|
Studiehandbok 2004/2005
HIT 220 926
Nordisk historie/lokalhistorie,
påbyggingsstudium 30 studiepoeng
Halvårsstudium i nordisk historie/lokalhistorie utgjer eit studieprogram på 30 studiepoeng med normert
studietid på eitt semester. Til vanleg går studiet i haustsemesteret.
Haustsemesteret 2003 vert det berre undervist nordisk historie, og det er ikkje
høve til å ta lokalhistorie.
Halvårsstudiet er eit påbyggjingsstudium i høve til historie årsstudium, sjå nærare om dette i eigen omtale. Halvårsstudiet kan likevel
takast som særskild fageining saman med anna høveleg utdanning (jfr. nedanfor).
Fagkombinasjonar, nivå og kompetanse
Halvårsstudiet byggjer på historie årsstudium eller eit
tilsvarande studium. Historiestudia kan kombinerast med andre studium ved
høgskolar og/eller universitet i ein bachelorgrad. I ein overgangsfase kan det
framleis byggjast inn i ein cand.mag.-grad. Ein kan òg nytte studiet som del av
eit fjerde år i ei allmennlærarutdanning. Etter eldre ordning er studiet
godkjent som tilleggsutdanning for lærarar med lærarprøve i høve til reglane
om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Dei to studia, årsstudiet og påbyggjingsstudiet, gjev til saman 90 studiepoeng.
Påbyggingsstudiet inngår i bachelorprogrammet BA i historiske fag med
fordjuping i historie. Kombinasjonen oppfyller òg kravet til den
spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for dei som ønskjer å gå vidare
til eit masterstudium i historie ved eit av universiteta.
Ein kan likeeins nytte ein bachelorgrad med fagleg fordjuping i historie som
grunnlag for hovudfaget i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.
Historie i arbeidslivet
Historiestudium vil for mange inngå i ein bachelorgrad (jfr. ovanfor). Historie
gjev da etter nærare reglar, m.a. om praktisk-pedagogisk utdanning eller
innpassing i fireårig allmennlærarutdanning, kompetanse for undervisning i
skoleverket. Historiefaget høver òg godt innanfor ei medieutdanning, t.d.
saman med journalistutdanning eller anna medieutdanning. Saman med andre
samfunnsfag, kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gje arbeid
innanfor offentleg og privat administrasjon. Går ein vidare i historiestudiet
til mastergrad (tidlegare hovudfag), har ein ei sjølvstendig historieutdanning
på høgt nivå som kan høve for undervisning, arbeid i museum, arkiv o.l., og
i andre samanhengar. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.
Opptaksgrunnlag
Opptaksgrunnlaget er samla karakter på historie årsstudium.
Studentar som er i gang med årsstudiet og som har stått ved minst ein eksamen
(gammal studieordning t.o.m. 2002-03), kan ta til med studiet på dette
grunnlaget, men får først vitnemål for påbyggjingsstudiet når dei har teke
heile årsstudiet. Andre søkjarar som har individuelle kvalifikasjonar,
og/eller vil kombinere studiet med anna høveleg høgre utdanning, kan søkje om
opptak på individuelt grunnlag. Kvalifikasjonar må kunne dokumenterast.
Kunnskapar i norsk historie som om lag svarer til kravet for årsstudium
historie, må reknast som naudsynt startgrunnlag. Studentar som ikkje
skal/kan nytte studiet som påbyggjingsstudium, vil få
karakterutskrift for bestått studium i "30 studiepoeng nordisk
historie".
3507 Nordisk historie - oppbygging og gjennomføring
Historieforskinga i dei nordiske landa har tradisjonelt vore mest oppteken av
nasjonalstatane. Halvårsstudiet tek utgangspunkt i at Norden kan oppfattast som
ein heilskap med kulturelle, sosiale og politiske særdrag. Studiet vil lyfte
fram det nordiske perspektivet, og gje innsyn i kva den nordiske samanhengen har
hatt å seie i historia, og i korleis vi kan forstå viktige forskjellar og
likskapar mellom dei nordiske landa. Studiet vil vidare gjere studentane kjende
med historisk arbeidsmåte og grunnlaget for historisk kunnskap.
Påbyggjingsstudiet vil normalt utgjere eitt semesters arbeid. Det totale
pensumet er på om lag 2300 sider. Det er sett saman av fire delar: 1)
Metode/teori med eit pensum på ca. 400 sider. 2) Nordisk historie oversyn med
eit pensum på ca. 550 sider. 3-4) To emne med eit pensum på ca. 700 sider
kvar. Emna gjev høve til meir inngåande studium. Dei er først og fremst
tematisk avgrensa, og det kronologiske spennet vil kunne variere. Dei vil ta for
seg problemstillingar som ligg særleg til rette for eit nordisk perspektiv.
Historiografisk stoff vert integrert i emnestudia. Tilbodet av emne vil kunne
variere frå det eine året til det neste.
Det er høve til å velje individuelle pensa eller pensumdelar som alternativ i
samråd med faglærar(ar).
