Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Verksemdas adresse: |
6143 Fiskåbygd |
|
Tidsrom for systemrevisjon: |
24. mai 2000 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande helsesøster Oddbjørg Vik Nordal |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Forskrift om helsetjenester i skoler
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte område og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande områda: 1. Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald), 2. Undersøkjing og rettleiing, 3. Tiltak for utsette grupper, 4. Helseovervaking.
- Alle skolane i kommunen har skolehelseteneste. Kommunehelsetenesta har etablert internkontrollsystem der skolehelsetenesta inngår. IK permen er oppdatert, kjend og tilgjengeleg.
- Det var ikkje etablert rutinar for systemastisk lokal kartlegging av risikofaktorar og faktorar som fremmer helsa til barn og unge.
- Ved revisjonen vart det ikkje konstatert avvik. Det vart grunnlag for to merknader.
|
Fylkeslege Egil Storås revisjonsleiar |
Einar Andersen revisor |
Aslaug Solberg revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Vanylven kommune, 14. april 2000. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd i år og som del av felles tilsyn for alle fylkeslegekontor.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett
- det vart spesielt lagt vekt på skulehelsetenesta i grunnskulen
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju, ved verifikasjon av rutiner, prosedyrar om instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Kommunen har to legar som deltek i skolehelsetenesta. Begge er frå Tyskland og har vore i kommunen frå november 1999. Begge tala bra norsk, var kjend med internkontrollsystemet og hadde sjølv ønskje om å delta i skolehelsetenesta.
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- IK perm med aktuelle lover, forskrifter og retningsliner samt skrevne prosedyrar knytta til verksemda
- Ved tilsynet vart det utlevert prosedyrar for introduksjon av vikar, turnuskandidatar og nytilsette legar, program for lynkurs i administrasjon, turnusorientering, skriv om delegasjon og tilbakeføring av fullmakt ved fråver i leiande funksjonar, årsrapport, skjema om melding om skade, uhell og klage, fråsegn om samtykke og internkontroll HMS
Korrespondanse mellom verksemda og fylkeslegen:
- Ettersendt program for skulehelsetenesta
- Informasjonsskriv til skulane og heimane
- Informasjonsskriv som fylgjer innkallinga til skulestartundersøkinga
Dokumentasjon hos fylkeslegen: Smittevernplan og katastrofeplan for kommunehelsetenesta
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt ut 14. april 2000
Formøte vart ikkje halde.
Opningsmøte vart halde 24. mai 2000
Intervju: 5 personar vart intervjua, jfr. vedlegg
Verifikasjon:
Gjennomgang av lokalene for skolehelsetenesta ved helsesenteret, arkiv og diverse dokumentasjon.
Sluttmøte vart halde 24. mai 2000
5. Reviderte område og funn
Område 1: Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald)
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på merknader på dette området.
Område 2: Undersøkjing og rettleiing.
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på merknader på dette området.
Område 3: Tiltak for utsette grupper
Det vart ikkje funne avvik på dette området.
Merknad 1
Det er etablert fleire tverrfaglege samarbeidsstrukturar. Organiseringa av "ansvarsgruppe"
rundt funksjonshemma barn fungerar etter myndigheitskrava. Men "småmøtene" som vart danna ved behov har uklar struktur og funksjon.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Det er ingen skrevne prosedyrar for desse møta
- Det låg ikkje føre dokumentasjon/ referat frå møta
- Uklart omkring brukarmedverknad og teiingsplikt
Område 4: Helseovervaking
Det vart ikkje funne avvik på dette området.
Merknad 2
Det er ingen systematisert innhenting av data i regi av skulehelsetenesta.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Det ligg ikkje føre eiga oversikt over helsetilstanden til barn og unge i kommunen.
- Offentleg statistikk og kunnskap vert bruka for å synleggjere forekomst og problem på lokalt nivå.
- Det var usikkert om det var system for vidareformidling av lokal kunnskap om helsetilstand, trivsel, levekår og sosialt og fysisk miljø for barn og ungdom. Jfr. skolehelsetenestas funksjon som premissleverandør for andre kommunale instansar.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Oddbjørg Vik Nordal |
Leiande helsesøster |
X |
X |
X |
|
Karsten Vingen |
Helsesjef |
X |
X |
X |
|
Marko Beshen |
Kommunelege |
X |
X |
X |
|
Birgit Echoff |
Helsesøster |
X |
X |
X |
|
Ulrich Brand |
Kommunelege |
X |
X |
|
|
Marit Kristoffersen |
Pleie og omsorg |
X |
|
|
|
Janne Osvik |
------ " -------- |
X |
|
|
|
Mariann Kjenstadbakk |
|
X |
|
|
|
Arnstein Nupen |
Sentraladministrasjonen |
X |
|
X |
|
Audhild Nordaune |
Pleie og omsorg |
X |
|
|
|
Jon Arne Lillebø |
Oppvekstleiar |
X |
|
|
|
Magne Berge |
Kultur |
X |
|
|
|
Ove Bøstrand |
Sosialetaten |
X |
|
|
|
Kari Nykrem |
Helseetaten |
X |
|
|
|
Irene Løvoll |
Off.tannhelsetenesta |
X |
|
X |
Frå fylkeslegen deltok:
Fylkeslege Egil Storås, revisjonsleiar
Kontorsjef Einar Andersen, revisor
Fylkessjukepleiar Aslaug Solberg, revisor