<
Fylkeslegen i Telemark
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Verksemda si adresse: |
Helsesenteret, 3850 Kviteseid |
|
Tidsrom for tilsynet: |
09.05. – 04.07.2001 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Unni Hartberg, leiande helsesyster |
|
Regelverk: |
- Lov om helsetjenesten i kommunene av 19.11.1982 nr.66
- Forskrift om helsetjenester i skoler av 23.11.1983 nr.1776
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30.03.1984 nr. 15
- Lov om private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (lov av 14.juni 1985 nr. 73)
|
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte områder og funn
6. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:
- Alminnelege krav
- Undersøkingar og vegleiing
- Tiltak til utsette grupper
- Helseovervaking
Kviteseid kommune er i gang med å etablere eit internkontrollsystem. Dei har laga ein styringsdel som er godkjent, samt ein oversikt for kvalitetssystem i skulehelsetenesta. Det medisinsk-faglege ansvar blir ivareteke av lege(skulelegen). Kommunen tilbyr systematiske medisinske undersøkingar til alle elevar ved skulestart. Det gis tilbod om helsevegleiing i alle skular, også vidaregåande skule. Skulehelsetenesta legg Veileder for helsestasjons- og skolehelsetjenesten, IK-2617 til grunn for tenesta. Kommunen har tilfredsstillande lokaler på helsestasjonen. Kommunen har etablert tverretatlege barnesamråd med faste møter.
Ved tilsynet blei det avdekt 2 avvik frå myndigheitskrava. Det er gitt merknad til 6 tilhøve der det er potensiale for forbetring.
Avvika er detaljert omtale i kapitel 5 og gjelder:
- Kommunen manglar eit internkontrollsystem for skulehelsetenesta.
- Skulehelsetenesta har ikkje oversikt over sjukdom/helsetilstand og risiko blant skuleelevane, og kan ikkje vise til systematiske tiltak som skal identifisere desse tilhøva.
Dei 6 merknadene er omtala i kapitel 5 og er følgjande:
- Dei tilsette manglar stillingsinstruksar/arbeidsomtale.
- Prosedyrearbeidet er ikkje tverrfagleg basert.
- Kommunen har ikkje prosedyrar som sikrar fagleg oppdatering av dei tilsette i skulehelsetenesta.
- Skulehelsetenesta har ikkje fast kontortid på skulane eller på annan måte legg til rette for at elevane kan få tilbod om helsevegleiing i skuletida.>
- ;Dei tverretatlege møteplassane er ikkje kjent blant alle tilsette i skulehelsetenesta.
- Skulehelsetenesta har ikkje eit etatsinternt system som sikrar tverrfagleg innsats av kjernepersonell som lege, fysioterapeut og helsesyster.
Dato: 04.07.2001
|
Astrid Irene Keltner Revisjonsleiar |
Roger Jensen Revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Kviteseid kommune i perioden 07.03.– 09.05. 2001. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegen sin planlagde tilsynsverksemd i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett.
Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervjuer og ved verifikasjoner. Verifikasjoner inneber å sjekke om rutiner, prosedyrar og instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Kviteseid kommune har 4 barneskular og 1 ungdomsskule med tilsaman 352 elevar, og 1 vidaregåande skule (Kvitsund). Dei tilsette i skulehelsetenesta er leiande helsesyster, kommune-fysioterapeuten og skulelegen. Alle er i heile stillingar og har andre oppgåver i tillegg.
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Oversikt over grunnskular i Kviteseid kommune
- Oversikt over tilsette ved helseavdelinga, Kviteseid kommune
- Arbeidsplan for skulehelsetenesta i Kviteseid 2000/2001
- Årsbudsjett/økonomiplan 2001 - 2004 for helsestasjon (inkl. skulehelsetenesta) i Kviteseid kommune
- Framdrift-handlingsplan for innføring av kvalitetssystemet i avdelingar for helse- og omsorg i Kviteseid kommune
- Nedskrivne prosedyrar for skulehelsetenesta
- Organisasjonskart for avdeling for helsetenester i Kviteseid kommune
- Stillingsbeskrivelse avdelingsleiar for helsetenester Kviteseid kommune
Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen:
- Frå fylkeslegen 07.03.2001: Varsel om tilsyn med skulehelsetenesta i Kviteseid kommune 09.mai 2001.
