Oddbjørn Leirvik,
Samvetets roll i sökandet efter en global etikk
Stiftelsen Abrahams Barns Global Village Lecture 2002, Riddarhuset
i Stockholm 22.03.2002
Samvitet - det er nesten det same ordet på norsk som på
svensk. Samvit, og samvete. No har vi som de sikkert kjenner til to
ulike variantar av norsk skriftspråk. Det skriftspråket som kanskje
90% av alle nordmenn brukar, kallar vi bokmål. Det liknar mistenkeleg
på dansk, og kan med god grunn kallast dansk-norsk. Mitt
skriftspråk er derimot nynorsk, som faktisk ligg nærare svensk enn
den bokmålske fleirtalsvarianten. Samvit er nynorskordet for den
dansk-norske "samvittigheten". Eg kunne gi mange andre eksempel
på at nynorsk ligg nærare svensk enn dansk-norsk. Kärlek er
kjærleik på nynorsk, til skilnad frå
"kjærlighet" på dansk-norsk. Og svensk skillnad er
nettopp skilnad også på nynorsk, ikkje "forskjell" som
på dansk-norsk bokmål.
Men no er det samvitet som er temaet vårt i ettermiddag, ikkje
samanliknande skandinavisk språkvitskap. Kva tyder samvitet? Etymologisk
handlar det om å "vite saman". Slik er det både med det
greske ordet syn-eidêsis, det latinske con-scientia, det engelske con-science, og det
norsk-svenske sam-vet. Det avgjerande spørsmålet er: kven er
det vi veit noko saman med, i sam-vit? Slik eg ser det, har
samvitet - både som begrep og røyndom [verklighet] - ei spenning i
seg mellom det å "vite med seg sjølv" og det å
"vite saman med andre". Når vi taler om samvitet, refererer vi
ofte til det vi veit med oss sjølve, som ein indre kunnskap. Men tenkjer
vi etter, vil vi fort finne ut at vårt samvit også er bebodd av
andre. Kva anten vi har godt eller dårleg samvit, er det alltid ein
relasjon til andre inne i biletet.
Kva er så forholdet mellom å vite noko med seg
sjølv, som eit fritt individ, og det å forplikte seg på eit
moralsk fellesskap [gemenskap]? Og kor langt strekk samvitet seg? Lar det seg
stanse av kultur- og trusgrenser, eller strekkjer det seg utover grensene, mot
eit globalt fellesskap?
Det er desse grunnleggjande spørsmåla [frågorna] som vil ligge
i bakgrunnen for dei tankane om samvitet som eg vil dele med dykk. Eg vil
ta utgangspunkt i dagens aktuelle debatt om kvinner si stilling i islam, og
gå derifrå til det meir omfattande spørsmålet om
ein global etikk. Eg vil også sette dei aktuelle problemstillingane
i perspektiv ved å vise til korleis [hur] samvitet har blitt
forstått i kristen og europeisk idéhistorie, og av nokre moderne
muslimar. Tematisk vil foredraget halde seg i det same landskapet som mi
doktoravhandling, som handlar om samvitets
rolle i kristen-muslimske relasjonar og har tittelen Knowing by Oneself,
Knowing with the Other: al-damîr, Human Conscience and Christian Muslim
Relations (2002).
I
Samvitet mellom autonomi og autentisitet
Men lat meg ta utgangspunkt i det aktuelle. Det såkalla
æresdrapet eller skammordet på Fadime i Sverige har fått
ringverknader også på den norske debatten om innvandrarkvinner sin
situasjon og rettar [rättigheter]. I norske media har den
tragiske saka blitt utgangspunkt for ei ny runde med debatt om tvangsekteskap,
arrangerte ekteskap og unge muslimske kvinner sin rett til å sjølv
å velje kven dei vil gifte seg med. No er det etter det eg forstår
uklart kva rolle religiøse motiv har spela i Fadime-saka. Den handlar
nok meir om tradisjonelle æreskodeksar og brutale uttrykk for faderleg
frustrasjon enn om religion. Men i Norge har drapet nok ein gong sett muslimske
kvinner sin situasjon i fokus. Eit nytt moment i denne debattrunden er at
også spørsmålet om muslimske kvinner sin rett til å
gifte seg med ein kristen eller sekularisert nordmann har blitt reist med
større tyngde enn før.
