SPS-kronikk nr. 5 - 2006

ISSN 0809-7720

LITE NYTT OG LITE NYTTIG

Peder Haug, Professor i pedagogikk, Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning
    

Så er det slått fast på nytt at allmennlærarutdanninga ikkje er god nok. Den held ikkje mål. Det har ei gruppe fagfolk funne ut i ei evaluering i regi av NOKUT [1]. Rapportane som kom i slutten av september er både nyanserte og lågmælte. Resultata er likevel det minst spennande ved det evalueringsarbeidet som er gjort fordi dei er repetisjonar av utsegner om allmennlærarutdanninga som har vore kjende lenge. Enkelte av dei kan sporast tilbake til 1800-talet. Meir interessant er det å drøfte om høgre utdanning er tent med denne type evalueringar. Eit hovudspørsmål er om evalueringa gir dei innspel lærarutdanninga treng for å løyse alle dei utfordringane og ambisjonane det er forventningar om.

Peder Haug

Kvaliteten på det arbeidet dei sakkunnige har gjort gir i seg sjølv ikkje grunn til å reise kritikk. Spørsmålet er meir om det opplegget NOKUT har valt å legge til grunn har gitt dei sakkunnige vilkår for å gjere eit fagleg arbeid som utdanninga vil ha nytte av, skriv professor Peder Haug. [Foto: NTNU]

Evalueringsprosessen

Fleire forhold rundt denne evalueringa er interessante. Det var til dømes planar om djupneintervju av sentrale folk innan lærarutdanninga, dei vart ikkje gjennomførde. Leiaren av komiteen vart sparka i mai, etter sterke utspel i media. Ein ny vart innsett. Resultata av evalueringa skulle offentleggjerast på ein stor konferanse på Lillestrøm ein onsdag i september. Nesten alt av lærarutdanningsekspertise i landet skulle vere der. Så bestemte einkvan på særs kort varsel at det skulle skje fredagen før. Då var det få eller ingen frå lærarutdanninga som fekk vere med på å diskutere resultata på direkten i etermedia. Og så var det helg, og andre saker tok over.

Statsråden hadde få visjonar rundt lærarutdanninga i sin kommentar. Han la omtrent alt ansvaret for det svake resultatet på institusjonane som utdannar lærarar, medan rapporten peikar på at fleire av vanskane utdanninga strir med skuldast sentrale politiske vedtak, eller mangel på slike. Like etter at vurderinga låg føre offentleggjorde Utdanningsforbundet sitt policy-dokument om lærarutdanning. Det har vore under arbeid ei tid uavhengig av evalueringa. Det har heller ingen referanse til den, men interessant nok har dei likevel fått med dei fleste momenta som evalueringa har trekt fram.

Om å forstå allmennlærarutdanninga

Evalueringa er gjort etter eit mønster som er nytta i mange andre land. Institusjonane lagar sjølvvurderingar etter ein fastsett mal. Ei gruppe utvalde og godt kvalifiserte fagfolk med varierande bakgrunn set seg inn i materialet. Dei er på eit dagsbesøk på kvar institusjon der dei samtalar med grupper av tilsette og studentar. Med det som grunnlag utformar dei så både ei generell vurdering av den nasjonale tilstanden, og ei vurdering av kvar enkelt institusjon. (I varierande grad blir materialet supplert med statistikk, forskingsarbeid eller andre informasjonar.)

Kvaliteten på det arbeidet dei sakkunnige har gjort gir i seg sjølv ikkje grunn til å reise kritikk. Spørsmålet er meir om det opplegget NOKUT har valt å legge til grunn har gitt dei sakkunnige vilkår for å gjere eit fagleg arbeid som utdanninga vil ha nytte av.

 For det første er datagrunnlaget problematisk. Både reliabiliteten og validiteten til data som evalueringskomiteane samlar inn er usikre. Grunnen til vanskane er dei openberre strategiske interessene som ligg i institusjonane sine svar på evalueringsspørsmåla. Det er døme på at ein ved institusjonane ikkje berre har drøfta saka som er under vurdering, men også at ein nærast har avtala kva som skal og ikkje skal seiast og til og med kven som skal målbære ulike standpunkt. I ei tilsvarande svensk evaluering eg var med på, svara ein institusjon som om dei ingen problem hadde. Ein annan trekte fram svært mange vanskar, og ein verka ikkje vere interessert i saka under evaluering i det heile tatt.

