Oddbjørn Leirvik:
Heilag ånd i islam?
Foredrag på etterutdanningskurs på Det teologiske
fakultet 1994, trykt i Ånden blåser dit den vil. Ånd og spiritualitet som
allmennmenneskelig og økumenisk utfordring, Oslo: Det teologiske fakultet
og Det prakstisk-teologiske seminar, 1995, s. 187-198.
ÅND, VIND(OG VIN?)
Når
vi går inn i det semittiske landskapet og leitar etter ånda, finn vi ei ånd som
i det minste gir lyd frå seg. Både
på hebraisk og arabisk høyrer ånda med til dei lydmalande orda, og knyter med
lydeleg røyst ånda til mennesket sin ånde. På hebraisk rūaḥ, på arabisk rūḥ. Det er som
om vi kan høyre ånda puste, liksom vi kan kjennevinden blåse. Men nettopp det menneskeleg-lydmalande
ved det arabiske rūḥ ser ut til å ha gjort ordet teologisk uhandterleg i
islam: Kan noko så menneskeleg som
vår ånde også vere ein gudsattributt?
Muslimar er ikkje einige seg imellom om ånda kan gjelde som ein
eigenskap ved Gud. Berre i sufismen,
den islamske mystikken, blir ånda tatt på alvor som gudsattributt. Men så er det då også eit kjennemerke
ved mystikken i alle religionar at han opererer med meirglidande overgongar
mellom det menneskelege og det guddommelege enn kva ortodoksien kan tenkje
seg. For ortodoksien skaper ånda
eit problem. Dei klassiske
teologane i islam har då også gjort mange forsøk på å plassere ånda ein stad
der ho ikkje skaper uoverkomelege teologiske vanskar.
Men
no er ikkje ånda så lett å fange.
Ho er etter sin natur ei ånd som bles dit ho vil. På arabisk (som på hebraisk) har ånda
ikkje berre med menneskets ånde å gjere, men er også i slekt med vinden. Det
arabiske ordet for vind - rīḥ - er like lydmalande som rūḥ, og er
runne av den same konsonantrota.
Lat
det i forbifarta vere nemnt at også eit gammalt ord for vin på arabisk, rāḥ,
høyrer til den same trekonsonantrota som rūḥ - kanskje fordi vinen
skaper liv og røre i mennesket?
Rūḥ, rīḥ, rāḥ ... ånde,
vind og vin. Det er noko ukontrollerbart ved ånda. Ånda har noko ved seg som fort kan
gli over i ekstase og andre medvitsutvidande tilstandar, som når ein
sufi hyperventilerer i si repeterande framseiing av gudsnamnet, Al-lah. Ånda kan også finne på
blåse heiltandre stader enn ein hadde tenkt seg - f.eks. inn i eit tett
åndsfelleskap med mystikarar i andre religionar.
Fo
rislam er det religionsteologisk nokså påtrengande å få ånda i system, fordi åndsomgrepet
- liksom så mange av dei teologiske sentralbegrepa - er tatt over frå jødedom
og kristendom. Særleg påfallande
er dette for nemninga "heilagånda", rūḥ ul-qudus. Mykje tyder på at samansettinga rūḥ
ul-qudus (som bokstaveleg
tyder "heilagdomsånda") er eit direkte innlån frå kristen
terminologi. I Koranen er då også
nemninga "heilagånda" påfallande ofte knytt til Jesus. Så korleis skalmuslimane kome til rette
med denne uregjerlege ånda, ei ånd som kunne finne på å blåse over til dei
kristne om ho ikkje blir påpassa?
ÅNDA I KORANEN
Lat
oss i god luthersk tradisjon byrje med Den heilage Skrifta, og sjå på korleis
"ånda" blir omtalt i Koranen.
I Muhammad si frambering av det levandegudsordet møter vi ånda i fire
ulike samanhengar: I referansane
til Adam, i omtalen av englane, i framstillinga av Jesus, og i omtalen av
openberringa til Muhammad.
Om
vi byrjar med skapinga, får vi liksom i Bibelen vite at Gud ved skapinga bles
livspust inn i mennesket. Om Adam
heiter det: "Eg forma han vel
og bles (nafakha) inn i han av mi ånd" (15.29, 32.8, 38.72). Allereie her finst det eit velkome
tilknytingspunkt for seinare mystikarar som ønskte å halde fram ånda som sjølve
det guddommelege element i mennesket.
For her heiter det jo faktiske - tilsynelatande på tvers av det skarpe
skiljet mellom menneskeleg og guddommeleg i islam - at Gud bles inn i mennesket
noko av si ånd.
Det
er den same skapande livspusten Koranen refererer til når han omtaler jomfru
Maria si unnfanging av Jesus: "Hugs henne som vakta sin dyd : Vi bles (nafakha) inn i henne av
vår ånd" (21.91 og
66.12). No kan muslimar like lite
som kristne dy seg for å spørje korleis det no eigentleg gjekk til når ånda kom
over Maria. I den nittande
Koransuren får vi svar. Vi får høyre at då Maria hadde trekt seg tilbake som
bak eit forheng, "sende vi til henne vår ånd, og ånda stod fram for henne
i ein fullkomen manns skapnad" (19.17). Kva er no dette?