To sentrale aktørar i den norske debatten har vore Shabana
Rehman og Lena Larsen. Shabana er stand-up komikar med pakistansk familiebakgrunn,
og ein høgt profilert kulturskribent i Norges nest største avis
Dagbladet. Lena Larsen er norsk-fødd konvertitt, og frå hausten
2000 leder for Islamsk Råd Norge. Begge er på sitt vis kvinneaktivistar.
At Lena Larsen einstemmig blei vald til leiar for Islamsk Råd, av imamar
og mannlege muslimske leiarar, blei av media med god grunn karakterisert som
ein verdssensasjon. Bakgrunnen var at den tidlegare leiaren for Islamsk Råd,
ein mann med gambisk bakgrunn, ikkje tilstrekkeleg klart tok avstand frå
kvinneleg omskjering i eit kontroversielt TV-program som blei tatt opp med
skjult [dold] kamera. Lena Larsen har stått sentralt
både i nettverksbygging mellom muslimske kvinner og i norske religionsdialogar,
og ho var eit naturleg val då Islamsk Råd ville markere sin vilje
til å støtte opp om kvinners verd og rettar.
Hausten 2000 blei den nyvalde Lena Larsen omgitt av mykje positiv
merksemd, fordi ho blei opplevd som ein frisk pust i det muslimske leiarskapet.
Ho karakteriserte seg sjølv som ein muslimsk Pippi Långstrump, og
uttalte i eit intervju at "Mange muslimske småjenter burde oppdras
til å bli litt mer rampete [fräcka]. Litt mer
Pippi" (Aftenposten 12. november 2002).
Men det er likevel to andre kvinner med muslimsk bakgrunn som har fått
mest positiv merksemd frå media i dei siste to åra. Den første
er norsk-somaliske Kadra,
som var nøkkelpersonen TV2 brukte då dei med skjult kamera intervjua
nokre muslimske lederar frå Somalia og Gambia om kvinneleg omskjering.
Den andre er Shabana, som har fronta diskusjonen om tvangsekteskap i pakistanske
miljø og markert seg som ei provoserande og sterkt religionskritisk
røyst i det muslimske miljøet. I sine spalter i Dagbladet har
ho kome med kraftsatsar som denne: "De religiøses praksis kveler
menneskets frihet. Til helvete med dem" (Dagbladet 27. juli 2001).
Etter drapet på Fadime gjekk Shabana, Kadra og andre saman om å
arrangere ein stor demonstrasjon i Oslos gater der dei kravde likestilling
mellom kjønna og uavkorta rett for kvinner til sjølve å
velje sin livspartnar. For meg, som har forska på temaet samvit, har
det vore interessant å merke seg kor ofte unge kvinner som Kadra og
Shabana refererer til samvitet når dei held sine flammande appellar.
Då ein del mannlege politikarar med pakistansk bakgrunn nyleg kritiserte
Shabana for å vere for unyansert i sin kritikk av det muslimske innvandrarmiljøet,
svarte Shabana:
Det jeg gjør er
å følge min egen samvittighet og stille spørsmål ved
nedarvede forestillinger som opprettholder diskriminering. Retten til å
stille de spørsmålene kan ingen ta fra meg (Shabana Rehman til Aftenposten
Aften, 11. mars 2002).
Shabana sin språkbruk reflekterer ein utbreidd tendens i Vesten
til å assosiere samvit med moralsk sjølvråderett eller autonomi. Om vi tar ein
idéhistorisk tenkepause her, vil vi finne at Shabana sine tankar er
prega av arven etter Martin Luther og opplysningsfilosofen Immanuel Kant.
Luther viste til samvitet då han gjorde reformatorisk opprør mot
pavekyrkjas religiøse og moralske autoritet. Stilt overfor styresmaktene
på riksdagen i Worms i 1520, hevda han at det ikkje var tilrådeleg
å gjere noko som streid mot samvitet. Luther sjølv taler ikkje om
eit autonomt samvit i moderne forstand. Til forskjell frå den religionskritiske
Shabana meinte han at samvitet er bunde av Guds ord. Men Luther spikrar fast at
truskapen mot Guds vilje er ei sak for den einskilde, og ordlegg seg på
ein slik måte at han gir eit viktig bidrag til den seinare tanken om
samvitsfridom [-frihet].