Hausten 2003 vil det bli undervist i emna "Politisk kultur, normer og
sosial kontroll i Norden 1500-1800" og "Nordisk politisk kultur og
'den nordiske modellen'. Tida etter ca. midten av 1800?talet".
Undervisnings- og arbeidsformer
Undervisningsformene vil veksle mellom forelesingar og seminar. Undervisninga er
i regelen ikkje obligatorisk, og i slike høve kan studentane melde seg opp til
eksamen utan å ha følgt undervisning. Ein rår likevel til at undervisninga
blir følgt regelfast. Dersom delar av undervisninga er obligatorisk, vil dette
gå fram av semsterkatalogen.
Studentar som ikkje følgjer undervisninga (heilt eller delvis), kan få pålegg
om ei eller fleire oppgåveinnleveringar som obligatoriske arbeidskrav og
vilkår for å gå opp til eksamen (sjå nedanfor). Faglærar er ansvarleg for
slike pålegg. Normal frist for innlevering av oppgåver vil vere om lag to
veker.
Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum
og studieproblem i eigne kollokviegrupper.
I tillegg til undervisninga på høgskolen vil studiet omfatte ein ekskursjon
på 4-7 dagar. Ekskursjonen vil normalt kome i oktober. Ekskursjonen må sjåast
på som i prinsippet obligatorisk, og studentar som har grunnar til ikkje å
vere med, må melde frå om dette tidleg i semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav
Det kan bli fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver,
som gjeld alle studentane. Opplysningar om slike krav vil ein finne i
semesterkatalogen. Oppfylling av obligatoriske arbeidskrav er eit vilkår for å
gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav vert ikkje evaluerte i eksamenssamanheng og kjem i
tillegg til obligatoriske heimeoppgåver som inngår i eksamen/evaluering.
Faglærar kan kalle studenten inn til samtale før endeleg godkjenning av
innleverte oppgåver.
Evaluering/eksamen
Eksamen består av a) undervegsprøve i metode/teori og nordisk historie
oversyn (skoleeksamen første halvdel av oktober), b) sluttprøve i dei
to emnestudia (heimeeksamen pluss munnleg prøve seint november-desember). Det
blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for bestått
og F for ikkje bestått. Prøva i metode/teori/oversyn tel ein tredjedel og
prøva i emnestudia tel to tredjedelar av samla karakter for halvårsstudiet.
Ved kontinuasjonseksamen seinare semester vert heimeoppgåva i dei to emnestudia
på visse vilkår erstatta av skoleeksamen.
Sjå elles nærare utgreiing nedanfor under omtalen av dei einskilde kursa.
Studentane har plikt til sjølve å gjere seg kjende med og rette seg etter
dei opplysningane som kjem i semesterkatalogen om eventuell emneregistrering,
oppmelding til eksamen, krav om pensummelding, innlevering av oppgåver o.l.
Dei einskilde kursa
Metode/teori
Undervisning
Forelesing/seminar
Målsetjing
Det vil bl.a. bli lagt vekt på komparasjon og bruk av kvantitative og
kvalitative metodar. Omgrepet "Norden" vil bli drøfta spesielt.
Vurdering/eksamen
Metode/teori og Nordisk historie oversyn vert prøvt i ein skoleeksamen (4 timar)
i første halvdel av oktober (undervegsprøve). Bestått prøve er eit vilkår
for å gå opp til sluttprøve i emnestudia (sjå nedanfor).
Ekstraordinær prøve
Studentar som ved sensur ikkje består undervegsprøva i metode/teori/oversyn,
kan likevel gjennomføre eksamen same semester gjennom ei ekstraordinær
delprøve, svarande til undervegsprøva, i slutten av semesteret (like før
eller etter ordinær sluttprøve/heimeoppgåve). Delprøve og sluttprøve/heimeoppgåve
vert sensurerte saman, og ein må bestå begge prøvene (ikkje-bestått i ei
prøve tyder òg ikkje-bestått i den andre). Ekstraordinær delprøve er berre
open for studentar som ved sensur ikkje bestod undervegsprøva eller hadde
gyldig forfall. Den kan ikkje nyttast av studentar som trekte seg frå
undervegsprøva eller leverte blankt. Den kan heller ikkje nyttast for å
forbetre karakteren i ei bestått undervegsevaluering.
Kontinuasjonseksamen, sjå
særskilt orientering til slutt i planen.
Nordisk historie oversyn
Undervisning
Forelesing/seminar
Målsetjing
Kurset skal gje studentane ei kort innføring i hovudtrekka i nordisk historie
frå mellomalderen til 1900-talet, med ei viss tematisering.
Vurdering/eksamen
Kurset blir evaluert saman med kurset i metode/teori i ei undervegsprøve, sjå
ovanfor.
Politisk kultur, normer og sosial kontroll i Norden 1500-1800
Undervisning
Forelesing/seminar
Målsetjing
Statssystema og dei sosio-økonomiske tilhøva var ulike i dei nordiske landa i
tidleg nytid. Emnet vil ta opp i kva grad dette kjem til uttrykk i den politiske
kulturen og i sosialiseringa av folket.