Guds ånd i ein skapnad lik ein fullkomen mann? Såpass eksplisitterotiserande er verken Matteus eller
Lukas!
Men
når koplingane mellom Gud og menneske blir for uoversiktlege, er det godt å ha
englelæra å ty til! Klassisk
koraneksegese har då også alltid identifisert unnfanginga si ånd med engelen
Gabriel, eller Jibril, somhan heiter på arabisk. Den eksegetiske hovudtendensen i muslimsk koraneksegese har
i det heile vore å identifisere "ånda" med Gabriel, som i Koranen
eksplisitt er nemnt som openberringsengelen (sjå 2.91).
Om "kraftas natt" - den natta då Muhammad får
si første openberring - heiter det at "i den (natta) kjem englane
og ånda ned, på Herrens løyve" (97.4).
Her og på eit par andre stader, der vi møter uttrykket
"englane og ånda" (sjå 70.4og 78.38, jfr. 16.2), kunne
det verke som om "ånda" er einsjølvstendig skapnad
ved sidan av englane. Men løysinga har som nemnt blitt å sjå "ånda"
som det særlege namnet for inspirasjonsengelen
Gabriel. Det er han som etter
muslimsk syn kjem med "ånda av Guds befaling" (ar-rūḥ
min 'amrihi - 16.2, jfr. 17.87, 40.15, 42.52), og såleis er berar
av inspirasjons- og openberringsånda.
Dermed
er ånda på ein måte plassert. Om
ein kan identifisere ånda med einopenberringsengel, har ho fått sin trygge
plass i eit oversiktleg, mytisk landskap, - slik at ein unngår både faren for
fleirguderi, og illegitime samanblandingar av Guds ånd med mennesket si ånd.
Men
for Jesus sin del synest ånda likevel å rykke ut av engleriket ogta bustad på
jorda i menneskeskapnad. Som den
einaste av profetane blir Jesus i Koranen i den fjerde suren omtalt som
"Guds ord" og "ei ånd frå Gud" (4.169). No legg nok Koranen noko anna i desse
orda enn Nytestamentet og urkristne teologar. For å unngå trinitariske mistydingar legg Koranen til: "tru på Gud og hans sendebod, og
sei ikkje "tre" - slutt med det".
Men
like fullt finst det i Koranen ei påfallande kopling av ånda til Jesus. Ikkje berre er han omtalt som "ei ånd
frå Gud". På tre av dei fire
stadene der Koranen taler om "heilagånd" - rūḥ ul-qudus - er
det nemleg Jesus det handlar om.
Tre gongar står det at Gud "gav Jesus klare teikn og støtta han med
heilagånda"(2.81 og 254, 5.110).
Det er nærmast eit kjenneteikn ved Jesus det, at han var støtta av
heilagånda.
Noer
det likevel langt ifrå Koranen si ånd å gjere forskjell på sendeboda. Det som gjeld for Jesus og hans
evangelium, må også gjelde for Muhammad og hans openberring. Jesus er eit sendebod frå Gud med
særlege, åndsfylte krefter, men det er Muhammad som på den siste og avgjerande
måten får ånda over seg. På den
fjerde staden Koranen nemner "heilagånda", er det då også som berar
avopenberringa til Muhammad: "Sei, heilagånda har bore ned openberringa
frå din Herre, i sanning, for å styrke dei som trur, og som rettleiing og glad
bodskap til muslimane" (16.104).
Kvener
då denne "heilagånda"?
Også i omtalen av heilagånda har muslimskeksegese identifisert ånda med
Gabriel, openberringsengelen. I
følgje islam sine teologar er det han som i suren "Poetane" blir
kalla "den truverdige
ånda" - ar-rūḥal-Ãamīn, altså amen-ånda. Medan dei upålitelege og opposisjonelle poetane har fått
sineløgner frå satanane og såleis er inspirert av smådjevlar (26.221ff.), var
det ei truverdig ånd, ei amen-åndsom kom til Muhammad sitt hjarte med
openberringa (26.193). Og spør du
kven den truverdige heilagånda er, vil dei fleste muslimar svare - engelen
Gabriel. Sjølv vil eg nok meine at
den koranske ånda er vanskelegare å artsbestemme enn som så. Truleg finst det andre og opnare
tolkingar av Koranen sin tale om ånda, som er vel verd å utforske.
Det
koranske landskapet er eit mytisk landskap, ikkje ulikt det bibelske, med
ånder, englar og djevlar. Små-åndene, djinnane som vi mellom anna kjenner frå
"Tusen og ei natt", er overalt, dei er uregjerlege og
uforutseielege. Somme av dei
ergode, andre er vonde ånder. Men djinnane kan i det minste fangast, og puttast
ned i Alladins flasker. Verre då
med ånda i bestemt form, "heilagånda", "den truverdige
ånda", ånda frå Gud. Engel
eller ei: Slektning av vinden og menneskepusten som ho er, er ånda alltid på
vandring, frå folk til folk, frå sendebod tilsendebod. Det verbet som i modernearabisk talemål
brukast for å gå - rāḥ - har då også den same rota som ånda, rūḥ. Ånda er etter sinnatur "ånda som
går" - frå himmel til jord,
frå englar til menneske, frå Jesus til Muhammad. Og kven veit kvar ho set sine spor?
