Utvekslingsprogram



Utvekslingsavtalar

HVO har ei rekke utvekslingsavtalar med utanlandske utdanningsinstitusjonar. Fleire av desse er bilaterale avtaler, medan andre er organiserte gjennom program som Nordplus og Erasmus/Life Long Learning Programme. 

Sokrates og Nordplus er program som dekker Europa og Norden. Sokrates er EUs nye handlingsprogram for kontakt og samarbeid mellom europeiske utdannings-institusjonar. Noreg deltek som ein del av EØS- avtalen.  Sokrates gir ikkje høve til å ta heile studie eller gradar i utlandet, men gjeld studieopphold på tre til tolv månadar som skal gå inn som ein del av norsk utdanning. Du kan få eit ERASMUS - stipend fra HVO dersom du vel å dra til ein av samarbeidspartnarane. Du får også fritak for studieavgift ved den europeiske vertsinstitusjonen

Nordplus er eit mobilitets- og samarbeidsprogram for studentar og lærarar ved høgre utdanningsinstitusjonar i Norden. Lik Sokrates er Nordplus ei stipendordning for nordiske studentar.  Som Nordplus - student vil du motta eit stipend og eit reisetilskot, men dette er ikkje tilstrekkelig for å finansiere opphaldet,  og du må ta opp vanleg studielån.

På dei neste sidene finn du meir informasjon om dei ulike utvekslingsprogramma.