Innhald
Emnet har to tyngdepunkt. For det første skal ein studere den politiske
kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og
avgjerdsprinsipp. På kva måte hadde bondestanden høve til å øve innverknad
og bli høyrt gjennom ulike administrative og politiske kanalar? Dernest skal
ein studere korleis den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa
av folket fungerte, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handterte,
først og fremst slik det kjem til uttrykk ved domstolane og i rettsmaterialet.
Emnet blir behandla over eit lengre tidsspenn ut frå eit politisk, sosial- og
kulturhistorisk perspektiv, der det blir lagt vekt på endringar over tid og på
samanlikning mellom grupper, mellom kjønn og mellom dei nordiske landa. Fokus
blir retta mot menneska som aktørar i deira relasjon til styresmaktene og til
kvarandre.
Vurdering/eksamen
Det vert halde ein eksamen i dei to emnestudia i slutten av semesteret (heimeoppgåve
to veker pluss munnleg prøve). Heimeoppgåva vert gjeven av faglærar/faglærarar
og skal ha nær tilknyting til undervisninga. I tillegg til pensum i emna kan
òg annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast
inn. Slike tillegg får studentane utlevert i kopi. Heimeoppgåva kan vere knytt
til berre det eine eller til begge emnestudia.
Den munnlege prøva supplerer den skriftlege. Berre studentar som har bestått
den skriftlege prøva, blir kalla inn til munnleg prøve. Pensum i begge
emnstudia kan prøvast ved den munnlege prøva. Det vert gjeve ein samla
karakter for begge prøvene.
Kontinuasjonseksamen, sjå
særskilt orientering til slutt i planen.
Nordisk politisk kultur og 'den nordiske modellen'. Tida etter ca. midten av
1800?talet
Undervisning
Forelesing/seminar
Målsetjing
I dette emnet vil ein sjå nærare på utviklinga av og grunntrekk ved ein
nordisk politisk kultur og vurdere kor særmerkt han er sett i ein større
samanheng, om det t.d. finst ein særnordisk variant av velferdsstaten.
Innhald
I før?industriell tid var dei nordiske landa ulike både når det gjaldt
økonomiske og politiske system. Trass i dette utvikla dei system med sterke
ytre likskapar (sterk offentleg sektor, sterkt folkeleg engasjement, kompromiss?
og konsensuspolitikk, korporatisme). I dette emnet vil ein sjå nærare på
viktige faktorar i denne utviklinga og også koma inn på forskjellar dei
nordiske landa imellom. I tillegg til økonomiske og sosiokulturelle strukturar
vil ein sjå på betydninga av politiske ideologiar. Mellom anna vil det bli
lagt vekt på gjensidige relasjonar mellom stat og næringsliv (landbruk,
industri etc).
Vurdering
Det vert halde ein eksamen i de to emnestudia, sjå nærare ovanfor.
Kontinuasjonseksamen i vårsemesteret vert berre halden for studentar som
hadde gyldig forfall eller ikkje bestod eksamen siste haustsemesteret. Det er
eit vilkår for kontinuasjon i vårsemesteret at studenten i haustsemesteret
oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også leverte heimeoppgåva (med
mindre det låg føre gyldig forfall).
Kontinuasjonseksamen i undervegsprøva (metode/teori/oversyn) vert halden i
byrjinga av mai som ein skoleeksamen på 4 timar, lik undervegsprøva i
haustsemesteret.
Kontinuasjonseksamen i sluttprøva (dei to emnestudia) vert halden som ein
skoleeksamen på 8 timar (utan munnleg prøve) i byrjinga av juni. Studentar som
har ei bestått undervegsprøve frå eit tidlegare semester, treng berre gå opp
til sluttprøva.
I haustsemesteret må kontinuantar (studentar frå eit tidlegare studieår) ta
undervegsprøva saman med dei ordinære studentane og på same vilkår som dei.
Dei tek sluttprøva som ein skoleeksamen på 8 timar (utan munnleg prøve). Dei
skal leggje opp dei same emnestudia som i det opphavlege semesteret.
Kontinuanter som ikkje består undervegsprøva, kan nytte ordninga med
ekstraordinær prøve (sjå ovanfor) på same vilkår som dei ordinære
studentane.
Det er eit vilkår for å nytte kontinuasjonsforma nemnd ovanfor at studenten i
det opphavlege studieåret oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også
leverte heimeoppgåva (med mindre det låg føre gyldig forfall). Desse
kontinuantane vert då fritekne frå nye obligatoriske arbeidskrav.
Studentar som ikkje fyller vilkåra for å kontinuere etter denne ordninga, skal
gjennomføre heile det ordinære studie- og eksamensløpet i haustsemesteret.
Dei må leggje opp emne som står på undervisningsprogrammet det aktuelle
semesteret, og levere oppgåver på vanleg måte.
Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005
Tilrettelagt for vev Ralph.Stalberg@hit.no
|