Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Virksomhetens adresse: |
6240 Sjøholt |
|
Tidsrom for revisjonen: |
09.11.1999 |
|
Kontaktperson i virksomheten: |
Ingar Asbjørnsen |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Kommunehelsetjenesteloven
- Forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager
- Forvaltningsloven
|
INNHALD
1. Innleiing 2. Omtale av verksemda 3. Dokumentunderlag 4. Gjennomføring 5. Reviderte områder og funn 6. Deltakarar på revisjonen Vedlegg 1 Dokumentunderlag Vedlegg 2 Program
Tilsynet er utført som systemrevisjon
Samandrag av rapporten sitt innhald
Denne rapporten omtalar dei avvik og merknader som blei avduka innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:
- I kor stor grad har kommunen etablert internkontroll for godkjenning av verksemder som blir omfatta av forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler m.v.
- I kor stor grad har kommunen etablert internkontroll for tilsyn med miljøretta helsevern i skoler og barnehagar.
Hovudkonklusjon
Kommunen er kome godt i gang med å etablere internkontroll innan helsetenesta og det ligg føre plan for gjennomføring av tilsyn med skular og barnehagar.
Ansvarshøva når det gjeld godkjenning og tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern i skolar og barnehagar ligg til kommunestyret. Arbeidet med endeleg godkjenning av skolar og barnehagar er på gang
Det er ikkje konstatert avvik ved tilsynet
Det er framkome ein merknad knytt til delegering av godkjenning og tilsyn.
Dato: 11.11.1999
|
Revisjonsleder: Asbjørn Berge |
Revisor: Magnar Kleppe |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeid etter systemrevisjon i Ørskog kommune 09.11.1999. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegen sine planlagte tilsyn i inneverande år og avgrensa til korleis kommunen ivaretek tilsyn med og godkjenning av skoler og barnehagar etter forskrift om miljøretta helsevern i skoler og barnehagar.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere korleis verksemda ivaretek ulike krav som styresmaktene stiller ved hjelp av sitt kvalitets- eller internkontrollsystem.
Revisjonen omfatta mellom anna:
- Kommunens oversikt over kva for lover og forskrifter som gjeld for godkjenning og tilsyn med miljøretta helsevern i skoler og barnehagar.
- . Kommunens organisering, ansvarsplassering og oppgåvefordeling på dei forskjellige nivå innan området
- . Kommunens faglege kompetanse og ressurser for godkjenning og tilsyn med miljøretta helsevern i skoler og barnehagar
- Kommunens bruk av vilkår eller dispensasjon ved godkjenning av miljøretta helsevern i barnehagar og skoler
- Kommunens sakshandsaming ved godkjenning av skoler og barnehagar i etter forskrifta
Systemrevisjonen blei gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervjuer, og ved verifikasjon av at rutiner, prosedyrar m.v. blir følgt opp i praksis. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avduka under revisjonen.
- Avvik
blir definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen for avvik, men der styresmaktene meinar det ligg føre eit potensial. for forbetring.
2. Omtale av verksemda
Ørskog kommune har tilsett sakshandsamar (sosiolog) som har som serleg oppgave å utvikle eit internkontrollsystem innan helse- og sosialtenesta i kommunen.
3. Dokumentunderlag
Dokumentunderlaget for systemrevisjonen var:
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30.03.1984
Lov om helsetjenesten i kommunene av 13.11.1982 Forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager av 01.12. 1995 Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.02. 1967
- Korrespondanse mellom Ørskog kommune og fylkeslegen.
- Dokumentasjon motteke frå kommunen jf. vedlegg nr.1
- Dokument motteke under revisjonen, jf. vedlegg nr. 1
4. Gjennomføring
Kommunen blei varsla om revisjonen ved skriv av 12.10. 1999. Kommunen ga melding attende ved brev av 03.11.1999, vedlagt aktuelle dokument. Ved brev av 03.11.1999 oversende fylkeslegen detaljert program og nærare informasjon om gjennomføring av tilsynet. Sjå elles vedlagde program jf. vedlegg 2.
5. Reviderte områder og funn
Revisjonen har omfatta:
- kommunen si godkjenning av skoler og barnehagar som blir omfatta av forskrift om miljøretta helsevern i skoler og barnehagar.
- kommunen sitt tilsyn med miljøretta helsevern i skoler og barnehagar
Avvik Det er ikkje konstatert avvik ved dette tilsynet
Merknad Fylkeslegen har følgjande merknader vedrørande kommunen si godkjenning og tilsyn med skoler og barnehagar.
Kommunen har kome godt i gang med å etablere internkontrollsystem innan
helsetenesta. Søknad frå skolar og barnehagar ligg føre. Dei praktiske oppgåvene blir ivareteke av personell i helsetenesta som har tilgang på turvande fagkompetanse og kjenner det aktuelle regelverk, men formell delegering og ansvarsplassering manglar på dette nivået. Det er såleis ikkje samsvar mellom faktisk handtering av godkjenning og tilsyn med skolar og barnehagar og den formelle fullmakt på området. Etter det som kom fram ved tilsynet låg det føre framlegg til delegering til helsetenesta ved kommunelegen.
6. Deltakarar på revisjonen
|
Navn |
Funksjon |
Åpningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Lars Tore Nerbøvik |
Kommunelege |
x |
x |
x |
|
Astrid Andersgaard |
student/observatør |
x |
|
|
|
Tove Steinsland |
førstekonsulent/sosiolog |
x |
|
x |
|
Sylvi Sjøholt |
leiande helsesøster |
x |
x |
x |
|
Greta Moen |
oppvekstsjef |
x |
|
x |
|
Ingar Asbjørnsen |
helse- og sosialsjef |
x |
x |
x |
|
Einar Landmark |
rådmann |
x |
|
|
|
Magnar Kleppe |
revisor |
|
|
|
|
Øystein Solevåg |
observatør |
|
|
|
|
Asbjørn Berge |
revisjonsleder |
|
|
|
VEDLEGG 1 - Dokumentunderlag
Oversikt over dokumenter som ble lagt til grunn for revisjonen.
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30.03.1984
Lov om helsetjenesten i kommunene av 13.11.1982 Forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager av 01.12. 1995 Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.02. 1967
- Korrespondanse mellom Ørskog kommune og fylkeslegen.
- Dokumentasjon motteke frå kommunen
a. Delegeringsreglement for Ørskog kommune av 24.06.1999 b. Utdrag av kvalitetssikringsperm med døme på prosedyre
- Dokument motteke under revisjonen
a. Kommunelegen si utgreiing og framlegg til vedtak om godkjenning av 2 kommunale skoler og 2 kommunale barnehagar b. Godkjenningsvedtak i utval for helse- og sosial for dei ovannemnde skoler og barnehagar
VEDLEGG 2 - Program for tilsyn med Ørskog kommune, 9.11.1999
|
0930 |
Åpningsmøte på helsestasjonen (venterommet)– alle kan delta |
|
1000 - 1230 |
Intervju med utvalde personar |
|
1000 – 1030 |
Helse- og sosialsjef Ingar Asbjørnsen |
|
1040 – 1115 |
Kommunelege Lars Tore Nerbøvik |
|
1130 – 1200 |
Leiande helsesøster Sylvia Sjøholt |
|
1200 - 1230 |
Rådmann Einar Landmark |
|
1230 |
Lunsj |
|
1300 - 1500 |
Dokumentgjennomgang - Intern oppsummering |
|
1500 - 1530 |
Sluttmøte – alle kan delta |
|