|
Helsestasjon
Sidan 2005 har vi hatt Helsestasjon for studentar ved Høgskulen i Volda. Tenesta er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Volda kommune ved Helsestasjonen, Studentsamskipnaden for Sunnmøre og høgskulen. Mål: Auka kunnskap om seksuelt overførbare sjukdomar og bruk av prevensjon i målgruppa. Du kan også få informasjon og rettleiing i forhold til kropp, seksualitet og prevensjon.
Frå studiestart i august vil helsesøster/jordmor vere tilstades kvar måndag i Lettbygget ved Høgskulen. Annankvar fredag vil lege vere tilstades frå kl 12.00 – 15.00. (Finn Lettbygget på kartet)
Du får tilbod om:
- Testing for klamydia
- Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
- Utdeling av gratis kondomar
- Hjelp til å bestille time hos fastlege (ordne med fastlege)
- Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
Fastlege i Volda - ny ordning frå 1. januar 2007
Volda er vertskommunen din medan du er student i Volda, og legesenteret kan tilby fastlege også til studentane. I Volda er allmennlegetenesta samla i eit legesenter med åtte faste legar (to kvinner). Alle har rett på akutt legehjelp i Volda kommune, men alt som ikkje er akutt, t.d. blodprøvetaking og reseptskriving skal gjerast der. Om du ikkje har fastlege i Volda, vil du ikkje ha rett på anna enn akutt legehjelp her. Ver merksam på at det er ventetid på time for ikkje akutt sjukdom (for tida 1-6 veker).
Har studentar behov for lege?
Vi har røynsle for at også friske vanlege ungdommar søker lege både for akutte sjukdommar og av rutineprega grunnar. Døme på det siste er for prevensjon, reseptar for p-piller, oppfølging av kontrollar etter akutt sjukdom (urinvegs- og luftvegsinfeksjonar) osb.
Men eg har lege på heimstaden!
Du treng ikkje melde flytting for å få fastlege i Volda. Dersom du seinare ynskjer å velje tilbake til den legen du hadde før du flytta hit, har du rett til slikt bytte innan 3 år.
Korleis bytte?
Du kan skifte fastlege på internett www.nav.no eller ringe fastlegetelefonen 810 59 500. Ta eventuelt kontakt med tidlegare lege for å be om overføring av journal til Volda. Adressa til legesenteret: Volda legesenter, Postboks 253, 6101 Volda.
|