I etter-reformatorisk tid bidrar mange filosofar til at samvitsbegrepet
blir sekularisert, slik at Gud kjem stadig meir i skuggen av menneskets moralske
sjølvstyre. Viktig i denne prosessen er Kant, som på slutten
av 1700-talet såg samvitet som uttrykk for individets moralske dømmekraft.
I tråd med Paulus, som seier at samvitet anklagar eller forsvarer menneska
på grunnlag av ei naturlov som står skriven i alle menneske sine
hjarte (Rom. 2: 14f), såg Kant samvitet som menneskets "indre domstol"
(Das Bewusstsein eines inneren Gerichtshofes im Menschen ... ist das Gewissen). Underteksten er: vi treng
eigentleg ikkje nokon ytre, guddommeleg instans for å leve moralsk.
Domsinstansen er inne i oss, og fornufta gir oss den rettleiinga vi treng
for å leve rett.
Idéhistorisk sett går det ei nokså rett linje frå
Kant til Shabana. Kva så med Lena Larsen? Lena Larsen er mellom dei
som har late seg provosere av Shabana. Biletet av Shabana
og Lena er tatt dei to kom ut frå ein TV-debatt i februar 2002 der
Lena Larsen hadde hevda at Shabana ikkje representerer muslimane. Også
Lena Larsen ønskjer å støtte opp om kvinna sine rettar
[rättigheter]. Men som praktiserande
muslim og leiar for Islamsk Råd er hennar lojalitet til det muslimske
trusfellesskapet sjølvsagt ein heilt annan enn Shabanas. Lena Larsen
hevdar at ho arbeider for ein stille "evolusjon" i dei muslimske
miljøa, til forskjell frå den "revolusjonen" Shabana
går inn for. Etter Lena Larsens syn vil Shabanas revolusjon berre framprovosere
enda meir konservative reaksjonar hos mange av muslimane (jf. Dagbladet 29. januar 2002).
Lena Larsen refererer ikkje til samvitet når ho skal grunngi sine
standpunkt. Når ho profilerer seg, er ho meir opptatt av kva som er
autentisk "islam". Slik Lena Larsen ser det, gir islam kvinna fridom
til å velje sjølv kven ho vil gifte seg med. Tvangsekteskap
kritiserer ho like sterkt som Shabana, og stemplar det som misbruk av
religionen. Lena Larsen arbeider til dagleg i den interreligiøse
"Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet", og har sitt kontor på
Institutt for Menneskerettigheter. Ho støttar då også fullt
og heilt opp om menneskerettsprinsippet om full tanke-, samvits- og
religionsfridom for alle. Men - om kvinna vil vere autentisk muslim, har ho
sjølv tatt på seg visse avgrensingar:
[Lena Larsen] mener at det er
opp til enhver kvinne å gifte seg med hvem hun vil, men at hun må
gifte seg med en muslim for å kunne praktisere islam. - Det er opp til
enhver hvilken religion en vil praktisere, sier Larsen (Dagbladet 29. januar
2001).
Mange vil sjå Lena Larsens forsvar for islamske ekteskapsreglar
som lojalitet mot tradisjonen. Det er det kanskje også. Men det er ikkje
slik ho argumenterer. I staden omdefinerer Lena Larsen ein gammal regel i den
islamske lova til å bli det naturlege val for ei kvinne som - fritt og
utifrå seg sjølv - ønskjer å praktisere islam.
Kva så med skautet [slöjan] som Lena Larsen,
til forskjell frå Shabana, ber? Her meiner Lena Larsen at den islamske
lova er open for fleire tolkingar. Når ho i intervju grunngir sin eigen
bruk av skautet, seier ho ikkje at alle muslimske kvinner absolutt må
dekke til håret sitt. I staden nyttar ho modernitetstypiske formuleringar
som "Eg trur det er rett for meg og har valt det sjølv" (Vårt
Land 14. oktober 2000).
