15 år med kristen-muslimsk dialog i Norge
ODDBJØRN LEIRVIK
Trykt i Norsk Tidsskrift for Misjon
3: 2003.
I denne artikkelen vil eg prøve å
oppsummere nokre karakteristiske trekk ved kontakten mellom kristne og muslimar
i Norge dei siste femten åra.[1] Kvifor 15 år? Det er ofte vanskeleg å slå
fast når noko byrja. Muslimske innvandrarar til Norge har vi hatt frå
1970-talet. Like lenge har det rimelegvis vore uformelle samtalar mellom
muslimar og kristne i Norge. På 1970-talet vart også grunnlaget lagt for
misjonsorganisasjonane sitt fellestiltak Kristent Innvandrerarbeid (i dag:
Kristent Interkulturelt Arbeid). I slike samanhengar har det heilt frå tidleg
på 1980-talet utspunne seg kristen-muslimske samtalar på det meir personlege
planet, innanfor ei diakonal (og somme tider evangeliserande) ramme.
Før dialogen: kontakt
På slutten av 1980-talet vart så dei første
initiativa tatt til ein meir organisert kontakt mellom kristne og muslimske
trussamfunn i Oslo. Medan ”kristent innvandrararbeid” av ulike slag vender seg
til muslimar som einskildmenneske, har ”kristen-muslimsk dialog” som avgjerande
utgangspunkt at ein møtest som likestilte medlemmer av kvar sine
trusfellesskap.
For femten år
sidan, i september 1988, inviterte Den norske kyrkja i september representantar
for muslimske trussamfunn til ein konferanse i Oslo om ”Norge som flerkulturelt
samfunn”. Ein av verkstadene på denne konferansen bar tittelen ”Norske kristne
møter norske muslimer”, og kom til å handle om noko så sentralt som bønn.[2]
Møtet i
september 1988 hadde mange av dei kvalitetane som ein gjerne held for å vere
konstituerande for ein ekte dialog. Det var møte ansikt til ansikt mellom
likeverdige partar, i ein trygg atmosfære av personleg deling og gjensidig
lytting. No vil ein gjerne i definisjonar av religionsdialog også finne eit anna element, nemleg opninga
for at partane – over tid – kan bli gjensidig forandra gjennom samtalen.[3]
Mange legg vekt på samhandlingselementet og meiner at ein religionsdialog – for
å fortene namnet – bør ha eit element av ”diapraksis” i seg.[4]
Ikkje all kontakt mellom kristne og muslimar
fortener nødvendigvis karakteristikken dialog.
Mange stader vil kontakten mellom kristne og muslimar, med tilhøyrande
tillitsskapande tiltak, trenge fleire år før ein kjem så langt at ein for alvor
kjem i samhandling, på ein måte som eventuelt også kan forandre noko hos begge
partar.
Slik sett fekk
det første permanente forumet for kristen-muslimske samtalar i Norge,
”Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd”, eit passande namn då
det vart skipa i 1992-93. Før eg går nærare inn på utviklinga av dei ulike
kontaktskapande tiltaka mellom kristne og muslimske trussamfunn på 1990-talet,
vil eg gi tre situasjonsbilete frå året 1990. Situasjonsbileta set spørsmålet
om kontakt og dialog mellom kristne og muslimar i Norge inn i ei vidare,
allmennkulturell ramme.
Det første
situasjonsbiletet er henta frå Grünerløkka, frå den tida eg var prest i Paulus
kirke og gjorde mine første forsøk på dialog mellom kyrkje og moské i Oslo.
Sommaren 1990 var det ein heit debatt i media om muslimske menn sin manglande
respekt for lettkledde norske kvinner, og ein påfølgjande diskusjon om topplaus
soling. Paulus kirke har kyrkjedøra vendt ut mot ein av austkanten sine mange
parkar, Birkelunden, som på den tida var full av topplause damer på varme
sommardagar. Ein dag eg står utanfor kyrkja kjem ein av mine kjenningar frå den
pakistanske indremisjonsmoskeen til Tabligh-rørsla bort til meg og vil vite kva
eg og kyrkja meiner om desse halvnakne damene som legg seg ned rett utanfor
kyrkjedøra. Eg prøvde meg med eit resonnement om lag som dette: Vi treng vel
ikkje skamme oss over den kroppen Gud har gitt oss – men kan godt nøye oss med
å kle av oss på badestranda og ikkje stille ut alt midt i byen. Min muslimske
nabo var nok heilt klart misnøgd men slik tåketale og var for sin eigen del
klinkande klar i si sak: Kle av deg gjer du berre for den du er gift med.
Punktum.
No høyrer det med
til historia at vesle kristen-muslimske samtalen om halvnakne damer var som eit
ekko av ein meir indrekyrkjeleg dialog frå søndagen før. Då hadde Paulus kirke
besøk av ei konfirmantgruppe og skuleklasse frå Lesja. Også ein av lærarane frå
bygdeskulen merkar seg dei topplause damene i Birkelunden. Han lurer på kva bypresten
meiner, og seier: "Det skulle blitt ramaskrik om nokon hadde lagt seg til
slik utanfor kyrkjedøra på Lesja!"
