Hjem / Aktuelt / Vedlegg / Kva type forskning bør få prioritet i Høgskolen

Kva type forskning bør få prioritet i Høgskolen

Sigurd Haga: Innlegg i Forskerforum nummer 1 2008:

Alle får bli universitet var overskrifta i artikkelen om Stjernø-utvalet i siste Forskerforum. Viss dette er svaret, kva var utgangs-spørsmåla? – var det dei faglege behova? – i høgskolens ulike utdanningskulturar? Og kva innebær det for dei praktiske profesjonsfaga å bli universitet?

Det refleksive tyngdepunktet. Den primære oppgåva for høgskolane har vore å utdanna gode profesjonsutøvarar. Nå er det forsking som har høgast status. I denne situasjonen er det lett å overta (det ein tar for gitt eller trur er) universitetets forskingsideal, utan debatt om skilnaden mellom dei to institusjonstypane. Og utan debatt om kunnskaps-, forskings- og vitskapssyn.

Fråværet av grunnleggande fagkritisk debatt, på profesjonsutdanningane sine premissar, kan føra til at høgskolen udrøfta overtek det hegemoniske forskingsomgrepet frå forskingsuniversitetet, om vi ikkje alt har gjort det. Det kan bli som å orientera seg i det faglege landskapet etter innlånte kart frå naboteigen.

Fagleg sjølvrefleksjon. Forsking og vitskap har høg status. Når spørsmålet er blitt: universitet eller høgskole? - blir debatten lett ein debatt om ressursar og strategiar, status og prestisje. Den faglege sjølvrefleksjonen får i slike debattar dårlege kår, og då blir det lett å oversjå det sjølvsagte, at: Det sentrale i forsking og vitskap er ikkje måling og rangering, det er tenking, det er refleksjon med tanke på forståing, og for dei praktiske faga også med tanke på handling og samhandling.

Kunnskaping og vitskaping dreier seg også om å arbeide for å få behova bevisst-gjorte og få oppgåver og utfordringar til å bli synlege og handterbare. Til dette kunne vi, særleg ved høgskolane, trenge ein tredje positivisme-debatt; for å utvide vår viten om fag og vitskap, for å betre å kunne ta i bruk våre erfaringar, kunnskapar og vår innsikt, for betre kunne sjå det vi gjer i ein samfunnsmessig og verdimessig samanhang.

Lokal kunnskapsutvikling. Arbeidet med å utdjupe og klargjere, å kunne bidra med reflekterte praktiske tilnærmings- og arbeidsmåtar, så vel som med begrep og tenkemåtar, høyrer med til det å vera fagleg. Fagkritisk refleksjon er ikkje noko som kjem i tillegg til faget, det er ein del av den faglege verksemda, det er ein del av lærar-handtverket. Slike kvalifikasjonar er nødvendige for alle som har det studentnære, konkrete organiserings- og undervisingsansvaret som si primæroppgåve. Opparbeiding av slike kvalifikasjonar krev innafrå-forståing og bør kunne utviklast av innafrå-forsking. (jf. Utdannings- og undervisingskunsten – i akademiseringas og marknadstilpassingas epoke. Oplandske bokforlag 2007).

Kunnskap i bruk. Kunnskap i bruk er det omgrep filosofen, vitskapsteoretikaren og profesjonsutdannaren John Lundstøl har tatt i bruk for å forstå utfordringane for dei praktiske, handlingsretta utdanningane. (Kunnskapens hemmeligheter. Cappelen Akademiske forlag 1999). Omgrepet kunnskap i bruk opnar for nytenking og nyskaping. I den universitetsdrifta vi nå er inne i, og utan ein grunnleggande debatt ut frå utdanningane sine verdiar og behov, og utan debatt om kva vi vil med forskinga i dei ulike institusjonstypane, kan universitetsstrevet - kampen om ressursar, status og institusjonsmodell - skyva debatten om profesjonsutdanningane sin eigenart i bakgrunnen.

Ulike forskings- og vitskapssyn finst. Dersom situasjonen og forståinga var slik at den praktiske kunnskapstradisjonen og den teoretiske kunnskapstradisjonen var aksepterte som likeverdige, ville val av institusjonskategori vore lite problematisk. Slik er ikkje stoda i dag. Derfor treng vi å institusjonalisere ordningar som bygger opp om primærpersonane og lærarkollektivet, ordningar som sikrar fagutviklinga for dei som har det konkrete opplæringsansvaret. Dette ansvaret er i dei siste tiåra er blitt flytta stadig lengre bort frå utdanningane. I dag er det t.d. mange som meiner at utanfråforsking av typen PISA frå OECD har større innverknad på fagutviklinga enn dei som har fått i oppgåve å ivarta utdanningane sitt samfunnsgitte mandat. Universitetsdebatten om tellekantsystemet tyder på at dei to institusjonstypane ”er i same båt”.

Integrert profesjonsutdanningsforsking. I denne situasjonen meiner eg er både klokt og nødvendig å flytta det refleksive tyngdepunktet i høgskolen attende til utdanningane, til primærpersonane, til den fagkulturen og den arena der hovudansvaret for det konkrete læringsarbeidet er plassert. Det er der, i læringskollektivet, at utdannings- og daningskvalifikasjonane blir oppøvde og utøvde. Der høyrer også det konkrete arbeidet med fagutvikling heime, og derfor bør høgskolen satsa på innanfrå-forsking. På den måten kan vi ivareta både profesjonsutdanningane sitt samfunnsgitte mandat og relevant fagleg-personleg kvalitetsutvikling -- og samstundes hindra utviklinga av eit A og eit B-lag i personalet. - Og så kan vi overlata (det meste av) utanfråforskinga til dei institusjonane som har dette som si hovudoppgåve.