Kvinnelege frontfigurar i Norges Muslimske Ungdom argumenterer på
ein liknande måte, som det går fram av eit intervju med iransk-fødde
Masoome Sobut og den norske konvertitten Tone Marie Tveten hausten 2001. Dei
gir høgst personlege grunnar for å dekke håret (noko dei
gjer i varierande grad). Men når dei argumenterer for kvinners rettar
brukar dei - liksom Lena Larsen - spesifikt islamske argument, til forskjell frå Shabana som argumenterer
universelt og viser til samvitet.
Idéhistorisk sett vil eg meine at argumentasjonsmåten til
dei unge kvinnene i Norges Muslimske Ungdom og Lena Larsen speglar tanken
om autentisitet. Autentisitet handlar
om å vere ekte, i tydinga kjenne etter kva som er rett for ein sjølv.
Ofte er det nettopp dette referansar til samvitet handlar om: å vere
tru mot seg sjølv og si eiga indre stemme. I spørsmålet
om skautet handlar det for Lena Larsen ikkje om å følgje nedarva
tradisjonar (som Shabana gjer opprør mot), men om å vere eit
ekte, autentisk menneske som følgjer si indre røyst og ikkje
let seg dirigere av den massive norske opinionen som meiner at skautet signaliserer
underordning. For mange muslimske kvinneaktivistar signaliserer skautet tvert
om fridom til å følgje si indre overtyding, og verne om sin integritet
i ein avkledd og seksualisert kultur.
Idéhistorisk sett kan vi bak tanken om "kva som er rett for
meg" skimte Jean Jacques Rousseau og andre romantiske opplysningsfilosofar
som har hevda individets originalitet mot fellesskapets disiplinering. Som
Rousseau uttrykte det: "Tal alltid til andre i samsvar med ditt samvit,
utan å bry deg om deira applaus". Lena Larsen bryr seg definitivt
ikkje om den norske opinionens applaus - ho følgjer si indre stemme.
Men ein kan likevel ikkje oversjå at skautet hennar også
signaliserer identifikasjon med eit fellesskap. Også i arven etter
romantikken og Rousseau finst det ei spenning mellom personleg og kollektiv autentisitet.
Spørsmålet om kva som er rett for meg glir ofte over i
kva som er ekte eller autentiske uttrykk for ein bestemt gruppeidentitet, i dette tilfellet
"islam".
For Lena Larsen handlar spørsmålet om
interreligiøse ekteskap ikkje primært om lojalitet mot
tradisjonen, men om kva som er naturlege uttrykk for det å vere muslim -
i personleg og kollektiv forstand. Mot alle som vil tvinge kvinner til
å gifte seg muslimsk, slår Lena Larsen fast at alle kvinner
står fritt til å velje sin religion. Så langt er ho einig med
Shabana. Men dersom ho ønskjer å vere muslim, er det einaste
naturlege valet for kvinna å velje ein muslimsk partnar. Meiner Lena
Larsen, og nok også dei unge kvinnene i Norges Muslimske Ungdom. Kven kan
fortenkje dei i det? Sannsynlegvis meiner dei at også mannen - av dei
same grunnane - bør gifte seg muslimsk, sjølv om han etter den
islamske lova her står friare enn kvinne.
Universalistisk og kommunitaristisk etikk
Dei ulike argumentasjonsmåtane til Lena Larsen og Shabana Rehman
illustrerer to ulike måtar å forstå samvitet på, og
reflekterer kanskje også to ulike etikk-syn. Ei samvitsovertyding kan
anten spegle individets autonomi, i rammen av eit universelt
fellesskap - eller individets søking etter autentisitet, som del av eit
meir avgrensa, ideologisk bestemt fellesskap.
Med tanke på etikk-syn, trekkjer spørsmålet om
autonomi i retning av ein universalistisk etikk med like reglar og
ideal for alle. Spørsmålet om autentisitet drar heller i retning
av det ein kallar kommunitaristisk etikk, ein etikk som
støttar individets valfridom men også markerer den retten som
einskildmenneske og samfunnsgrupper har til å skilje seg ut og å
vere forskjellige. For Rousseau handlar samvitsfridom og autentisitet nettopp
om retten til å skilje seg ut og følgje dei reglane som ein
kjenner er naturlege for ein. Retten til å vere forskjellig er ein rett
for den einskilde til å vere seg sjølv, men også ein
kollektiv rett til å verne om det som er særskilt for ein bestemt
kultur eller ein bestemt religion.
