Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adresse: |
6460 Eidsvåg |
|
Tidsrom for tilsynet: |
10. januar 2001 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande helsesøster Johanne S. Bakken |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Forskrift om helsetjenester i skoler
|
INNHALD
Samandrag
1.Innleiing
2.Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3.Dokumentunderlag
4.Gjennomføring
5.Reviderte områder og funn
6.Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område: 1. Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald), 2. Undersøkjing og rettleiing, 3. Tiltak for utsette grupper, 4. Helse- overvaking.
- Det er skolehelseteneste ved alle skolane i kommunen. Alle barn får helseundersøkjing ved skolestart
- Skolehelsetenesta har rutinar som sikrer at ansatte er kjent med regelverk og faglege standarder.
- Kommunen har ikkje etablert internkontrollsystem der skolehelsetenesta inngår. Plan for ferdigstilling ligg ikkje føre.
- Ved revisjonen vart det konstatert 1 avvik. Det vart grunnlag for 2 merknader.
Dato, mai 2001
|
Aslaug Solberg revisjonsleiar |
Einar Andersen revisor |
Karsten Vingen revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nesset kommune, 10. januar 2001.
Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd i år.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar blir utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar av rutinar, prosedyrar, om instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Ingen serlege tilhøve.
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Plan for skolehelsetenesta i Nesset av 1997, ikkje godkjent
- Et prosjektarbeid innan skolehelsetenesta
Utdelt under tilsynet:
- Rådmannens årsmelding 1999
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart sendt ut 27. november 2000
Formøte vart ikkje halde.
Opningsmøte vart halde 10. januar 2001
Intervju: Fem personar vart intervjua
Verifikasjon: Synfaring ved helsesøsterkontor og skolehelsekontor
Sluttmøte vart halde 10. januar 2001
5. Reviderte områder og funn
Område 1:
Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald)
Avvik 1
Kommunen har ikkje IK-system i kommunehelsetenesta, herunder skolehelsetenesta.
Avvik frå:
Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3,1. ledd:
"Enhver som yter helsetjeneste skal etablere internkontrollsystem for virksomheten og sørge for at virksomheten og tjenester planlegges, utføres og vedlikeholdes i samsvar med allment aksepterte faglige normer og krav fastsatt i medhold av lov eller forskrift."
Kommunane har gjennom Nasjonal strategi for kvalitetsutvikling fått tida fram til 31.12.2000 til å få kvalitetssystem, deriblant IK-system, på plass. Kommunene må ha ein plan for korleis dette skal gjerast.
Avviket er basert på følgjande observasjonar:
- IK-system i kommunen er under arbeid, men plan for gjennomføring ligg ikkje føre.
Merknad 1
Uklår organisering av skolehelsetenesta.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Det var ikkje eintydig oppfatning om kven som hadde det medisinsk faglege og det administrative ansvar for skolehelsetenesta.
Område 2:
Undersøkjing og rettleiing.
Det vart ikkje funne avvik på dette området.
Merknad 2
- Lite eigna lokaler for skolehelsetenesta vanskeleggjer helseundersøkingar og individuell vegleiing.
- Det ligg ikkje føre skriftleg dokumentasjon på kva eller korleis skolehelsetenesta prioriterar for å nå måla for dei nasjonale innsatsområda.
Område 3:
Tiltak for utsette grupper.
Det var ikkje funne avvik eller peikt på merknader på dette området.
Område 4:
Helseovervaking
Det vart ikkje funne avvik eller peikt på merknader på dette området.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Johanne S. Bakken |
Leiande helsesøster |
X |
X |
X |
|
Ragnhild Hole |
Sjefsfysioterapeut |
X |
X |
X |
|
Jan Carsten Skjølberg |
Helse- og sosialsjef |
X |
X |
X |
|
Bente B.Blø |
Kommunelege/skolelege |
X |
X |
X |
|
Bergljot Vinjar |
Kommunelege |
X |
X |
X |
|
Ernst Kristiansen |
Rådmann |
X |
|
X |
|
Bjørn Stensjø |
Formannsskapssekretær |
X |
|
X |
|
Anne Husby |
Sjukepleiar/prosjekt |
X |
|
|
|
Toril Melheim Strand |
Skolekontoret |
X |
|
X |