- Frå Kviteseid kommune 30.03.2001: Varsel om tilsyn med skulehelsetenesta i Kviteseid kommune.
- Frå fylkeslegen 18.04.2001: Varsel om tilsyn med skulehelsetenesta i Kviteseid kommune 09.mai 2001.
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 07.03.2001.
Formøte vart ikkje halde.
Opningsmøte vart halde onsdag 09.mai 2001 kl. 09.00 – 09.30.
Intervjuer
5 personar vart intervjua.
Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar blei gjennomførde:
- Kvalitetshandbok, systemdel A.
- Utkast til kvalitetssystemet for helsestasjonen, perm B.
- Notat vedrørande revidering av arbeidsoppgaver for helsesyster.
Sluttmøte vart halde onsdag 09.mai 2001 kl. 14.45 – 15.30.
5. Reviderte områder og funn
Område 1: Alminnelege krav.
Avvik 1-1.
Kommunen manglar eit internkontrollsystem for skulehelsetenesta.
Avvik frå følgjande myndigheitskrav:
Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Kommunen kan ikkje legge fram eit internkontrollsystem for skulehelsetenesta.
- Bruk av faglege standarder i skulehelsetenesta er ikkje skriftleg dokumentert.
- Kommunen har ikkje rutinar som sikrar at dei tilsette har oversikt over regelverkskrava.
- Det administrative ansvaret for skulehelsetenesta er ikkje gjort tydeleg for dei tilsette.
Merknad 1-1.
Dei tilsette manglar stillingsinstruksar/arbeidsomtale.
Merknad 1-2.
Prosedyrearbeidet er ikkje tverrfagleg basert.
Merknaden er basert på følgjande observasjon:
Prosedyrearbeidet gjerast med utgangspunkt i helsesystergruppa i Vest-Telemark, utan at det samstundes er forankra i det lokale tverrfaglege miljøet i skulehelsetenesta i kommunen.
Merknad 1-3.
Kommunen har ikkje prosedyrar som sikrar fagleg oppdatering av dei tilsette i skulehelsetenesta.
Kommentar:
Det er opp til dei tilsette sjølve å vurdere trongen til fagleg oppdatering.
Område 2: Undersøkingar og vegleiing.
Merknad 2-1.
Skulehelsetenesta har ikkje fast kontortid på skulane eller på annan måte legg til rette for at elevane kan få tilbod om helsevegleiing i skuletida.
Område 3. Tiltak til utsette grupper.
Merknad 3-1.
Dei tverretatlege møteplassane er ikkje kjent blant alle tilsette i skulehelsetenesta.
Merknad 3-2.
Skulehelsetenesta har ikkje eit etatsinternt system som sikrar tverrfagleg innsats av kjernepersonell som lege, fysioterapeut og helsesyster.
Område 4: Helseovervaking
Avvik 4-1.
Skulehelsetenesta har ikkje oversikt over sjukdom/helsetilstand og risiko blant skuleelevane, og kan ikkje vise til systematiske tiltak som skal identifisere desse tilhøva.
Avvik frå følgjande myndigheitskrav:
Forskrift om helsetenester i skular av 23.11.1983 nr. 1776, § 3, jf. § 2 andre ledd og Lov om helsetenesta i kommunane av 19.11.1982 nr. 66, § 1-4.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- Skulehelsetenesta har ikkje skriftlege prosedyrar for overvaking av helsetilstand og risikofaktorar blant skuleelevane.
- Det er uklart kven som har ansvar for helseovervaking.
- Helsetilstanden blant elevane er ikkje beskrive i årsmelding for skulehelsetenesta eller i annan dokumentasjon.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Bjørn Johansson |
Helse- og sosialsjef |
Ja |
Ja |
Ja |
|
Olav O. Kaasa |
Omsorgskonsulent |
Ja |
Ja |
Ja |
|
Oliver Wermke |
Kommunelege 2/skulelege |
Ja |
Ja |
Ja |
|
Tina Rothstein |
Kommunefysioterapeut |
Ja |
Ja |
Ja |
|
Unni Hartberg |
Leiande helsesyster |
Ja |
Ja |
Ja |
Frå fylkeslegen deltok:
Fylkessjukepleier Astrid Irene Keltner (revisjonsleiar)
Lege Gunnar Andersen
Forebyggingsrådgiver Roger Jensen