![]() |
Kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar er ein sentral del i gjennomføringa av Kunnskapsløftet, regjeringa si nye reform for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD) har sett av 300 millionar kroner til dette formålet i 2005. Høgskulen i Volda ynskjer å vere ein sentral samarbeidspartnar for skulane når Kunnskapapsløftet skal gjennomførast (2005 – 2008). Oppgåva for universitet og høgskolar
Samarbeid og dialog HVO byggjer på erfaringar frå tidlegare reformprosessar i norsk skule i vår tilnærming til Kunnskapsløftet. Vår eigen professor Peder Haug oppsummerer i ein artikkel ”Når skulen skal bli betre” kva som nyttar når skulen skal endrast og utviklast . Haug vektlegg tre føresetnader for å lukkast; sørge for nødvendig kompetanse, innsikt i eiga verksemd og å utvikle ein kultur for kontinuerleg læring ved den enkelte institusjonen. Ut frå dette blir det så sett i gang ei rekkje tiltak der leiaropplæring, reformrelatert kompetanseutvikling og vidareutdanning er hovudoverskriftene.
”Det vil vere ein stor fordel om vi kan komme i dialog med skuleeigarar, slik at høgskulen kan komme på bana med sin kompetanse og legge til rette for kurs eller vidareutdanning. I ein god dialog ligg det potensiale for utvikling av prosjekt som kombinerer skuleutvikling og forskning, seier prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Høgskulen i Volda.
Oddbjørn Nes Kontoret for etter- og vidareutdanning Telefon: 70 07 50 55
|