Høgskulen i Volda sitt ansvar for studiekvalitet byggjer på Studiekvalitetsutvalet[1] (”Handalutvalet”) sin definisjon av studiekvalitet, som omfattar fire hovudelement: inntakskvalitet (forkunnskapar og andre føresetnadar hos studentane), rammekvalitet (ressursar, strukturar, organisering, reglar m.m.), programkvalitet (faktorar knytte til undervisninga, studietilboda, kunnskapskontrollen) og resultatkvalitet (studentane sine prestasjonar, læringsutbyttet, kandidatane sin suksess på arbeidsmarknaden).
HVO har valt å konsentrere seg om kvalitetsarbeid knytt til følgjande hovudtema:
· Mål for kvalitetsarbeidet
· Organisering, ansvar og medverknad
· Evalueringstiltak knytte til dei fire hovudelementa i kvalitetssystemet
· Systematisk innhenting og bruk av informasjon og andre data som gir kunnskap om hovudelementa ved studiekvaliteten
[1] Studiekvalitet. Innstilling frå Studiekvalitetsutvalet gitt til Utdannings- og forskingsdepartementet 9. juni 1990.
Revidert versjon av kvalitetssystemet vart vedteken av høgskulestyret 7. juni 2007.
Her kan du laste ned heile dokumentet og lese i wordformat