Kva er kultur og kva
er religion i slike spontane møte? Historia illustrerer kor store forskjellane
kan vere ikkje berre mellom den norske og den pakistanske kulturen, men også
innanfor den norske. Når det gjeld normene for sømmeleg klededrakt, kan
kulturforskjellane vere store også mellom dei muslimske kulturane. Dessutan er
både kulturar og moralsyn i stadig endring – i Oslo, på Lesja så vel som
Pakistan. Det høyrer med til historia at vel eit tiår etter spontandialogane i
1990 er det knapt ei topplaus dame å sjå i Birkelunden. Kva rolle spelar
eigentleg religionen i kulturelle endringsprosessar som stundom har eit
liberalt forteikn, stundom eit meir restriktivt?
I
samtalen mellom kristne og muslimar er det nødvendig å ha eit kritisk medvit om
religiøse og kulturelle endringsprosessar, og forholdet mellom religion og
nasjonalitet. Det andre situasjonsbiletet frå 1990 handlar om korleis den kristen-kulturelle
nasjonalkjensla i Norge har blitt aktivisert gjennom møtet med islam. På
Sjømannsmisjonen sitt årsmøte i 1990 var Rolv
Wesenlund invitert som folkekyrkjeleg gjestetalar. I talen sin kom han i følgje
avisreferata med sterke synspunkt på kristendommen sin plass i skulen. No må
skulen sin kristne profil styrkast, sa han – slik at borna våre kan ha noko å
stille opp med mot muslimane. "Wesenlund maner til åndskamp mot
islam", lydde overskrifta i Vårt Land. ”Vi skal ikke bare vende det andre
kinnet til, men våge å gå inn i en åndskamp med islam, som slett ikke er noen
tolerant religion”, formana han. Det Wesenlund ville forsvare med
formålsparagrafar, viste seg å vere noko som han kalla "vår norske,
protestantiske tro" – ei tru som nordmenn flest har ”en underlig
beskjedenhet over”.[5]
Etter
Wesenlunds tale var det ein del kristne (mellom andre Eivind Frøen) som meinte
at han burde bli æresbiskop for si klare haldning til den muslimske faren.[6] Dei faktiske biskopane, derimot, profilerte
det same året langt meir opne haldningar overfor muslimane. Det tredje
situasjonsbiletet frå 1990 handlar om den første vitjinga frå ein norsk biskop
i ein norsk moské. Avlidne biskop Bjørn Bue, som i oktober gjesta den største
pakistanske moskeen i Oslo, var med si fortid som misjonær vel vand med å
omgåast muslimar. I følgje Aftenposten vart det eit hjartevarmt møte, og
biskopen roste imam Chisti for hans gjestfrie haldning og hans utstrekte hand
til dialog. Sjølv uttalte Bue at ”Dialog er viktig fordi den kan skape sunn
toleranse samtidig som man blir seg bevisst hva man selv står for og tror på”.
Dei to avslutta møtet med å skåle for fråhaldssaka – i pakistansk te. Trass i
trusforskjellar var det ikkje vanskeleg for dei å finne fram til hjartespråket,
og dei hadde heller ingen problem med å stå saman om ei motkulturell hjartesak
som i Norge (til forskjell frå meir alkoholliberale kristne kulturar) er like
kristen som ho er muslimsk.[7]
1990-talet:
institusjonalisering av kontakten, endring av haldningar
Til saman gir dei tre situasjonsbileta frå
1990 hint om dei ulike dimensjonar ved det kristen-muslimske møtet i Norge. For
det første er både kristne og muslimar delt seg i mellom når det gjeld moralsyn
og kulturbestemte levevis, noko som er i stadig endring på begge sider. For det
andre har ein – frå 1990 og fram til i dag – sett mange eksempel på at
kyrkjemedlemmar og særleg eitt politisk parti har brukt kristendommen som eit
kulturelt skjold mot islam. Somme tider har skepsisen mot islam og muslimar fått
såpass fiendslege uttrykk at kyrkjeleiarar har funne grunn til å åtvare mot
nasjonalreligiøse overslag.
I september
1997 skjedde det på nytt noko historisk i den moskeen som biskop Bue gjesta.