Koranen
har sjølv eit vakkert uttrykk for den nødvendige audmjuket i all tale om ånda":
"Dei spør deg om ånda", står det i den syttande koransuren.
"Sei: Ånda kjem på Guds
befaling, og det er berre lite kunnskap de har fått om henne!" (17.87).
GUDDOMSÅND OG MENNESKESJEL
Det
er ikkje mykje vi veit om Guds ånd. Men kva skal vi seie om vår eiga ånd, om
forholdet mellomånd, sjel og kropp i mennesket, og om koplinga mellom
menneskeleg og guddommeleg i det åndelege?
Triaden "ånd,
sjel og kropp" (pneuma,
psychē, sōma) kjenner vi i kristen samanheng frå Paulusbreva, der Paulus i
1. Tess. 5.23 bed om at alle desse treelementa i mennesket må haldast uskadde
til Jesu Kristi dag. Det er ikkje
i Bibelen si ånd å skilje ånda frå kroppen. Ånden knyter ånda til lekamen. Derimot er det tydeleg frå 1.Korintarbrev at Paulus skil
mellom sjel og ånd, i distinksjonen mellom eit "sjeleleg" (psychikos)
ogeit "åndeleg" (pneumatikos) menneske (1. Kor. 2,
11-15). Berre det "åndelege"
menneske kan iflg. Paulus fatte det som høyrer Guds ånd til, medan det
"sjelelege" hos Paulus synest å stå for ein indre,
"psykisk" vilje hos mennesket, som ofte går i heilt andreretningar
enn mot Gud.
Koranen
har ein liknande, og enda skarpare distinksjon. Koranen brukar aldri rūḥ om menneskets indre
kvalitetar. Mennesket sitt indre
er nafs, sjela, jf. det hebraiske nefesh. Slik klassisk
koraneksegese har oppsummert det, finst det i følgje Koranen tre grunnleggande
sjelstilstandar: Den første er sjela som trår etter ("byr") det vonde
(an-nafs la-Õammāra bi-s-sūÕ, 12.53). Den andre er sjela som går i rette med
seg sjølv for det vonde ho gjer (an-nafs al-lawwāma, 75.2). Den tredje tilstanden er sjela som har
falle til ro (an-nafs al-muṭmaÕinna,
89.27). Sjela som har
falle til ro er ei sjel som verken sjølvet eller Gud har noko klagemål mot - ei
sjel som er klar for paradiset (89.28).
Både
i Nytestamentet og i Koranen synest det altså å finnast klaredistinksjonar
mellom mennesket sine indre disposisjonar ("sjela" - yuch, nafs) og Guds livgivande, inspirerande
og rettleiande ånd (pneuma, rūḥ). Dei to står ofte i motstrid til
kvarandre, men ikkje nødvendigvis:
Når sjela fell til ro i Gud, kan det bli samklang mellom mennesket si
sjel og Guds ånd. Difor ser vi også
på muslimsk mark at ein trass i Koranen sine distinksjonar ofte har bruktnafs
og rūḥ om kvarandre, liksom vi sjeldan skil klart mellom sjel og ånd i
vår eigen, kristnedaglegtale. I
sufismen finn vi derimot ein klar distinksjon mellom sjel og ånd. Retta mot indre forandring som sufismen
er, har den islamske mystikken tatt vare på innsikta om at sjela må temmast og
tømmast, for å gi meir rom for Guds ånd.
Men samstundes framhevar sufismen med styrke at mennesket er potensielt
delaktig i Guds ånd.
Iden
islamske teologihistoria skjer det at mystikken blir sameint med den
nyplatonske filosofien si lære om mennesket si åndeleggjering. Tendensen kjem til uttrykk allereie
hosden kjende filosofen Ibn Sina (Avicenna) på 1000-talet, og når sitt
kontroversielle høgdepunkt hos den spanskfødde Ibn al-ÔArabi på 1200-talet. Hos
han blir "ånda" i bestemt form identifisert med førestillinga om
"det fullkomne mennesket" (al-insān al-kāmil). Tanken er at
det mellom Gud og hans skapningar må tenkjast inn eit arketypisk idealbilete av
det fullkomne menneske, sjølve den guddommelege skapingsidŽen. Ibn al-ÔArabi
kan også tale om ei universell sjel (an-nafs al-kullīya), ei idealisert
sjel som for Ibn al-ÔArabi er identisk med sjølve heilagånda (rūḥ ul-qudus). Det skapte mennesket har kropp av
jordelement og ei sjel som ofte søkjer det lave. Men det har også ånd frå Guds innblåsing, og er på den måten
potensielt delaktig i den universelle sjela. Gjennom åndeleg disiplin kan menneskesjela nå fram til
oppleving av einskap med den universelle sjela, sjølve heilagånda.