Den neste grunnen til å vere kritisk til opplegget for evalueringa er at den informasjonen som kjem fram har liten forklaringskraft. Det tyder to ting:

Det eine momentet er at empirien ikkje gir eit godt grunnlag for inngåande analysar og forklaringar. Evalueringane går breitt ut, og studerer ei rekkje område som kvar for seg er store og innfløkte. Det er uråd å gå grundig inn i ein tematikk med så stor breidde som evalueringa legg opp til. På sitt beste gir data eit grunnlag for å beskrive tilstandar, i fleire høve har ein også vanskar med det.

Det andre momentet er at evalueringa sitt teoretiske grunnlag er svakt. Det er ingen nødvendig konsekvens av tilnærminga, men av oppdraget og av dei arbeidsvilkåra som gjeld for evalueringane. Det er ofte mange personar involverte og med ulike interesser som krev ei eller anna form for konsensusorientering. I den svenske evalueringa av lærarutdanninga frå 2005 var det til dømes i alt 20 personar i gruppa, og fire sekretærar. I den norske var det ni faglege medlemmer og fire sekretærar. I tillegg var det eit evalueringspanel på ti fagpersonar som assisterte komiteen.

Med eit relativt svakt grunnlag for forklaring og forståing, blir også utgangspunktet for opplyst handling lite. Det er beklageleg, fordi det lærarutdanninga treng meir enn noko nett no, er ikkje fleire forteljingar om at det står dårleg til, eller kor dårleg det står til. Det som trengst er analysar som kan gjere det mogleg å kome vidare. Slike analysar må gå grundig inn på å forklare tilstandane og bakgrunnen for dei skal dei ha verdi med tanke på endring. Evalueringa av allmennlærarutdanninga har i liten grad lukkast med det.

Etterlyser forsking som kan forklare evalueringsresultata

Det som kunne ha gitt innsikt i og forståing av kvalitetane ved lærarutdanninga er ei grundig og omfattande gransking med teoretiske ambisjonar og forklaringskraft som mål. Evalueringa kunne ha vore gjort med eit slikt formål, eller den kunne ha blitt følgt opp av frie prosjekt med slike formål. Det ville ha gitt eit grunnlag for å tolke og forstå allmennlærarutdanninga. Når det ikkje har skjedd vil det også vere nokså vanskeleg å ha lit til at dei råda som er gitt faktisk vil fungere. Eg skal gje berre eit par døme på det:

Det er krav om nærare samband teori og praksis. Påstanden om mangelen på samanheng føreset at det kan vere samanheng, eller at det er mogleg å skape ein slik samanheng. Allereie nokre av dei gamle grekarane meinte at dette er uråd, og at teori og praksis er to skilde verder, med ulik rasjonalitet. Den saka burde ha vore drøfta inngåande.

Ein annan påstand er kravet om klarare og strammare leiing av institusjonane. Allmennlærarutdaninga ei av dei utdanningane som er styrt strammast av alle yrkesutdanningar på dette nivået i heile landet. Gjennom nokså stramme statlege reguleringar, er mykje bestemt andre stader. Det har som ein mogleg konsekvens, at det reduserer det lokale engasjementet. Dette, kopla til at lærarutdanninga har vore med på i alt sju reformer på 12 år kan i seg sjølv forklare deler av det som går føre seg (tre nye læreplanar (1994, 1998, 2003), høgskulereforma (1994), kvalitetsreforma (2003) og to reformer i grunnskulen (1997 og 2006)). Kan hende er svaret at allmennlærarutdanninga bør bli mindre styrt i framtida?

To spørsmål

Erfaringane frå denne evalueringa bør gje grunnlag for å reise to spørsmål. Det eine er om høgare utdanning er tent med at NOKUT held fram med denne forma for evalueringar som har fokus på å karakterisere og ikkje forklare. Det andre er at om ikkje ein no bør bruke tid til å drøfte og analysere tilstanden i allmennlærarutdanninga vidare, i staden for som statsråden gav uttrykk for, at det hastar med å sette i verk tiltak.

[1] NOKUT: Evaluering av allmennlærerutdanningen i Norge 2006: Hovedrapport og Institusjonsrapporter.

    

Si din mening!

Leserkommentarer til artikkelen