Kristenleiarar frå alle delar av norsk kyrkjeliv – frå Misjonssambandet til
Norges Kristelige Studentforbund, frå pinsevennar til katolikkar – samla seg i
ein felles kritikk av Fremskrittspartiets valkampomtale av muslimane som ein
fare for det norske samfunnet. Saman gjekk kristenleiarane til moskeen for å
uttrykke sin solidaritet med muslimane. I det hyrdebrevet som vart sendt ut og
også gitt til muslimane, gav ein sjølvkritisk uttrykk for at kristne miljø har
eit stort arbeid å gjere for å rydde opp i hundreårsgamle fordommar mot
muslimar.[8] Alt i mai 1996 hadde Mellomkyrkjeleg Råd
funne grunn til å åtvare mot at ”norske politikere i høyt betrodde verv gjennom
sin offentlege virksomhet bidrar til å skape splittelse mellom norske borgere
på grunnlag av deres religion”.[9]
Vinteren
1997 sende elles Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd elles ut
ei felles oppmoding til moskear og kyrkjelydar om å ta initiativ til ”en større
grad av lokal kontakt mellom kristne og muslimske menigheter ... Ved å vise at
vi har kontakt med hverandre, kan vi demme opp for krefter som bidrar til at
det skapes fiendebilder mellom kristne og muslimer”.[10]
Kontaktgruppa vart skipa på bakgrunn av eit brev som Mellomkyrkjeleg Råd sende
til muslimske organisasjonar i desember 1992. Det var i denne prosessen at
Islamsk Råd vart etablert som eit fellesorgan for muslimane i Norge.[11]
I Vårt Lands referat frå det første kontaktmøtet i desember 1992 , kunne ein lese at ”Muslimer og kristne ønsker å
gjøre felles front i kampen mot rasisme, partnerskapsloven og alkoholisme”.[12]
Trass i utsiktene til kristen-muslimske alliansar omkring konservative
hjartesaker, frykta dåverande generalsekretær i Den norske Muhammedanermisjon
Karl Johan Hallaråker at møtet var ”et ledd i en form for internasjonal
religionsblanding”.[13]
Det næraste ein har kome religionsblanding i Kontaktgruppa er nok at det på eit
møte hos Islamic Cultural Centre i 1995, der vanskelege saker som det
annonserte KRL-faget og dødsdommar mot kristne i Pakistan stod på dagsordenen,
vart resitert frå Koranen og bedt ei bøn i Jesu namn før møtet byrja.[14]
Det er elles
heilt andre saker enn partnarskapslov og alkoholpolitikk som har stått i fokus
for Kontaktgruppa sitt arbeid.[15]
Forholdet mellom minoriteten og majoriteten har vore eit dominerande fokus. Det
må nok også seiast at Kontaktgruppa si samansetting ikkje inviterte til
konservative alliansar av det slaget som nokre kanskje ønskte seg.
Det mest
omfattande prosjektet som Kontaktgruppa har tatt initiativ til, handla om
kvinners erfaringar og blikk og er dokumentert Anne Hege Grung og Lena Larsen si
bok Dialog med og uten slør.
Kvinnene bak prosjektet kom med følgjande utfordring til sine respektive
trussamfunn:
Kvinner – og i Norge gjelder nok dette flare
muslimske enn kristne kvinner – blir dessverre oftare enn menn hengvist til å
erfare mye av virkeligheten annenhånds, gjennom erfaringer gjort av sine menn
og av sine barn. Når kvinner møtes i dialog blir vi utfordret tilå være
deltakere, til å gjøre våre egne erfaringer og til å bekrefte hverandre som
aktive subjekter.[16]
Det som elles viste seg å bli ein
gjengangar på Kontaktgruppa sin agenda, var spørsmålet om
religionsundervisninga si framtid. I juni 1994 sende Kontaktgruppa eit brev til
kyrkje- og undervisningsminister Gudmund Hernes med overskrifta ”Et større rom
for etikk og religion i skolen”. Her tok ein til orde for ein kombinert modell
der religions- og livssynsundervisning i skilde grupper (med islamkunnskap som
eit tredje alternativ til kristendom og livssyn) kunne veksle med ”en ny type
fellessundervisning i etikk, religion og livssyn”.[17]
I 1994 var kombinasjonsmodellen ei mykje diskutert løysing som både KrF og
Institutt for Kristen Oppseding viste interesse for. Men då KRL-faget vart
lansert i 1995, viste det seg snart at både KrF og sentrale kyrkjelege aktørar
allierte seg med Arbeidarpartiet og gjekk inn for å erstatte ordninga med
alternative tilbod med eit fullt utbygd fellesfag. Striden om KRL-faget som
toppa seg i dei rettssakene som Islamsk Råd og Human-Etisk Forbund reiste mot
staten, er vel kjend og skal ikkje repeterast her.
Kontaktgruppa
sin funksjon i denne vanskelege saka har vore å tilby ein open
kommunikasjonskanal mellom kristne og muslimar. Det må nok likevel seiast at
kyrkjelege organ sin entusiasme for ”det utvida kristendomsfaget” var såpass stor
at Kontaktgruppa berre delvis lukkast i å få fram forskjellen på kyrkjeleiarane
og politikarane sitt syn. Eit velmeint forsøk frå Kontaktgruppa i oktober på å
formulere eit felles synspunkt stranda og resulterte i at eit brev som skulle
sendast til Hernes om ”Minoritetenes plass i det videre arbeid med det nye
kristendomsfaget”, i siste liten måtte trekkjast tilbake.[18]
Kontaktgruppa har ikkje berre tatt opp spørsmål som
gjeld den muslimske minoriteten sin situasjon i Norge men også situasjonen til
dei kristne i Pakistan og Sudan. Kanskje har Kontaktgruppa vore med på å skape
eit felles medvit om minoritetane sin sårbare situasjon, i Norge så vel som i
den muslimske verda (utan at dei nemnde eksempla elles kan samanliknast).
