Studiehandbok 2004/2005

3503 Valemne i verdshistorie

Omfang
10 studiepoeng

Undervisning
Seminar (unntaksvis: forelesing).

Målsetjing
Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar i to valemne, eitt frå tida før 1750 og eitt frå tida etter 1750. Kvart emne har eit pensum på 300-350 sider. Emna skal leggje til rette for ei djupare og meir problematiserande forståing av historia enn ein til vanleg får i oversynspensum.
Til vanleg vil det vere tilbod om undervisning i fleire emne. Undervisninga kan gjerast obligatorisk i eit eller fleire av emna. Studentar som ikkje følgjer undervisning, kan få innskrenka rett til emneval, eventuelt bli pålagde å ta på førehand fastsette emne, sjå semesterkatalogen.

Vurdering/eksamen
Den einskilde studenten skal skrive ei heimeoppgåve i førstninga av november (ei veke). Oppgåva vert gjeven av faglærar og skal ha nær tilknyting til undervisninga. I tillegg til pensum i emna kan òg annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn. Slike tillegg får studentane utlevert i kopi. Heimeoppgåva kan vere knytt til berre det eine eller til begge emna.
I tillegg til heimeoppgåva vert det òg halde ei supplerande munnleg prøve. Normalt vil minst ein tredjedel av studentane bli kalla inn til munnleg prøve. Innkallinga skjer ved oppslag, og den munnlege prøva er obligatorisk for dei som blir kalla inn. Heile pensum (begge emna) kan prøvast ved den munnlege prøva.
Det vert gjeven ein samla karakter som gjeld heile studiedelen. Studentar som ikkje blir kalla inn til munnleg prøve, får karakteren fastsett på grunnlag av heimeoppgåva.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no