Hos
Ibn al-ÔArabi, som hos andre store spekulative mystikarar, finn ein også tankar
om det fullkomne, åndsfylte menneske som kan minne omden kristne
inkarnasjonslæra. Utvalde, heilage menn kan bli til eitt med den guddommelege
arketypen, det fullkomne mennesket (al-insān al-kāmil). Jesus er ein av desse
fullkomne. Han er ei ånd frå
Gud. Også for Ibn al-ÔArabi er det
rett nok Muhammad som kjem nærast den arketypen som mennesket vart skapt etter. Difor kan den fullkomne arketypen også
kallast "Muhammads lys" (nūr Muḥammadī). Men hovudsaka
er at her, som i all mystikk, er profetane sine kvalitetar potensielt
tilgjengelege for eitkvart menneske som søkjer åndeleg opplysning og einskap
med Gud. For Gud har blåse si ånd
inn i mennesket, skapt ei sjel som er mottakeleg for ånda si forming, ei sjel
som kan bli eitt med den universelle sjela, sjølve heilagånda.
KRISTUS - EI ÅND FRÅ GUD
Kva
tyder det så at Jesus Kristus (ÔĪsā,
al-masīḥ) - idette landskapet av åndelege potensar - på ein
særleg måte er "ei ånd frå Gud"? Så vidt eg kan sjå, er det totolkingsmåtar som byr seg fram.
Det eine er å sjå Jesus som ein profet med særlege, livgivande krefter som er
spesifikke nettopp for han. Det
andre er - i tråd med det eg har sagt om mystikken - å sjå Jesu heiderstitlar
som eit uttrykk for åndelege kvalitetar som prinsipielt er tilgjengelege for
einkvar som søkjer opplysning, og Jesus som eitt av dei store førebileta i åndeleg
realisering.
Tilden
første tolkingsmåten: Islam har ingen problem med å erkjenne at Jesus på
einsærleg måte har fått del i Guds livgivande krefter, slik at han kan blåse
liv i skapningen sine kroppar. Når
Koranen seier at Jesus vart styrkt av heilagånda, er det nettopp dei livgivande
mirakla til Jesus det blir sikta til (sjå 5.110). Omkvedsmessig heiter det om
Jesus i Koranen at han helbreda dei blindfødde og dei spedalske, og vekte døde
til liv. I tillegg refererer
Koranen også det apokryfe barndomsunderet som er kjent frå ThomasÕ
barndomsevangelium, om korleis Jesus formar ein fugl av leire og med sin eigen
ånde bles (nafakha) liv inn i han (3.43 og 5.110). I den folkelege
forteljingstradisjonen på muslimsk mark er det ikkje måte på eksessar når det
gjeld å framstille Jesu mirakuløse dødeoppvekkingar, av dyr like gjerne som av
menneske. Å tilkjenne
Jesuslivgivande krefter, som han har fått med ei særskild løyve frå Gud, gjer
likevel ikkje Jesus større enn Muhammad.
Eit gammalt og populært syn på progresjonen i dei profetiske mirakla
framstiller gjerne saka slik:
Moses kom med trolldom til eit Egypt som fløymde av magi, Jesus kom med
legekunst til ei tid som var opptatt av dei helbredande kreftene, medan
Muhammad kom med den ærverdige Koranen til ein kultur der ein kappast om
språkleg fullending. For ein
muslim kan det ikkje tenkjast noko større mirakel enn at ånda blir skrift, på
eit klart og fullkome arabisk språk.
Den paulinske innsikta om at bokstaven slår i hel, medan ånda gjer
levande, er ikkje så lett å gripe for ein som lever innanfor det islamske
meiningsuniverset, der det nettopp er bokstavane og skrifta som er beånda.
I
tråd med det nemnde mirakelhierarkiet vil meir intellektuelt innstilte muslimar
kunne sjå litt ned på denne evinnelege forventninga ommagiske manifestasjonar
eller kroppslege legedomsunder som dei fleste religionar ber med seg, og som
også det folkelege islam er fullt av.
Ånda har blitt skrift, i ei klar og eintydig rettleing om kva som er
Guds vilje. DŽt er det store
miraklet. Derfor har då også
heilagånda - slik einmuslim ser det - gjort ei større gjerning ved å openberre
Koranen ord for ord til Muhammad, enn ved å gi Jesus kraft til å helbrede
sjukeog reise opp døde.
Den
andre tolkingsmåten er mystikken sin.
I den islamske mystikken blir Jesu livgivande underinderleggjort og åndeleggjort,
i tråd med eit gnostisk inspirert mirakelhierarki: Det er eit større under at ei død menneskeånd får liv, enn
at ein sjuk kropp blir frisk. For
den muslimske mystikaren er Jesus den som kan opne augo på dei åndeleg blinde,
reinse dei som er smitta av verda, og vekke opp dei åndeleg døde til den
guddommelege kunnskapen sitt evige liv.
