Studiehåndbok 2004/2005

Masterstudium i natur-, miljø- og helsevern, spesielt tilrettelagt for bioingeniørar

I samarbeid med det bioteknologiske miljøet i Grenland (Telelab, Bionor Immuno og Sykehuset Telemark (YMA)) er det utvikla ein variant av masterstudiet i natur-, helse- og miljøvern som er spesielt tilrettelagt for bioingeniørar. Samarbeidet omfattar mellom anna bruk av fagpersonale i undervisninga med høg fagleg kompetanse og lang erfaring med laboratoriearbeid. Det krevst totalt 120 studiepoeng, der 60 studiepoeng omfattar seks masteremne på 10 studiepoeng kvar. Resten er ei masteroppgåve på 60 studiepoeng som i hovudsak går over det siste året av studiet.

Fire av masteremna er obligatoriske:

  • Naturvitskaplege metodar (10 studiepoeng)
  • Bioteknologi (10 studiepoeng)
  • Medisinsk mikrobiologi og immunologi (10 studiepoeng)
  • Bioinformatikk (10 studiepoeng)

Det to siste masteremna kan veljast fritt.

Undervisninga blir så langt råd er lagt til rette slik at bioingeniører kan gjennomføre studiet mens dei er i arbeid. Emna er derfor modulbaserte og blir undervist intensivt over periodar på ca. 3 ukar. På dei fleste emna er der obligatorisk frammøte på større eller mindre delar. Særleg gjeld dette emne med laboratoriearbeid

For mer informasjon om masterstudiet se:
Mastergrad i natur-, helse- og miljøvern


Høgskolen i Telemark
Studiehåndbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no