Studiehandbok 2004/2005

3501 Oversyn over verdshistoria før 1750

Omfang
10 studiepoeng

Undervisning
Forelesing/seminar

Målsetjing
Studiedelen skal gje eit samanhengande oversyn over verdshistoria frå antikken til om lag 1750.

Vurdering/eksamen
Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve. Undervegsprøva tel ein tredjedel og sluttprøva to tredjedelar av samla karakter i studiedelen.
Undervegsprøva er ei skoleprøve (kunnskapsprøve 3 timar) i første halvdel av oktober. Ein avgrensa del av pensum (om lag ein fjerdedel av samla pensum) ligg til grunn for prøva. Kva delar (tidsperiodar) dette er, vert gjort kjent ei veke før prøva.
Prøva blir samordna med den tilsvarande prøva i nyare verdshistorie (3502), slik at dei to prøvene vert haldne samstundes med til saman 6 timar. Studentar som får prøva vurdert til ikkje bestått, kan nytte ekstraordinær prøve i slutten av semesteret. Sluttprøva er ei skoleprøve (essay-oppgåve 4 timar) i første halvdel av desember. Heile pensum kan prøvast.
Studentar med bestått undervegsprøve som får ikkje-bestått ved sluttprøva, treng ved seinare kontinuasjon berre ta opp att sluttprøva.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no