Klart kjem dette til uttrykk hos sufipoeten Jalal ud-Din Rumi, som liksom
Ibn al-ÔArabi høyrerheime på 1200-talet. Rumi er for øvrig er stamfar til dei dansande dervisjane, og
skulle såleisv ite å halde ånd og kropp saman.
Formange
muslimske mystikarar er Jesu einskap med Gud så total at dei kan kalle Jesus
for "Guds ånd" i bestemt form (rūḥullāh), og dei ser Jesu
åndedrett som uttrykk for sjølve den guddommelege, livgivande ånda. Men som vi allereie har
understreka: Om den muslimske
mystikken kan gi Jesus heiderstittelen "Guds ånd", og kjenner han på
hans livgivande ånde, får ikkje Jesus med det nokon særstatus i islam, anna enn
som eitt av dei store førebileta for mennesket sin åndelege vekst. Dess meir
islam opphøgjer Jesus, dess meir allmenngjer ein også hans åndelege kvalitetar,
som eit speil for mennesket sitt åndelege potensiale. I mystikken, også på muslimsk mark, kan eitkvart menneske
spegle noko av Gud, og inkarnere hans attributtar. Slik sett er det ein klar
affinitet mellom synet på Jesus og ånda i muslimsk mystikk og den nyreligiøse
talen om eit allmenn, åndeleg "Kristusmedvit".
HEILAGÅND I ISLAM?
Kan
vi så seie at det finst heilag ånd i islam? Mystikken og den spekulative teologien har, som vi har sett,
ein tendens til å allmenngjere heilagånda. Dei ortodokse har då ogsåalltid kritisert Ibn al-ÔArabi og
hans åndsfrendar for å utvikle ein form for universalisme som nivellerer
religionsforskjellane. For dei
fleste på begge sider er det likevel slik at nokre fundamentale forskjellar i
den åndsborne openberringa til Jesus og Muhammad blir ståande, forskjellar som
kan peike i retning av ulike åndelege erkjenningsvegar og ulike religiøse
praksisar. Tar ein forskjellane på
alvor, kjem ein ikkje utanom at den heilagånda som går ut frå Sonen, har fått
konkurranse i og med Koranen sin tale om ånda.
Endahardare
blir konkurransen om vi tar med synet på ånda i shiÔa-islam. Også forein shiÔa-muslim er Jesus ei ånd
frå Gud. Men i tråd med
shiÔa-islam sitt syn for åndsfylte leiarar, kunne også ein mann som Khomeiny
bere heiderstittelen rūḥullāh, "Guds ånd", liksom hanvar Õāyatullāh, "Guds teikn" på
jorda. Det kan også vere grunn
tilå minne om at dei mest uforsonlege shiÔa-muslimske heilagkjemparane i
Sør-Libanon med Koranen i hand gjer krav på heilagånda. Inspirert av Koranen kallar dei seg ḥizbullāh,
"Guds parti". Om dei som
tilhøyrer Guds parti står det i den 58. koransuren at dei - liksom Jesus - er
styrkt med "ei ånd frå Han (Gud)" (58.22). Det åndsfylte Guds parti
kjennest i følgje Koranen på at dei fråseier seg einkvar kjærleik til dei som
står Gud og Muhammad imot og går til kamp mot Guds fiendar, sjølv om det skulle
vere deira næraste.
Eg
trur ikkje vi kjem utanom å skjelne mellom åndene i religionsdialogen. Jesus og Khomeiny står ikkje for det
same. Sett frå ein kristen synsstad er dei konkurrentar om den heiderstittelen
som islam vil gi til dei begge, rūḥullāh, Guds Ånd. Det er heller ikkje så lett å forsone
dei væpna heilagkrigarane i ḥizbullāh med den uvæpna Frelsaren, sjølv om
dei begge i følgje Koranen er styrkt med ei ånd frå Gud. Dei kan vanskeleg vere på den same Guds
parti.
No
skal vi likevel ikkje i vår jakt på billege poeng underslå at muslimar flest
hyser langt meir fredsæle tolkingar av Koranen enn Khomeiny og Hizbullah, - og
at dei fleste kristne er langt meir krigerske enn Kristus. Like fullt finst det ein vesensforskjell
på den åndsfylte bodskapen til Jesus og Muhammad. Eit par eksempel:
Ånda får Jesus til å motstå ei kvar freisting til å søkje politisk og
militær makt, medan Muhammad nettopp står fram som ei åndsfylt sameining av
religiøs, politisk og militær autoritet.
