs.
kulturpessimisme, dekadanse, apokalyptikk, utopisme, avantgarde,
motmoderniseringsrørsler, 3) pluralisme, dvs. motkulturar, feminisme,
ungdomskultur osv., og 4) flytande modernitet, inklusive nasjonalismekritikk,
antikolonialisme, økologisk kritikk og The Third Way.
Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med
obligatorisk rettleiing. Emne for oppgåva skal avtalas med rettleiar.
Vurdering
Undervegsevalueringa i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller
innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande
skriftleg eksamen tel 60%. Sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter
i emnet. Graderte karakterar.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|