Shabana knyter sitt samvit til forestillinga om eit globalt fellesskap
basert på universelle menneskerettar. Lena Larsen støttar tanken
om universelle menneskerettar, men knyter sine tankar om kva som "rett for
henne" til spørsmålet om kva som er autentisk islam, dvs. eit
naturleg val for ein muslim. Når ho svarer på det, taler ho som del
av eit meir avgrensa fellesskap - som ho på ein særleg måte
kjenner seg forplikta på.
Er det ikkje ofte slik for oss alle, at det moralske fellesskapet vi
lar oss forplikta av er vesentleg meir avgrensa enn "menneskeheten"?
Sjølv om vi støttar tanken om universelle rettar, veit vi godt at
det ikkje finst noka universiell semje om kva som er rett eller gale i dei
mange moralske val som vi står overfor. Tanken om universelle menneskerettar
kan då også tolkast nettopp som ein rett til skilnad - i tydinga
fritt å kunne velje kven ein har moralsk og religiøst fellesskap
med, utan å bli møtt av sanksjonar av noko slag.
II Samvitet
som globalisert begrep
Overskrifta på mi forelesing er "Samvetets roll i
sökandet efter en global etik." Kan samvitet byggje opp under ein
global etikk, og utvide rammen for vårt moralske fellesskap? Eller
må vi konstatere at samvitet ikkje er universelt, men taler med ulik
stemme alt etter personleg smak, kulturell tradisjon og trusmessig overtyding?
Som begrep har samvitet sine røter i kristen tradisjon og
europeisk idéhistorie. Men i moderne tid har samvitet blitt
ettertrykkeleg globalisert og funne sin plass i dei fleste språk. Den
faktiske globaliseringa av samvitsbegrepet er ein indikasjon på at mange
faktisk assosierer samvit med universalistisk etikk og verdsomspennande
fellesskap.
Eit avgjerande bidrag til globalisering av samvitsbegrepet kom med
Verdserklæringa om menneskerettane. Då Verdserklæringa blei
forma i 1948, kalla ein på menneskeslekta sitt felles samvit til eit
universelt forsvar for menneskets verd og individets fridom. Artikkel 18 taler
om samvitet som det einskilde menneske sin ukrenkjelege eigedom, og slår
fast at "alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom."
Men om vi les Verdserklæringa i sin heilskap, vil vi finne at den
ikkje berre refererer til den einskildes samvit og den tilhøyrande
tanken om samvitsfridom. Verdserklæringa tar også høgde
for fellesskapselementet i samvitet. Allereie filosofen Hegel hadde utfylt
Kants forståing på dette punktet. Mot Kants noko einsidige forståing
av samvitet som individets indre domstol, talte Hegel om samvitet som fellesskapselementet
i vårt sjølvmedvit (das gemeinschaftliche Element der Selbsbewusstsein) - det i oss som gjer oss i
stand til å forplikte oss på og samhandle med andre (i det Hegel
kalla Sittlichkeit).
I forordet til Verdserklæringa er det nettopp
fellesskapselementet i samvitet ein kallar på når det talast om at
manglande respekt for menneskerettane har ført til "barbariske
handlingar som har skaka samvitet til menneskeslekta". Det næraste
og mest påtrengande eksemplet var 1900-talets brutale verdskrigar,
framfor alt jødeutryddinga (holocaust). Men også den europeiske
imperialismen og tidlegare generasjonar religionskrigar høyrde med til
bakteppet.
Kva har så "menneskeslekta" å stille opp med, som
ankerfeste for ein global etikk som kan motverke vald og skape fred? Artikkel 1
i Verdserklæringa svarer slik: "Alle menneske er fødde frie, og
like i verd og rettar. Dei er utstyrt med fornuft og samvit, og bør leve
med kvarandre i brorskapets ånd."
Både forordet og artikkel 1 viser til den kollektive dimensjonen
ved samvitet, nemleg det vi kan "vite saman" på tvers av trus-
og kulturgrenser. Samvitet er det i oss som gjer at vi på tvers av
kulturgrensene kan reagere på urett, og "leve med kvarandre i
brorskapets ånd". Det er fundamentet for ein global etikk.