Når det gjeld den guddommelege lova, set Jesu forkynning store
spørsmålsteikn ved lova si evne til å fullende gudsriket. Jesus forvirrar sine
tilhøyrarar ved i den eine stunda å skjerpe lova utover alle grenser, og i
neste åndedrag undergrave henne ved fridomsforkynning og nådeutdeling. Jesus var ingen lovgivar. Hos Muhammad blir tvert imot den åndsfylte
boskapen fullenda i nye lover for alle livets forhold. Den guddommelege lova (shariÔa) gir -
slik muslimar flest forstår det - klar og eintydig rettleiing om Guds
vilje. Ho krev ikkje meir av
mennesket enn det kan makte (jfr. Koranen 2.286), medan Jesu åndsborne
lovutlegging i Bergpreika nettopp utmerkar seg ved si uhøyrte radikalisering av
lova sine krav.
Muslimane
såg då også tidleg at det vart konkurranse om ånda, og dei tok opp kampen om
den rette forståing av "sannings-ånda". I følgje Koranen var det -
som vi har sett - nettopp sanningsånda som kom ned i Muhammads hjarte med
openberringa, og gav seg til kjenne på klart, arabisk språk (26.193f.). Etter det vanlege muslimske synet vart
den åndsfylte openberringa til Muhammad spådd påførehand både i dei jødiske og
kristne skriftene. Om Jesus heiter
det i den 61.koransuren at han ikkje berre stadfesta Lova (tawra,
toraen) som var før han, menogså bar fram det glade budskap om ein som skulle
kome etter han - og som ber namnet Aḥmad (61.6). Namnet Aḥmad har same rota som Muḥammad.
Begge namna tyder "prisverdig".
Muslimar har då også frå førstestund forstått dette verset som Jesu
eigen profeti om Muhammad, - og funne att den same profetien i Jesu ord om
Talsmannen og Sanningsånda iJohannesevangeliet. Allereie i eindokumentert dialog mellom kalifen i Bagdad og
den nestorianske biskopen på slutten av 700-talet, skal kalifen ha vist til
Jesu profeti om sanningsånda i Johannesevangeliet som eit bibelsk uttrykk for
den same spådommen Jesus kom med i følgje Koranen. Tanken står sentralt i muslimsk apologetikk frå dei første
hundreåra og til idag: Når Jesus i
Johannesevangeliet profeterte om sanningsånda, var det ånda si nedstiging over
Muhammad han spådde. Han var det
som skulle rettleie menneska til den fulle sanninga (Joh. 16.13), - med ein
bodskap der dei evige motsetningspara lov og nåde, fridom og grenser, politikk
og religion endeleg blir forsona i ein vel avvegd syntese.
EIN OPPLYSTDIALOG OM ÅNDA?
Den
gjensidige polemikken mellom kristne og muslimar gjennom hundreåra viser kor
vanskeleg det er å nå fram til ein opplyst dialog på eit felles grunnlag. Muslimar vil annektere ånda for seg
sjølv, medan mange kristne tyr til Johannesbreva sine karakteristikkar av
Antikristens ånd i sine mot-talar til muslimane.
Finst
det då sjansar for ein meir opplyst dialog om ånda, ein dialog som utan å tildekkeforskjellane kunne vere
utfordrande og lærerik for begge partar?
Eg veit ærleg talt ikkje.
Det finst få døme på oko som kunne kallast likeverdig, sanningssøkande
dialog mellom kristne og muslimar.
Lat meg likevelprøve å stille opp nokre vilkår for ein opplyst dialog,
peike på nokre vegar som eg trur kan vere farbare, men også nokre stabbesteinar
som må få stå om vi skal ta vare på vår kristne identitet.
1. Fordet
første må vi ta på alvor at pneumnatologien ikkje kan lausrivast frå
kristologien. Såpass
filioque-fundamentalistar får vi vere, at vi held fast at heilagånda går ut frå
Kristus. Ikkje berre frå han, for
ånda er Guds frie skapingsånd. Men
som kristne må vi halde fast: Utan
Kristus blir ånda utydeleg for oss. Dermed kjem vi heller ikkje i dialogen om
Ånda unna samtalen omkven Kristus er, og kva som er kjennemerka ved hans virke
og forkynning. Når tradisjonell
muslimsk teologi avskriv korset, fordi korset symboliserer Guds avmakt, og
tenkjer seg at Guds sak på jorda kan verjast med makt og med sverd, er det
ikkje pådette punktet så lett å forsone islam med Kristi ånd, den ånda som bed
Peter stikke sverdet i slira.
Vesentleg lettare er det å forsone islam medhovudtendensane i
kyrkjehistoria, der kristne oftare enn muslimar har brukt sverdet mot Guds
motstandarar, og gjort vel så mykje vald på åndsfridomen. Det er då også på fruktene ånda skal
kjennast.
2. Det
andre vilkåret for ein opplyst dialog må vere nettopp dette, at vi spør
etter ånda sine frukter, og leitar etter nokre kriterium for ånda si
gjerning som kan vinne allmenn oppslutning. Kan vi semjast i spørsmålet om kva som er heilagånda sine
frukter? Idialogen med muslimar
kunne vi f.eks. løfte fram dei allmennekjenneteikna på Guds ånd som Paulus
nemner i Galatarbrevet. Fruktene
av Guds ånd er i følgje Paulus kjærleik, glede, fred, mildskap, godleik,
truskap, tålsemd og sjølvtøyming (Gal. 5.22). Paulus listar også opp frukter som ikkje er gode, og som
difor må ha eit anna opphav. Mellom
dei er hor, fiendskap, sinne, sjølvhevding, misunning, drikk og svir. I Galatarbrevet kallar Paulus dette for
"gjerningar av kjøtet".