Trass i ulike syn på KRL-faget, er det liten tvil om
at nærkontakten med minoritetane har gitt Den norske kyrkja eit større medvit
om nasjonalreligiøsiteten sine farar og minoritetane sin prinsipielle rett til
å seie nei til velmeinte integrasjonsprosjekt. I 1995 fann muslimar, jødar,
humanetikarar, buddhistar og nyreligiøse saman i ”Aksjon livssynsfrihet i
skolen”. Men allereie året etter viste det seg at den tillitsbyggande kontakten
med kyrkjene hadde bore frukter. På tvers av usemja om KRL-faget, inviterte
minoritetane både Den norske kyrkja og Norges Frikirkeråd til å vere med på å
etablere eit felles ”Samarbeidsråd for tros- og livssynssamfunn.” Gjennom
Samarbeidsrådet og multilaterale dialogprosjekt som på 1990-talet vart
gjennomført av Nansenskolen (og seinare av Verdikommisjonen),[19]
har norske kristne og muslimar kunna øve seg i konstruktiv samtale ikkje berre
med kvarandre men også med for eksempel jødar og humanetikarar.
Det multilaterale Samarbeidsrådet har frå den spede
starten i 1996 utvikla seg til eit forpliktande, religionspolitisk forum. I
kjølvatnet av Samarbeidsrådet har det også vakse fram eit felles internasjonalt
engasjement for trus- og livssynsfridom, i ramma av Oslokoalisjonen for tros-
og livssynsfrihet som vart skipa i 1998. Oslokoalisjonen engasjerer i dag kristne,
muslimar, jødar, humanetikarar og buddhistar nasjonalt og internasjonalt til
prosjektretta arbeid for trusfridom og religionsdialog. Koalisjonen har
muslimen Lena Larsen som koordinator og har i 2003 både generalsekretæren i
Human-Etisk Forbund, leiaren for Buddhistforbundet og generalsekretærane i
Mellomkyrkjeleg Råd og Norges Frikirkeråd som styremedlemmer. I Oslokoalisjonen
er det ikkje eigeninteressene som styrer arbeidet, men ei felles forplikting på
globale, menneskerettslege standardar.[20]
Innstillinga frå det kyrkjelege stat-kyrkjeutvalet, Samme kirke – ny ordning (2002), viser kor stor vekt
menneskerettsbaserte jamstellingsprinsipp no har fått i leiande krinsar i Den
norske kyrkja.
Den første
leiaren for Samarbeidsrådet, frikyrkjegeneralen og pinsevennen Dag Nygård, vart
i 2002 vald som leiar for Oslokoalisjonen. Det er verd å merke seg at det også
innanfor frikyrkjene, pinserørsla inklusive, har skjedd avgjerande endringar i
haldninga til islam gjennom 1990-talet. Då World Islamic Mission kunngjorde
sine planar om å byggje sin monumentale moské i Oslo, gjekk Jan Aage Torp i
bladet SeiersTro ut med ei oppmoding om ”gjennom målbevisst, trossterk og
tålmodig bøn” å stoppe moskebygget som han meinte ville ”åpne opp for en bølge
av anti-kristelighet, anti-semittisme og ugudelighet i Norge”.[21]
Forlaget Hermon gav i 1997 ut boka Filisterne
der arabarane blir framstilt som naturlege løgnarar og islam som ein grusom
religion. Men det same året signaliserte forlaget Prokla Media at også heilt
andre haldningar var i framvekst i dei same miljøa, i boka Elsk disse araberne som åtvara mot korsfararhaldningar og mana
kristne til å møte islam og muslimar med respekt.[22]
Den fremste
eksponenten for endra haldningar i pinse- og trusrørsla er Aril Edvardsen, som
frå slutten av 1990-talet har engasjert seg i kristen-muslimsk dialog,
parallelt med si evangelistgjerning i muslimske land. Som oppfølging av ein
stor kristen-muslimsk dialogkonferanse i Pakistan i april 1999, der han
samarbeidde med framståande muslimske leiarar, arrangerte Edvardsen ein
tilsvarande konferanse i Oslo som kulminerte med eit minnerikt møte mellom
pinseleiarar, statskyrkjeprestar og imamar i bydelsmoskeen på Holmlia.[23] Aril Edvardsen, som var mellom
underskrivarane av hyrdebrevet mot muslimfrykt frå 1997, har i tale og skrift
åtvara mot å tale nedsettande om muslimane si gudstru og også gått langt i
retning av å seie at kristne og muslimar trur på den same Gud – ei tru som han
ønskjer å knyte positivt til når han forkynner fullendinga i Kristus.[24]
Frå 2000:
konfrontasjon, differensiering, samkjensle
Gjennom 1990-talet har den kristen-muslimske
kontakten blitt institusjonalisert, i bilaterale og multilaterale fora. Sjølv
om fokus ofte har vore sett på religionspolitiske saker, har dialogpartnarane
også kommunisert på det personleg og åndeleg planet. Det kyrkjelege
dialogsenteret Emmaus (som vart skipa i 1991
og blir drive av Areopagos) har med sitt doble fokus på ”dialog og
spiritualitet” styrkt den personlege dimensjonen ved dialogen.
