Studiehandbok 2004/2005

P3307 Feltarbeid med rapport

Omfang
30 studiepoeng

Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, skrivegrupper, individuelt (og eventuelt gruppebasert) arbeid med prosjektomtale, feltarbeid/praksis i 6 veker og analytisk rapport. Studenten må rekne med utgifter i samband med feltarbeidet.

Mål
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande metodisk og praktisk kompetanse i til dømes organisering, prosessleiing og evaluering innanfor kulturfeltet. Studenten skal kunne førebu og gjennomføre eit feltarbeid i ein organisasjon/institusjon innan offentleg eller privat sektor. Studenten skal på bakgrunn av praktisk erfaring og datagrunnlag kunne analysere prosessar han/ho har delteke i, styrt eller vore vitne til og framstille dette i ein skriftleg rapport.

Innhald
Kurset er sett saman av følgjande komponentar:
Innføring i metode
Frå ide til praksis; prosjektomtale
Førebuing og tilrettelegging for praksis/feltarbeid
Feltarbeid/praksis
Frå data til tekst; rapportskriving
Tilhøvet mellom teori og praksis

Det er ikkje høve til praksis/feltarbeid der studenten sjølv har ei kunstnarleg rolle.

Evaluering
Prosjektomtale (4-5 sider) og analytisk rapport ( om lag 20 sider).Gradert karakter der prosjektomtala tel 30 % og analytisk rapport tel 70 %. Karakteren blir gjort kjent ved oppslag. Munnleg framlegging (open) som kan justere karakteren.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no