Distinksjonen mellom "sjeleleg" og "åndeleg" i 1.
Korintarbrevviser at Paulus like gjerne - som Koranen - kunne ha kalla dei
gjerningane tilsjela som søkjer det vonde, ei sjel som stengjer for ånda si
gjerning i kroppen.
Truleg
vil kristne og muslimar langt på veg kunne sameinast i synet på kva som er
fruktene av den gode ånd, heilagånda - i det minste når det gjeld dei
personlege, moralske ideala. Dei
koranske lastar og dydar er ikkje så forskjellige frå det vi finn i dei
nytestamentlege katalogane.
Koranen oppmodar då også bokfolka til å konkurrere med kvarandre i dydig
liv: "Til einkvar har vi
føreskrive ei lov og eit program.
Om Gud hadde vilja det, kunne han ha gjort dykk til eitt einaste
folk. Men han ville stille dykk
påprøve med det han har gitt dykk. Så kappast om å gjere det gode!"
(5.52f., jf. 2.143).
3. Dermed
må kanskje det tredje emnet for samtalen bli kva som skal til for å få oss
til å gjere det gode. Det er
ein felles innsikt hos religiøse menneske at eit arbeid med sjela må til, for å
gi betre plass til ånda, - ei ånd som kan bere gode frukter. Sjølv om vi som lutheranar frå vår
dåpsdag har trøysta oss med at vi er samtidig syndarar og rettferdige, må vi
kunne semjast med både metodistar, katolikkar og muslimar om at vi har eit
arbeid å gjere på sjela, så ho ikkje fritt får søkje det vonde. Det er det som er å leve i dåpen. Sjølv om vi som kristne vil reservere
heiderstittelen "det fullkomne mennesket "til Kristus, må vi kunne
våge å tru at arbeidet på sjela har utsikter til å bere frukter. Ei sjel som stadig fører klagemål mot
seg sjølv kan vanskeleg bli nokon god grobotn for gode frukter. Muslimar og kristne må kunneeinast om
at etter den andre sjelstilstanden, der sjela slit seg ut ved stadig å gå i
rette med seg sjølv, skal vi søkje ein tredjetilstand: Ei sjel som har falle til ro. Først då kan det gode få gro fritt, og
mennesket kan helgast med ånd, sjel og kropp.
Men
kva er det då som kan få sjela vår til å falle til ro, slik at ho meir fritt
søkjer det gode? Korleis er ånda
sin pedagogikk? Skal vi helgast
med lov eller kjærleik, som tenarar eller som frie barn?
For
muslimar liksom for kristne er både lova og kjærleiken umistelegedelar av ein åndsfylt
pedagogikk. Kjærleik utan grenser er meiningslaus. I Koranen står lovprisinga av Han som er nåderik og
miskunnsam side om side med trusselen om straff for dei som bryt Guds grenser
og gjer det vonde. Som
lutheranarar er vi oppseda til å frykte og elske Gud på sametid. Likevel må vi spørje etter kva som er
grunntonen i ein åndsfylt pedagogikk:
Er det riset bak spegelen, eller ein kjærleik som driv frykta ut?
"For frykta ber straffa i seg, og i den som fryktar, har ikkje kjærleiken
blitt fullenda" (1. Joh. 4.17f.). Kanskje er kjennemerket på heilagånda at
ho driv frykta ut - fordi berre eit menneske utanfrykt kan elske?
FRIDOM OG GRENSER I ÅNDA SITT LANDSKAP
Eit
anna nytestamentleg kjennemerke ved ånda - nær knytt til dette at ho driv
frykta ut - er fridomen. "Der Herrens Ånd er, der er fridom"
(2. Kor. 3.17). Som kristne trur
vi at gode dydar trivst betre hos frie barn i faderhuset enn hos tenarar under
herren. Men også for barn finst
det grenser. Mine avsluttande
refleksjonar skal difor handle om fridom og grenser i ånda sitt landskap. Muslimar har alltid meint at dei
kristne tok seg altfor store fridomar etter Jesus. Like klart som jødane har muslimane sett at Jesussjølv levde
etter Moselova. Men den kristne grunnerfaringa er at Kristus sprengjer lova sinegrenser,
og legg grunnlaget for eit anna slags gudsforhold, eit gudsforhold somer prega
av ein nesten skremmande fridom, og med andre slags grenser enn dei gamle. Fridomserfaringa var såpass
konsekvensrik at apostelkonsilet i Jerusalem fekk seg til å seie at "den
heilage Ånda og vi har bestemt", då dei fritok dei heidningekristne frå
Moselova sine lovreglar, med unnatak av forboda mot hor, avgudskjøt og blodmat
(Apostelgj. 15.19-21). For
muslimar har dette alltid vore sett på som å ta seg heilt illegitime fridomar i
Guds namn. Difor meiner då også
muslimane at det måtte kome ein ny profet, ein som inspirert av sanningsånda
sette alt i sin rette skikk, og ein gong for alle etablerteden rette balansen
mellom fridom og grenser, mellom barnekår og tenarsinn.