Samla sett har
det gjennom 1990-talet blitt knytt nokså sterke vennskaps- og tillitsband
mellom sentrale aktørar på kyrkjeleg og muslimsk side. Det kritiske spørsmålet
er kor stor breiddeverknad dette har hatt. På begge sider ser ein stadig teikn
på at fordommar om den andre er i full vigør hos mange, og forskjellen på
leiarane og fotfolket sine haldningar er ofte slåande.
Dess tydelegare
blir det også at det ikkje lenger er råd å tale allment om forholdet mellom
islam og kristendom i Norge. Inngrodde fordommar brytast med endra haldningar,
og skeptisk avstand med tett samhandling.
Når det gjeld
allmennkulturen, er dei høglydte
konfrontasjonane jamt over meir iaugefallande enn den lyttande dialogen. Dei
mest eksplosive sakene har vist seg å ha med kvinnesak å gjere, i diskusjonar
om tvangsekteskap, kvinneleg omskjering og det stadig tilbakevendande tema
skautet. I oktober 2000 spela somaliske Kadra den sentrale rolla då TV2 med
skjult kamera ”avslørte” fire muslimske leiarar med afrikansk bakgrunn sitt syn
på kvinneleg omskjering. Seinare analysar har peika på at det to av desse
leiarane, som begge var aktive i 90-talets dialogarbeid, nok fekk hardare
medfart enn dei fortente (sjølv om dei kunne ha markert sin motstand mot
kjønnslemlesting klarare enn dei gjorde).[25]
Som eit resultat av denne saka, trekte norsk-gambiske Kebba Secka seg som leiar
for Islamsk Råd og også som medlem av Verdikommisjonen. Utfordringa i denne
vanskelege situasjonen, for medlemmene av Kontaktgruppa og andre dialogfora,
var å balansere omsorga for nære dialogpartnarar med solidariteten til utsette
jenter som er avhengige av at muslimske leiarar er klare og utvetydige i saker
der kvinners integritet står på spel.
Eit anna
resultat av omskjeringssaka var at Lena Larsen i november 2000 vart vald som ny
leiar for Islamsk Råd, kanskje som ei kvinnepolitisk markering frå rådet si
side. Men media sine positive reaksjonar på at Islamsk Råd valde ei kvinne som
leiar viste seg å vere kortvarige. Etter æresdrapet på Fadime i Sverige i
januar 2002, vart sympatien til mediene meir og meir flytt over på kvinnelege
muslimske dissidentar som Shabana Rehman. Alt i 2001 markerte seg Shabana
Rehman seg som eit religionskritisk røyst i det muslimske miljøet, med
kraftsatsar som ”De religiøses praksis kveler menneskets frihet. Til helvete
med dem!”[26]
Det er
interessant å merke seg at parallelt med at stadig fleire religionskritiske
innvandrarar med muslimsk bakgrunn (forfattaren Walid al-Kubaisi er eit anna
eksempel) har gjort sine røyster gjeldande i den offentlege debatten, har også
talsmenn for Human-Etisk Forbund skjerpa tonen overfor islam. I debatten etter
Fadime-drapet gjekk generalsekretær Lars Gule langt i retning av å gi islam
skulda for kvinneundertrykkande praksisar som har trivest i tradisjonelle,
muslimske kulturar.[27]
Levi Fragell følgde opp i mai 2003, i eit stort intervju som Dagbladet gav overskrifta ”Islam er livsfarlig”.[28]
I det aktuelle intervjuet gir Fragell uttrykk for nyanserte haldningar overfor
kristendommen men uttrykker seg bastant og sterkt kritisk om islam.
Dei sakene
Fragell set fingeren på – kulturhat mot Vesten, forfølging av avvikarar,
religiøst motivert terror – er spørsmål som ingen kristen-muslimsk dialog kan
oversjå. Muslimane på si side kan også ha sterke innvendingar mot mange sider ved
vestleg, kristen kultur. Spørsmålet er korleis ein kan utfordre kvarandre til å
ta stilling i kritiske saker i ein atmosfære der alle opplever at ein vil
kvarandre vel, og utan å gi etter for freistinga til å generalisere om den
andres religion. Erfaringane frå den organiserte trus- og livssynssamtalen frå
90-talet viser at dette er mogeleg, og dei unyanserte utspela frå humanetiske
leiarar fortonar seg slik sett som eit tilbakeslag.