Med tanke på måten samvitet har blitt globalisert på,
kan det vere interessant å merke seg at det også var andre tradisjonar
enn den vestlege inne i biletet då samvitet kom inn som ein sentral
referanse i Verdserklæringa. Forsking viser at det var det kinesiske medlemmen av redaksjonskomiteen
som foreslo å ta inn ei tilvising til conscience i artikkel 1. Det
han hadde i tankane, var det konfusianske omgrepet ren. Det kinesiske
teiknet for ren
er ein kombinasjon av teikna for "menneske" og "to".
På engelsk kan det o msettast med "two-man-mindedness", og
det drar tanken i retning av forpliktande fellesskap.
På same tid som Verdserklæringa om menneskerettane blei
til, bidrog også Mahatma Gandhi til å globalisere samvitsbegrepet.
Samvitet står svært sentralt i Gandhis tenking - som ein referanse
til den guddommelege stemma som vi alle har i oss, og som fundament for ein
ikkje-valdeleg etikk. Hos Gandhi er samvitet heilt eintydig kopla til ein
universalistisk etikk, som hentar impulsar frå så vel indisk som
kristen og muslimsk tradisjon.
Det finst også muslimske tenkjarar som har vore med
på å globalisere samvitsbegrepet. Sjølv har eg forska
på nokre moderne egyptiske muslimar sitt syn på samvitet. På
1950- og 60-talet, i forlenginga av Verdserklæringa og Gandhi, skriv dei
bøker om forholdet mellom islam, kristendom og europeisk filosofi der
samvitsbegrepet står påfallande sentralt. Forfattarane eg har
forska på heiter Abbâs Mahmûd al- Aqqâd,
Kâmil Husayn og Khâlid Muhammad Khâlid. Alle er dei universalistar.
Dei knyter si tenking til den filosofiske etikken i klassisk islam, der dei to
polane var individets moralske karakter og menneskeslekta (al-insâniyya) sine felles
interesser.
Det ordet desse forfattarane brukar for å få fram kva
muslimar og kristne - ja, alle menneske av god vilje - "veit saman",
er damîr, det vanlege ordet for samvit i moderne arabisk. I
klassisk arabisk står al-damîr for det inste i mennesket,
altså det einkvar veit med seg sjølv. Deira bruk av
samvitsbegrepet speglar då også ein ei modernitetstypisk interesse
for den einskildes moralske autoritet, som desse forfattarane ønskjer
å styrke vis-a-vis fellesskapet. Som allierte for samvitet påkallar
desse muslimske forfattarane Muhammad, Kristus, Sokrates og alle islamske og
europeiske filosofar dei kan kome på som har forsvart individet mot det
autoritære fellesskapet sine krav og hevda tankefridommens prinsipp.
Frå 1940-talet og fram til byrjinga av 1960-talet skreiv al- Aqqâd
ei mengd biografiar om framståande menneske i historia - frå Kristus
via Muhammad og dei fire rettleidde kalifane til Gandhi. Det som sameinar
dei, er deira sensitivitet overfor samvitets røyst. Det al- Aqqâd
heldt for å vere mest karakteristisk ved Kristus, var den "kjærleiks-
og samvitslova" (sharî at al-hubb wa-l-damîr) han forkynte, i motsetnad
til farisearane og dei skriftlærde si overfokusering på ytre reglar
og døde bokstavar. Den største jihâd forstår al-
Aqqâd som mennesket sin vedvarande kamp for tanke- og samvitsfridom
i samfunnet - ein strid som al- Aqqâd openbert meiner dagens muslimar
må ta like alvorleg som Kristus gjorde då han utfordra [utmanade] stivna og autoritære
religionsformer i si samtid.
Khâlid skriv bøker med inkluderande titlar som "Muhammad
og Kristus - saman på vegen" og "Det menneskelege samvitet
på si reise fram mot målet". Den sistnemnde boka tonar ut
i ei lovprising av Gandhi som samvitets røyst i vår tid. I den
førstnemnde boka definerer samvitet som "mennesket i sin sanne
eksistens". Han synest såleis å knyte samvitsetikken til
spørsmålet om autentisitet, men vel å merke i ein universalistisk
horisont. For her er det sann menneskeleg autentisitet det
er tale om, ikkje "muslimsk" eller "kristen" autentistet.
