Studiehandbok 2004/2005

SO 220 481
BA i historiske fag

BA i historiske fag gjev ei inngåande forståing av samfunn, kultur og tenkning i eit historisk perspektiv. Utdanninga kan brukast på mange arbeidsområde, som undervisning, journalistikk/massemedia, kulturverksemd, museums- arkivarbeid og saksbehandling innan offentleg og privat administrasjon. Studiet gjev høve til fordjupingar på 80 studiepoeng eller meir i anten historie eller idéhistorie. Fordjupinga/ne i historie/idéhistorie gjev etter nærare reglar undervisningskompetanse i faga. For dei som tenkjer seg å bruke utdanninga i skolen, rår ein til å kombinere fordjupinga med ei 60?studiepoengseining i eit anna skolefag. Dei må ha praktisk pedagogisk utdanning i tillegg. Ein kan nytte ein BA i historiske fag som grunnlag for MA i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark. Likeeins kan ein normalt byggje på graden ved overgang til MA-studium ved andre høgskolar og universitet.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no