Samtidig må
både kristne og muslimar erkjenne at religionane treng det kritiske blikket
utanfrå, og passe på at ein som dialogpartnarar ikkje blir så omsynsfulle mot
kvarandre at ein let vere å konfrontere fordomsfulle haldningar som kan ligge
der under overflata på begge sider (til dels også mellom leiarane, noko som frå
tid til anna har blitt avslørt i media).[29]
Ein del vanskelege saker har ein nok også skugga unna i dialogen. For eksempel
har jødar, kristne og muslimar i Norge enno ikkje greidd å ta opp
Palestina-konflikten til samtale.
Dei traumatiske
hendingane 11. september 2001 og den påfølgjande krigen mot terror har likevel
vist at jødar, kristne, muslimar og humanetikarar kan stå saman i kritiske
situasjonar, og dessutan at meiningsforskjellane om korleis ein best skal møte
terroren går heilt på tvers av religionsgrensene. Berre nokre få dagar etter 11. september stod
muslimske og kristne leiarar hand i hand saman med jødar og human-etikarar, i
ei stor offentleg markering mot religiøst motivert vald som Human-Etisk Forbund
tok initiativ til.[30]
Og den 25. september sende Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd
ut ei pressemelding der ein å oppmoda kristne og muslimar til å ”dele
hverandres bekymring og håp, og motvirke fordommer.”
Men då USA sette i verk sin krig mot terrorismen ved å
bombe Afghanistan, vart biletet straks meir komplisert. I Norge som i mange
andre vestlege land var det mange biskopar og andre kyrkjeleiarar som
kritiserte bombinga.[31]
Komiteen for Internasjonale Spørsmål i Den norske kyrkja karakteriserte tidleg
krigshandlingane mot Afghanistan som "etisk betenkelige og strategisk
ukloke".[32] Islamsk Råd
gjekk ikkje uventa ut med liknande synspunkt. Seinare vart det til og med sendt
eit felles brev frå generalsekretæren i Mellomkyrkjeleg Råd og den største
pakistanske moskeen i Oslo der ein kritiserte landets kristne statsminister for
å støtte altfor ukritisk opp om den amerikanske bombekampanjen (som Norge
seinare vart ein aktiv deltakar i). Saman kravde kristne og muslimske leiarar
stans i bombinga av humanitære grunnar og bad om at kampen mot terror ikkje
måtte førast på ein måte som påførte uskuldige sivile nye lidingar.[33]
Det kristen-muslimske brevet er eit eksempel på ei form for
tverr-religiøs aktivisme som etter sin natur er kontroversiell. Det var då heller
ikkje alle kyrkjeleiarar som var av same meining som Mellomkyrkjeleg Råd og dei
kritiske biskopane. Då Kyrkjemøtet behandla saka i november, måtte ein
konstatere ulike syn på kva verkemiddel som er forsvarlege og tenlege i den
globale kampen mot terror.[34]
I Afghanistan-saka stod kristne og muslimar saman – ikkje
berre mot den norske regjeringa, men også mot andre trusfellar som hadde andre
syn på den aktuelle saka (det må ikkje gløymast at mange muslimar i regionen
støtta krigen mot Taliban). Då krigen mot Irak braut laus i 2003, var biletet
like samansett internasjonalt sett, men meir harmonisk i Norge. Den norske
regjeringa valde som kjent ikkje å slutte seg til alliansen av dei
krigsvillige, og statsminister Bondevik tok på eit tidleg tidspunkt initiativet
til eit møte med kristne, muslimske og andre religiøse leiarar der han
understreka at Gud er hos dei lidande og tok avstand frå Saddam og Bush sine
forsøk på å ta Gud til inntekt for seg sjølve.[35]
Irak-krisa førte også til at muslimar og kristne kom saman til felles bøn for
fred i moskeen til World Islamic Mission. Her vart det både resitert Koran-vers
og kyrkjebøner, og då pateren i St. Hallvard etter å ha bedt Frans av Assisi si
fredsbønn stemde i Fader Vår, slutta heile den kristne delen av forsamlinga seg
spontant til – midt i moskeen.[36]
Om ein skulle vere optimistisk, kunne ein
seie at tillitsbygginga mellom kristne og muslimar har ført til eit skjerpa
medvit på begge sider om minoritetane sin utsette situasjon og det sårbare
mennesket sitt behov for vern i alle konfliktar. Men korleis slike verdiar skal
konkretiserast politisk, er det usemje om på begge sider.