Kristnehumanistar,
derimot, har alltid meint at ånda stadig fører mennesket framover i etisk
erkjenning, - noko som føreset fundamentalåndsfridom for Guds barn på
jorda. Det finst ei linje fram til
den europeiske humanismen og den moderne fridomstenkinga ikkje berre frå Athen,
men også fråapostelkonsilet i Jerusalem.
(Til og med filioque-striden kan i eit mentalhistorisk perspektiv
tenkjast å handle om åndsfridomen. Peter Normann Waage har i fleire av sine
bøker om møtet mellom aust og vest gjort gjeldande at filioque - "og Sonen",
vedkjenninga at Ånda går ut frå Sonen - er eit slags mentalhistorisk signal om
at den guddommelege ånda ein gong for alle har inkarnert seg og alliert seg med
det menneskelege, slik at vi ikkje kan krenke individet sin åndsfridom utan å
krenke Gud sjølv.)
Men
også for ein kristen humanist er fridomen eit meiningslaust ord om han ikkje
har grensmedvit i seg. Difor vågar
eg å tru at det finst sjansar for ein meiningsfull dialog om sanningsånda
mellom kristne og muslimar. Koranen
byr på mange eksempel på korleis ånda bryt med det som er, og skaper eit
landskap med nye slags grenser og nye slags fridomar. På nokre område blir det
gitt rom for meir fridom enn kva som fanst i det arabiske stammesamfunnet -
fridom og rettar for born, kvinner og fattige. På andre område blir det sett nye grenser - grenser for
mannen, grenser for dei rike, grenser for stammeleiarane si valdsutøving. Bibelen speglar ein
langerkjenningsprosess om menneskesamfunnet sine grenser og fridomar. Vi veit litt om kven Jesus sette fri og
kvar han drog grensene. Somme
tider - som i Bergpreika - er han langt strengare enn Muhammad i si
lovskjerping og grensedraging. Andre gongar sjokkerer han med si frisetting.
Så
kvar er då Ånda? Eg trur ho er på
sitt mest tydelege når ho går ut frå Kristus. Men eg trur også at Sanningsånda kan gjenfinnast i ein open,
menneskeleg samtale om fridom og grenser.
Kanskje kan vi samanfinne spor av Sanningsånda i dialogen om den
fridomen som ingen kan tøyme utan å forbryte seg mot sjølve heilagånda, ogdei
grensene som ingen kan neglisjere utan at smådjevlane si ånd får fritt
spelerom. I dettelandskapet finst
det store rom for opplyst og åndsfylt samtale!
LITTERATURTILVISINGAR:
*Til koraneksegese og
teologihistorie: Det finst påfallande få
drøftingar av det muslimske åndsomgrepet på europeiske språk. Ein
klassikar er Duncan B. Macdonalds studie "The Development of the Idea of
Spirit in Islam", trykt i Acta Orientalia, Vol. IX, 1931 og i The
Muslim World, Vol XXII, 1932, No. 1-2.
I den vestlege islamologien sitt standard
referanseverk, "The Encyclopedia of Islam", har rūḥ interessant
nok inga sjølvstendig oppføring, men er drøfta understikkordet nafs. Jf.
elles Jane I. Smith: "The
Understanding of nafs and rūḥ in Contemporary
MuslimConsiderations of the Nature of Sleep and Death", i The Muslim
World, vol. LXIX, 1979, No. 3.
*Til synet på Kristus i islam: Når det gjeld synet på
Jesus som "Guds ånd" i sufismen, gir James Roy King eit interessant
case-studium i artikkelen "Jesus and Joseph in Rumi«s Mathnawi",
trykt i The Muslim World, 1990, No. 2. Den nyaste og mest omfattandedrøftinga av emnet
"Kristus i islam" meir generelt finst i Neal Robinson: Christ in Islam and
Christianity. TheRepresentation of Jesus in the Qur«an and the Classical
MuslimCommentaries, Macmillan Press,
Hampshire/London 1991. Jf. elles min artikkel Kristus i islam", Norsk Tidsskrift for
Misjon, nr. 1:1994. På
muslimsk side gir Muhammad ÔAta ur-Rahim si bok Jesus - a Prophet of Islam
(Muslim Information Services, London 1979) eit representativt uttrykk for den
moderne, muslimske apologetikken sitt syn på Jesus og urkristendommen si
historie.
*Til den aktuelle diskusjonen: Mine eigne dialogiske synspunkt er utdjupa i boka "Møte med
islam", Pax/Oslo 1990. Til
Peter Normann Waage si filioque-fortolkning i dialogen mellom aust og vest, sjå
f.eks. boka Jeg, vi og de andre, Cappelen/Oslo 1993, s. 119ff.