|
Studiehandbok 2004/2005
3506 Fordjupingsemne i norsk historie
Omfang
10 studiepoeng
Undervisning
Seminar (unntaksvis forelesing)
Målsetjing
Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar og innsikt i to emne, eitt frå
tida før 1800 og eitt frå tida etter 1800, kvart emne med eit pensum på om
lag 350 sider. Emna skal studerast særleg inngåande, slik at ein kjenner så
vel kjeldegrunnlag som relevant forskingslitteratur, og dessutan kan drøfte
tema frå emna i ein meir krevjande fagleg samanheng. Ein føreset naudsynte
kunnskapar i norsk historie oversyn.
Til vanleg vil det vere tilbod om undervisning i fleire emne. Undervisninga kan
gjerast obligatorisk i eit eller fleire av emna. Studentar som ikkje følgjer
undervisning, kan få innskrenka rett til emneval, eventuelt bli pålagde å ta
på førehand fastsette emne, sjå semesterkatalogen.
Vurdering/eksamen
1. Mappevaluering med avsluttande heimeoppgåve, som blir gjennomført slik
at studentane i løpet av seminarundervisninga leverer to skriftlege oppgåver i
kvart emne. Etter avtale med faglærar kan ei av dei skriftlege oppgåvene i eit
emne erstattast av ei munnleg framføring i seminaret.
Studentar som ikkje følgjer undervisninga, skal levere oppgåver i samsvar med
fristar som står i semesterkatalogen.
I slutten av undervisningsperioden, seinast ei veke før undervisningsslutt,
melder den einskilde studenten frå til vedkomande faglærar om kva oppgåve av
dei fire/og eller andre tema som ho/han vil arbeide vidare med i ein
arbeidsperiode (2 veker) etter avslutninga av seminaret. Med meldinga skal
følgje ei skisse/plan for oppgåva, som skal godkjennast av faglærar. Oppgåva
må leverast innan fastsett frist. Oppgåvene er individuelle (ikkje
gruppeoppgåver/gruppearbeid).
Studentar som tek årsstudiet som fjerde år i ei allmennlærarutdanning, skal
skrive oppgåve med didaktisk innhald og problemstillingar relaterte til
formidling av faget.
Særordning: Studentar som ikkje følgjer undervisninga, kan få pålegg om å
skrive ei oppgåve faglærar gjev, med fastsett frist for innlevering. I tillegg
til pensum kan òg annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller
kjeldestoff dragast inn i samband med oppgåvegjevinga. Det går fram av
semesterkatalogen om denne ordninga vert gjort gjeldande i det aktuelle
semesteret.
2. Det vert halde ei supplerande munnleg prøve. Normalt vil minst ein
tredjedel av studentane bli kalla inn til munnleg prøve. Innkallinga skjer ved
oppslag, og den munnlege prøva er obligatorisk for dei som blir kalla inn.
Heile pensum kan prøvast ved den munnlege prøva. Eksamen vil normalt vere
avslutta i byrjinga av mai.
Det vert gjeve ein samla karakter i studiedelen. Alle innleverte arbeid og
munnlege prestasjonar tel med i karakteren.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|