Kanskje er
dette ei av dei sentrale erkjenningane som har vakse fram gjennom religionsdialogen,
nemleg at dei avgjerande moralske og politiske forskjellane faktisk svært
sjeldan følgjer religionsgrensene. Kva anten det gjeld tradisjonelle
livsstilsspørsmål, kvinnesyn eller synet på krig og fred, er både kristne og
muslimar ueinige seg i mellom. Dette gir grunnlag for kontroversielle alliansar
på tvers av trusgrensene. Medan eit forum som Oslokoalisjonen har eit tydeleg
liberalt forteikn (med fokus på trusfridom), ser ein internasjonalt også
eksempel på konservative alliansar mellom amerikanske
kristne og muslimske representantar i FN-debattar om abort, homofili og kampen
mot aids.[37] Og då
Dagbladet i februar 2002 ”avslørte”
at nokre av dei pakistanske imamane hadde lite godt å seie om norske
samlivsverdiar, var det ikkje vanskeleg å sjå at dei i desse sakene fører
vidare ein konservativ, motkulturell tradisjon på kristen side.[38]
Det faktum at kristne, muslimar (og humanetikarar) no
synest å fordele seg jamt på dei ulike politiske partia, er utrykk for den
same, heilt normale usemja på tvers av trusgrensene i viktige moralske og
politiske spørsmål. Dei siste par åra har avisene jamleg kunna melde om stort
tilsig av muslimske veljarar til KrF, i eit felles engasjement for
”familieverdiar”og ein tilhøyrande skepsis mot homofilt partnarskap og liberal
alkohollovgiving. Men også SV, Arbeidarpartiet og Høgre kan i dag framvise
sentrale muslimske frontfigurar.
Religiøst sett
kan det vere eit teikn på normaliserte relasjonar at Vårt Land i 2002 intervjua Basim Ghozlan
(leiaren for Det islamske Forbundet) i det faste oppslaget om søndagens
preiketekst og gav plass til Norges første muslimske stortingsrepresentant,
Høgres Afshan Rafiq, i spalten ”Min tro”.[39]
Normalisering tyder ikkje konfliktfrie relasjonar, men at
rommet for politiske og religiøse diskusjonar har blitt utvida. Ofte kan
blandinga av samkjensle og usemje vere kreativt forvirrande, som då Norges
Kristelige Studentforbund og Muslimsk Studentsamfunn gjekk saman om å arrangere
ein konferanse om ”Religiøs ungdom i et sekularisert samfunn”. Her var det
etter rapportane å døme mogeleg å sette ord på både felles opplevingar og
markert usemje.[40]
Normaliseringa
inneber også at muslimar i stigande grad markerer seg som ”norske”, med gode
relasjonar til kristne landsmenn. Då al-Qa’ida i mai 2003 gjorde det klart at
norske interesser var å rekne for potensielle terrormål, vart fleire muslimske
leiarar intervjua i avisene. Ein av desse var imam Mahboob ur-Rahman som i 2002
vart fotografert av Dagbladet hand i hand med ”muslim-magneten” Lars Rise i
KrF.[41]
I al- Qa’ida-saka uttalte han: ”Det er ingen grunn til at muslimer vil angripe
norske mål. Vi trives godt sammen med det norske folk. Utenfor Norge kan det
imidlertid være mennesker som reagerer på at muslimer og kristne lever så godt
sammen. Kanskje er det en av grunnene til at en slik melding kommer ...”.[42]
Imamen
er truleg representativ for den norske nasjonalkjensla som er i ferd med å
utvikle seg hos muslimske leiarar, noko som kyrkjeleiarane si opne haldning har
vore med på å legge til rette for. Framtida vil vise kva haldningar som vil bli
tonegivande hos folk flest.
Abstract:
In this
article, the author presents some major developments in Christian-Muslim
relations in Norway, since the first attempts at organised contact in the late 1980s.
In the 1990s, interreligious dialogue in Norway was institutionalised and
entailed a growing trust among Christian and Muslim leaders. This development
has been contrasted by more inimical attitudes at the grass root level, and in
the media. In recent years, Christian-Muslim dialogue has also had to cope with
the fact that both Christians and Muslims differ among themselves in most moral
and political issues. Any joint action by Christians and Muslims will therefore
be potentially controversial. The fact that moral and political disagreement
cut right across religious divides, may in fact be taken as a sign of hope –
disclaiming ideas of inherent conflict between Christianity and Islam.
Oddbjørn Leirvik, f. 1950, dr. theol., forskar og prosjektleiar for interreligiøse
studiar ved Det teologiske fakultet. Leiar for Kontaktgruppa for
Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd, styremedlem av Oslokoalisjonen for tros- og
livssynsfrihet. Utvalde
publikasjonar: Islamsk etikk – ei idéhistorie (2002), Knowing by
Oneself, Knowing with the Other: Al-damir, Human Conscience and
Christian-Muslim Relations (2002), Religionsdialog på norsk (2. utg.
2001), Images of Jesus Christ in Islam (1999), Møte med islam (1990)
[1] Tidlegare oppsummeringar og analysar finst mellom anna i Oddbjørn Leirvik: Religionsdialog på norsk (Oslo, 2. utg. 2001) og i Jan Opsals artikkel ”Islams møte med norsk kristendom”, Tidsskrift for Kirke, Religion og Samfunn nr. 2: 1999, s. 169-180.
[2] Sjå OddbjørnLeirvik: Møte med islam (Oslo 1990), s. 9-15.
[3] Til dialog og gjensidig forandring, sjå Anne Hege Grung: ”Dialog og sjelesorg – to sider av samme sak?” Tidsskrift for sjelesorg nr. 4: 2002, s.236-239.