Kâmil Husayn skriv om den einskildes rett og plikt til å seie
nei når fellesskapet krev noko av oss som vår indre stemme seier
er feil. Sterkast av dei alle koplar han truskap mot samvitet til ei ikkje-valdeleg
forplikting. Husayn gav i 1954 ut ein spennande roman med tittelen Qarya
zâlima (på engelsk: City
of Wrong). Boka handlar om langfredagshendingane sett frå ein
muslimsk synsstad. Hans dramatiske hovudpoeng er at alle som forsøkte
å ta livet av Kristus eigentleg handla mot si indre stemme. Dei visste
at det dei var i ferd med å gjere ikkje var rett. Men dei lot politiske
omsyn eller omsynet til det religiøse fellesskapet sine interesser
sette samvitet ut av spel. Det dei då gjorde, seier Husayn, var faktisk
å korsfeste samvitet:
Då dei bestemte seg for
å korsfeste han, vedtok dei i røynda å drepe samvitet (al-damîr) og
sløkke det lyset det gir. Slik dei såg det, la både fornuft
og religion plikter på dei som overskreid samvitets diktat.
Både Husayn og dei to andre sine bøker om samvitet er i
tråd med den universalistiske tenkemåten som vi på deira tid
finn klarast uttrykt i Verdserklæringa og hos Gandhi. Forfattarane
speglar også den egyptiske nasjonalismen ved midten av 1900-talet, der
ein gjerne la større vekt på den felles egyptiske identiteten enn
det spesifikt muslimske eller kristne elementet.
Men dette er no historie. Frå 1970-talet har det kulturelle
klimaet i Egypt endra seg grunnleggjande. Både den egyptiske
nasjonalismen og den inkluderande, universalistiske tenkemåten har lenge
vore på defensiven. Store vekkingar både mellom muslimar og kristne
har gjort at folk flest no er meir opptatt av kva det vil seie å vere
autentisk muslim eller autentisk kristen (dvs. koptar), meir enn "sant
menneskeleg" eller "god egyptar". Tilsvarande ser ein også
at mange taler om eit "kristent" kontra eit "muslimsk"
samvit.
III Å
sjå [att se] seg sjølv som ein annan
Kva har så samvitet å stille opp med mot ei kulturutvikling
der mange - ikkje berre i Egypt -
er mest opptatt av å vere seg sjølv, i individuell eller kollektiv
forstand? Kan samvitet vere med å bygge opp under ein meir
universalistisk etikk? Eller er det tatt til fange av kommunitaristiske
tenkemåtar som set klare og tydelege grenser for mitt moralske
fellesskap?
Dersom ein ønskjer å bygge opp under ei meir
universalistisk forståing av samvitet er det naturleg å kople
samvitet til gjensidigheitsprinsippet og den gylne regelen. Den gylne regelen
finst i ulike former i alle dei store religionane, og er uttrykt slik i Det nye
testamentet:
Alt det de vil at andre skal
gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og
profetane (Matteus 7: 12).
I islam finn vi ein versjon av den gylne regelen i eit ord av Muhammad
som vi kan finne i al-Bukhârî si Hadîth-samling:
Ingen av dykk kan vere ein
truande før han ønskjer det same for sin bror som han
ønskjer for seg sjølv (al-Bukhârî, "Boka om
tru").
No kan vi likevel ikkje ta for gitt at den gylne regelen nødvendigvis
støttar opp om ein global etikk. I dei to mest brukte engelske
omsettingane av Hadîth-samlingane, vil ein finne ein avgrensande parentes
i den siste delen av setninga: "før han ønskjer det same for
sin (muslimske) bror som han ønskjer for seg sjølv". Men
mange muslimar vil protestere mot den ekskluderande parentesen, og gjere den
gylne regelen til fundament for ein universaliserande islamsk etikk. Ein del
muslimske reformtenkjarar vil også nytolke Shari'a i tråd med det
universelle gjensidigheitsprinsippet, slik at lova ikkje lenger gjer skilnad
på muslim og kristen, mann og kvinne.
