Fylkeslegen i Møre og Romsdal
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
|
Adresse: |
6039 Sula |
|
Tidsrom for tilsynet: |
21. februar 2001 |
|
Kontaktperson i verksemda: |
Leiande helsesøster Anna Tollan |
|
Regelverk: |
- Lov om statlig tilsyn
- Lov om helsetjenesten i kommunene
- Forskrift om helsetjenester i skoler
|
INNHALD
Samandrag
1. Innleiing
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte områder og funn
6. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten omtaler påpeikte avvik og merknader innan dei reviderte områda. Systemrevisjonen omfatta følgjande område: 1. Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald), 2. Undersøkjing og rettleiing, 3. Tiltak for utsette grupper, 4. Helse- overvaking.
- Kommunen har etablert internkontrollsystem der skolehelsetenesta inngår
- Personalet er kjent med regelverk og faglege standarar
- Gode kartleggingar av helsetilstanden til barn og ungdom i regi av kommunen
- Vidaregåande skole har ikkje skolehelseteneste
- Lite egna skolehelsekontor i ungdomskolen
Ved revisjonen vart det konstatert 2 avvik. Det vart grunnlag for 3 merknader.
Dato: 8. mai 2001
|
Aslaug Solberg revisjonsleiar |
Einar Andersen revisor |
Karsten Vingen revisor |
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sula kommune, 21. februar 2001. Revisjonen inngår som ein del av fylkeslegens planlagde tilsynsverksemd.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera korleis verksemda tek i vare ulike myndigheitskrav ved hjelp av internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:
- aktivitetar vert utførde slik dei er framstilte skriftleg og muntleg
- verksemda når måla sine og driv verksemda innanfor rammene som styresmaktene har sett
- det vart spesielt lagt vekt på skolehelsetenesta i vidaregåande skole
Systemrevisjonen vart gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar av rutinar, prosedyrar, om instruksar blir følgde opp i praksis, og om dei fysiske forholda tilfredsstiller myndigheitskrava. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen.
- Avvik
er definert som mangel på oppfylling av krav som styresmaktene stiller.
- Merknad
er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav som styresmaktene har stilt, avdekkjer potensial for betring.
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
Ingen særlege tilhøve
3. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Kvalitetshandbok for legekontoret nivå 2
Utdelt under tilsynet:
- Kvalitetshandbok helsestasjon / skolehelsetenesta nivå 2
- Kvalitetshandbok nivå 1
- Årsmelding for helse og sosialsektoren, for kultur, næring- og miljøsektoren og utekontakten
- Skriv om "Samtak" tverrfagleg gruppe
- Notat tverrfagleg team ved Sula u-skule
- Annonse "helsesøster – 70% stilling"
- Distribusjonsliste kvalitetshandboka
- Prosedyre avvikshandtering
4. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn vart sendt ut 4. januar 2001
Formøte vart ikkje halde.
Opningsmøte vart halde 21. februar 2001
Intervju: Fem personar vart intervjua
Verifikasjon: Synfaring ved skolehelsekontoret
Sluttmøte vart halde 21. februar 2001
5. Reviderte områder og funn
Område 1:
Vanlege krav (planlegging, utføring, vedlikehald)
Avvik 1
- Det var ikkje eintydig oppfatning om kven som har det medisinsk faglege ansvaret for skolehelsetenesta
Avvik frå:
Forskriftens § 7 , første ledd, "Den lege som har det medisink-faglige ansvaret for helsetjenesten i kommunen skal ha det overordnede medisinske ansvar for kommunens skolehelsetjeneste."
Avviket er basert på følgjande observasjon:
- Det er ikkje eintydig oppfatning av organiseringa av tenesta.
- Det er uklårt kva for ansvar og oppgåver den einskilde helsearbeidar har i skolehelsetenesta. Organiseringa og det medisinsk faglege ansvar var ikkje avklara i kvalitetshandboka for skolearbeidet.
Merknad 1
Ny " Veileder for helsestasjon og skolehelsetjenesten" vert ikkje systematisk nytta i tenesta.
Merknaden er basert på følgjande observasjon:
- Veileder for helsestasjons og skolehelsetjenesten vert lagt til grunn for arbeidet.
- Det gjekk fram av intervjua at veileiaren berre delvis er tatt i bruk.
Område 2:
Undersøkjing og rettleiing.
Avvik 2
- Det er ikkje skolehelseteneste i vidaregåande skole
Avvik frå:
Forskrift om helsetjenester i skoler § 2 ,jf § 1:
§1 "Virkeområde - Forskriften gjelder forebyggende helsearbeid for barn og ungdom i skolealder som følger undervisning i skoler som omfattes av lov om videregående opplæring" §2 " Skoler som nevnt i § 1 skal ha en helsetjeneste i overenstemmelse med denne forskrift………."
Avviket er basert på følgjande observasjon:
- Det vert hevda at dette er ei bevisst handling frå kommunen si side p.g.a. ressurssituasjonen i skolehelsetenesta.
- I årsmeldingane frå skolehelsetenesta har kommunen vore orientert om at vidaregåande skole er utan helseteneste.
Merknad 2
- Uforsvarleg skolehelsekontor i ungdomskolen
- Ikkje eigne skolehelsekontor i barneskolane
- Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Helsesøster får tildelt ulike lokalitetar i barneskolane for helseundersøkjingar
- Helsekontoret i ungdomskolen er "lite triveleg" og manglar naudsynt utstyr. Vidare er kontoret sers lytt og det er uklårt om kontoret tilfredstill krav til teiing.
Område 3:
Tiltak for utsette grupper
Det vart ikkje funne avvik på dette området
Område 4:
Helseovervaking
Det vart ikkje funne avvik på dette området.
Merknad 3
Det er uklårt om skolehelsetenesta gir råd på ein systematisk måte til personalet i skolen når det gjeld tilrettelegging for kronisk sjuke og funksjonshemma barn og unge.
Merknaden er basert på følgjande observasjonar:
- Fysioterapeutressursar vert retta inn mot barn og ungdom.
- Det er ikkje dokumentert kva for rutinar skolehelsetenesta følgjer.
6. Deltakarar ved tilsynet
Oversikt over personer frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua.
|
Namn |
Stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
|
Anna Tollan |
Leiande helsesøster |
X |
X |
X |
|
Hans–Johan Breidablikk |
Kommunelege |
X |
X |
X |
|
Knut Selmer |
Kommunelege/skolelege |
X |
X |
X |
|
Gunnar Trones |
Ass. sektorsjef |
X |
X |
X |
|
Else E. Skavås |
Helsesøster |
X |
X |
X |
|
Synnøve Muri Olsen |
Jordmor |
X |
|
|
|
Dagrun Vassbotn |
Sekretær |
X |
|
X |
|
Bernt Westad |
Rådmann |
X |
|
|
Frå fylkeslegen deltok:
Rådgjevar Aslaug Solberg, revisjonsleiar
Underdir. Einar Andersen, revisor
Ass.fylkeslege Karsten Vingen, revisor