[4] Sjå Lissi Rasmussen: Diapraksis og dialog mellemkristne og muslimer (Aarhus 1997).
[5] Vårt Land, 4. 9. 1990.
[6] Vårt Land 9. 9. 1990, jf. Eivind Frøen i Vårt Land 9. 7. 1990: ”Skal muslimene få bestemme?”
[7] Aftenposten 29. 10. 1990.
[8] ”Om ’muslimfrykt’ og vår holdning til innflyttere”, Norges Kristne Råd 29. 8. 1997. Jf. Vårt Land 3. 7. 1997: ”Kristenledere mot norsk muslimfrykt”.
[9] ”Fordommer og trakassering av muslimer i Norge”, Mellomkyrkjeleg Råd 6. 5. 1996. Jf. Vårt Land 7. 5. 1996: ”Slåss mot framandfrykt og rasisme blant kristne”.
[10] Brev frå Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd, februar 1997. Jf. Leirvik: Religionsdialog på norsk (2001), s. 51f.
[11] Jf. Kari Vogt: Islam på norsk. Moskeer og islamske organisasjoner i Norge (Oslo 2000), s. 167.
[12] Vårt Land 17. 12. 1992, s. 16: ”Felles front mot rasisme og partnerskapsloven”.
[13] Vårt Land 17. 12. 1992, s. 16: ”Frykter religionsblanding”.
[14] Sjå Leirvik: Religionsdialog på norsk (2001), s. 205f.
[15] Kontaktgruppas arbeid har blitt analysert i ei hovudoppgåve i religionshistorie av Johanne Håvarstein: ”Kristen-muslimsk religionsdialog i Norge. En studie av dialogarbeidet mellom Islamsk Råd Norge og Mellomkirkelig Råd” (Universitetet i Oslo, 2002).
[16] Dialog med og uten slør (Oslo 2000), s. 133f.
[17] Brev sendt til KUF via Institutt for Kristen Oppseding 27. 6. 1994. Jf. Vårt Land 29. 6. 1994: ”Foreslår eget islamfag”.
[18] Kirkens Informasjonstjeneste, 16. 10. 1995.
[19] Sjå Fellesskapsetikk i et flerkulturelt Norge (red. Inge Eidsvåg og Oddbjørn Leirvik, Oslo 1993); Religion, livssyn og menneskerettigheter (red. Inge Eidsvåg og Lena Larsen, Oslo 1997) og Nasjonal dialog om tro og livssyn (Verdikommisjonen, Oslo 2000).
[20] Sjå http://www.oslocoalition.org/
[21] SeiersTro nr. 4, 27. 5. 1993.
[22] Jf. Leirvik: Religionsdialog på norsk (2001), s. 214.
[23] SjåTroens Bevis juni 1999 (”Mirakler i Pakistan”) og januar 2002 (”Fredkonferanse som gav gjenklang”).
[24] Sjå f.eks. Aril Edvardsen: ”Jeus og Isa – Gud og Allah”, Vårt Land 2. 6. 1997.
[25] Sjå den retrospektive analysen til Inger Anne Olsen i Aftenposten 9. november 2002: ”Var rikets tilstand sånn som vi trodde?”.
[26] Dagbladet 27. 7. 2001, s. 2 (”Det religiøse helvete”). Jf. hennar essaysamling Nå (Oslo 2002).
[27] Kronikk i Dagbladet 24. 2. 2002 (”Islam og æresdrap”), jf. hans kronikk same stad 16. 10. 2001 (”Gud og terroristene”).
[28] Dagbladet 6. 5. 2003.
[29] Til Dagbladet si ”avsløring” av to pakistanske imamar sine haldningar til norsk/kristen kultur, sjå Nina Dessau: ”Nå skal ingen motsi oss”, Samtiden nr. 2: 2003 og Hege Storhaugs tilsvar ”Når sant skal sies”, Ny Tid nr. 22, 7. juni 2003.
[30] Sjå for eksempel Dagavisen 17. 9. 2001.
[31] Klassekampen 29. 10. 2001.
[32] kirken.no 18. 10. 2001.
[33] Aftenposten 31. 10. 2001.
[34] kirken.no 16. 11. 2001.
[35] Vårt Land 24. 3. 2003: ”Gud er hos de lidende”.
[36] Dagsavisen 24. 3. 2003: ”Ber sammen for fred”.
[37] Vårt Land 20. 6. 2002: ”Islamsk-kristen allianse påvirker FN”:
[38] Sjå Nina Dessaus analyse av denne saka i Samtiden nr. 2: 2003: ”Nå skal ingen motsi oss”. Jf. Vårt Land 4. 2. 2002: ”Gir samme kritikk”.
[39] Vårt Land 9. 8. og 18. 5.
[40] Sjå Johan Hake (red.): Religiøs ungdom i et sekularisert samfunn (NKS, Oslo 2002).
[41] Dagbladet 18. 8. 2002.
[42] Dagbladet 22. 5. 2003. Jf. Verdens Gang 22. 5. 2003, ”Vil angi muslimske terrorister".