Det spørsmålet som likevel blir ståande - både
for kristne, muslimar og alle andre - er korleis [hur] vi skal kome dit
at vi ønskjer det same for andre som for oss sjølv, på
tvers av trusgrensene. Som eg har vore inne på: "menneskeheten"
er ein uoversiktleg og abstrakt storleik. Kanskje er det derfor den
universalistiske etikken så ofte kjem på defensiven, fordi vi ikkje
maktar å forplikte oss på ein abstraksjon? All erfaring tyder
på at den moralske danninga - også den som siktar mot ein global
etikk - må ta sitt utgangspunkt i det konkrete og lokale. Berre ansikt
til ansikt kan vi lære oss å krysse grenser. Ein global etikk
må elskast fram i nære relasjonar, der vi - steg for seg - kan
utvide samvitet.
Kanskje handlar moralsk danning om å invitere stadig fleire inn
vårt samvit, og på den måten bli "oss sjølve
som ein annan"? Uttrykket er lånt frå filosofen Paul Ricoeur,
som avsluttar si bok Oneself as Another nettopp med ein refleksjon
omkring samvitet. Samvitet, seier han, er evna til å sjå seg sjølv
som ein annan. Kven dei andre i sjølvet er, oppdagar vi når vi
fortel historia om våre liv og tenker etter kven som har kome oss så
nær at dei har blitt ein del av vårt samvit.
Den første forminga av samvitet skjer i familien. For mange er
også religionen og trusfellesskapet med på å forme samvitet,
og eins tankar om kva det vil seie å vere eit autentisk menneske. Men
samvitet må ikkje stanse der. Kanskje er det nettopp skolen si rolle
å legge til rette for ei utviding av samvitet, slik at det kan strekkje
seg utover familien og det eigne trusfellesskapet? Visst skal skolen styrke
den einskildes moralske autonomi. Det er viktig i seg sjølv. Skolen
skal også gi rom for at barn og unge kan få gi "autentiske"
uttrykk for sin muslimske, kristne eller jødiske identitet. Men er
ikkje skolens fremste oppgåve å utvide rammene for forpliktande
moralsk fellesskap?
Å la andre få bli del av eins samvit tyder ikkje at ein
skal bli samde - einige - i eitt og alt. Samvit står ikkje i motsetnad
til moralsk usemje. Også i søkinga etter ein global etikk må
vi akseptere skilnader i konkrete moralske oppfatningar. Men eg trur at
samvitet knyter oss saman på eit djupare plan enn det som handlar om
artikulerte overtydingar.
Berre ansikt til ansikt kan vi bli oss sjølve som ein annan.
Også ifølgje den fransk-jødiske filosofen Emmanuel Levinas,
er "det vidunderlege ved ansiktet at det seier, det seier nød, sårbarheit, det bed,
bønnfell meg om hjelp, det set meg under ansvar". Kanskje handlar
samvit først og sist om å oppdage og respektere kvarandres
sårbarheit? Den tyske 1800-talsfilosofen Ludwig Feuerbach har sagt noko
vakkert om samvit og sårbarheit, i Levinas si ånd. Når
Feuerbach taler om samvitet, er han - motsett Levinar, men liksom Shabana -
nokså religionskritisk i si tilnærming. Samvit handlar om
mellommenneskeleg relasjonar, seier han, ikkje om forholdet til Gud. Men den
måten han forstår samvitet på inspirere også dei av oss
som trur at den andres ansikt openberrar noko av Gud:
Samvitet mitt er ikkje noko
anna enn eit Eg som seg sjølv i staden til eit såra Du. Samvitet
er å vite saman. I den grad er biletet av den Andre vevd inn i mitt
sjølvmedvit at sjølve uttrykket for det som er aller mest mitt,
ja, mitt aller inste, faktisk handlar om ... fellesskap (Ludwig Feuerbach,
Der Eudämonismus).
Det spørsmålet som blir ståande, er dette: kven er
det som får kome meg så nær at eg lar meg berøre av
deira sårbarheit, i mitt samvit? Kanskje er det her - på den staden
der eit nært møte opnar grensene - at den globale etikken har sitt
utspring. I samvitet.