Læringsmiljøutvalet ved HVO |
 |
GENERELT OM LÆRINGSMILJØ/LÆRINGSMILJØUTVALET
Etter UH-lova § 44 er alle universitet og høgskular pålagde å opprette eit læringsmiljøutval. Styret for Høgskulen i Volda nemnde opp medlemmer og varamedlemmer til utvalet i møte 29. oktober 2002, sak 53/2002, men av ulike grunnar vart ikkje utvalet konstituert før 9. februar 2004.
LMU ved Høgskulen i Volda har seks medlemmer: tre representantar for dei tilsette og tre student-representantar. Det er nemnt opp varamedlemmer. Studentsamskipnaden for Sunnmøre har f.o.m. 2. desember 2004 observatørstatus i utvalet.
Styret har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Læringsmiljøutvalet rapporterer direkte til styret. LMU skal sjå til at institusjonen sikrar studentane kontroll og medråderett i saker som vedkjem læringsmiljøet, vere eit viktig organ for å skaffe informasjon til styret og eit proaktivt organ (ein pådrivar) i læringsmiljøsaker.
Arbeidsfordelinga mellom Læringsmiljøutvalet, andre sentrale utval og aktørar innanfor læringsmiljø vil bli avklara så snart som råd.
|