|
Studiehandbok 2004/2005
3359 FILOSOFISKE KLASSIKARAR
Omfang
10 studiepoeng
Forkunnskapar
Emne i idéhistorie eller examen philosophicum eller examen facultatum.
Undervising
Undervisinga i kurset vil bestå av inntil tre undervisingstimar pr. veke,
fordelt på forelesingar og seminar etter behov. Studentane skal utarbeide ei
individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for
oppgåva skal avtalast med rettleiar. Det kan bli aktuelt for studentane å legge
fram materiale dei arbeider med på seminar. Pensum er på ca. 800 sider.
Målsetting
Kurset gir ei innføring i sentrale filosofiske verk og forfattarskap i Vestens
tenking frå oldtid og fram til i dag. Sentrale filosofiske idear blir studert og
drøfta i lys av argumentasjonen i verka og samtidige tankestrømmingar. Kurset er
meint å gi ei fordjuping i filosofisk idémateriale.
Innhald
Filosofiske verk og forfattarskap blir drøfta kronologisk. Hovudvekta vil bli
lagt på verk som tar for seg grunnleggande filosofiske idear i hovudsakleg
erkjenningsteori, metafysikk og etikk. Desse vil blir studert med vekt på indre
argumentasjon og samtidige tankestrømmingar.
Vurdering
Emnet blir avslutta med ein tretimars skriftleg eksamen (obligatorisk for
emnet). For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studentane ha levert
semesteroppgåva innan ein fastsett dato. Ved utrekning av endelege karakterar
for kurset tel semesteroppgåva 40% og skriftleg eksamen 60%.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|